Studieprogram: BASV-JOURN Bachelorprogram i journalistikk - Høst 2017




Namn på grad

Bachelorprogrammet i journalistikk fører fram til graden bachelor i journalistikk. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i journalistikk er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

I eit moderne mediesamfunn skal ein uavhengig journalistikk bringe fram maktkritisk informasjon og bidra til at samfunnsborgarar kan delta aktivt i samfunnslivet. Dette journalistikkstudiet har som mål å setje studentane i stand til å innfri slike krav i sitt yrkesliv. Det skal gi grunnlag for ein sjølvreflekterande, kritisk og genrebevisst journalistikk. Studiet rettar seg inn mot den pågåande digitaliseringa og konvergensen på mediefeltet, og er følgjelig tverrmedialt innretta mot så vel audiovisuelle medier som nettmedier ved sidan av dei trykte mediene. Dette kjem til uttrykk i ulike typar samarbeid med instituttet sitt bachelorprogram i film/tv og nye medier. Dei utfordringane digitalisering og konvergens fører med seg både for journalistrolla og mediene sitt samfunnsoppdrag, blir også tematisert i studiet. Generelt vil studiet vere prega av at det skjer i samband med mangfaldig, aktiv forsking på journalistikk, medier, kultur og informasjonsteknologi. Som universitetsstudium vil det dessutan gi ei fagleg forankring utover det spesifikt medie- og journalistfaglege, gjennom valfrie emne, primært ved SV- og HF-fakultetet.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

 

Dugleikar

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.

 

 

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i journalistikk er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster

Ein legg opp til semester med både produksjonsretta og teoretiske modular.

 

 

Delstudium i utlandet

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, workshops, rettleiing og teknisk opplæring.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og emneoppgåver, samt produksjonar og produksjonsanalysar.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som en bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i medievitskap og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i journalistikk vil kvalifisere for ei lang rekke journalistiske og mediefaglege yrkesoppgåver i alle typar medier. Studiet vil også kvalifisere for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentleg sektor. Utdanninga er spesielt tilpassa dagens store teknologiske endringar og utfordringar.

Administrativt ansvarleg

post@infomedia.uib.no

Mål og innhald

I eit moderne mediesamfunn skal ein uavhengig journalistikk bringe fram maktkritisk informasjon og bidra til at samfunnsborgarar kan delta aktivt i samfunnslivet. Dette journalistikkstudiet har som mål å setje studentane i stand til å innfri slike krav i sitt yrkesliv. Det skal gi grunnlag for ein sjølvreflekterande, kritisk og genrebevisst journalistikk. Studiet rettar seg inn mot den pågåande digitaliseringa og konvergensen på mediefeltet, og er følgjelig tverrmedialt innretta mot så vel audiovisuelle medier som nettmedier ved sidan av dei trykte mediene. Dette kjem til uttrykk i ulike typar samarbeid med instituttet sitt bachelorprogram i film/tv og nye medier. Dei utfordringane digitalisering og konvergens fører med seg både for journalistrolla og mediene sitt samfunnsoppdrag, blir også tematisert i studiet. Generelt vil studiet vere prega av at det skjer i samband med mangfaldig, aktiv forsking på journalistikk, medier, kultur og informasjonsteknologi. Som universitetsstudium vil det dessutan gi ei fagleg forankring utover det spesifikt medie- og journalistfaglege, gjennom valfrie emne, primært ved SV- og HF-fakultetet.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Se http://www.svf.uib.no/svfa/journalistikk%20nynorsk%202005.doc

for informasjon for deg med praksis fra avis o.l.

Undervisning

GJENNOMFØRING AV STUDIET

Bachelorprogrammet i journalistikk er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster

o inntil 1 semester (30 studiepoeng) med innføringsemne inkl. Ex.phil.

o 3 semester (90 studiepoeng) med spesialisering i medie- og journalistikkfaglege emne på 100- og 200-nivå.

o 2 semester (60 studiepoeng) med valfrie emne.

Ein legg opp til semester med både produksjonsretta og teoretiske modular.

I det første semesteret gjennomfører studentane eit obligatorisk introduksjonskurs MEVI107 Journalistrolla. Ein introduksjon. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg følgjer studentane MEVI100 Introduksjon til medier og kommunikasjon (10 stp.). Studentane tek også Ex.phil (10 stp.).

I det andre semesteret følgjer studentane MEVI154 Nyheitsproduksjon (10 studiepoeng). Kurset er eit samarbeid med bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon (MEVI171 Nye medier: produksjon og analyse) og vert avslutta med ein felles produksjonsperiode. I det same semesteret tek studentane eit 5-studiepoengs praktisk retta kurs (MEVI162 Teknisk grunnkurs journalistikk), samt eit kurs som gir teoretiske kunnskapar om og praktisk erfaring med reportasjejournalistikk - MEVI165 Reportasjejournalistikk (15 stp.).

Det tredje semesteret er delt mellom tre 10 studiepoengs kurs: Det praktisk retta kurset MEVI166 Portrett og dokumentar. Dette er en 10 stp-variant av emnet MEVI153 Manuskript og medier, og ein tek det saman med studentar ved bachelorprogramma i film- og tv-produksjon og nye medier. I tillegg tek studentane to spesifikt journalistikkfaglege kurs MEVI164 Journalistiske metodar og MEVI163 Journalistisk etikk.

Det fjerde og femte semesteret er sett av til 60 studiepoeng med valfrie emne. Her rår ein studentane til å ta anten fordjuping i medie- og informasjonsvitskaplege emne, eller års- og halvårseiningar som ein kan ta ved andre institutt innanfor ulike fagretningar (sjå eksempel nedanfor). Studentar som skal ta delstudium i utlandet, bør gjere det i dette semesteret.

Det sjette semesteret blir brukt til produksjon og arbeid med bacheloroppgåva (15 stp.) som inkluderer praktisk og teoretisk arbeid. I tillegg gjennomfører alle studentane ein praksisperiode i ei medie- eller informasjonsverksemd under rettleiing (MEVI261). Kurset er normert til 15 studiepoeng.

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i journalistikk vil kvalifisere for ei lang rekke journalistiske og mediefaglege yrkesoppgåver i alle typar medier. Studiet vil også kvalifisere for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentleg sektor. Utdanninga er spesielt tilpassa dagens store teknologiske endringar og utfordringar.

Delstudium i utlandet

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

I bachelorprogrammet i journalistikk vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagd utanlandsopphald som blir integrert i graden.