Studieprogram: BASV-NYMED Bachelorprogram i nye medier - Vår 2017

Namn på grad

Bachelorprogrammet i nye medier fører fram til graden bachelor i nye medier. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i nye medier er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

Ein legg opp til eit studium som har både produksjonsretta og teoretiske modular.

I det første semesteret gjennomfører studentane eit obligatorisk, felles introduksjonskurs i film, tv og nye medier (MEVI106) saman med studentane ved bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg tek studentane introduksjonskurs på institutt- og fakultetsnivå: INFO100 (10 stp) og Ex.phil (10 stp).

I det andre semesteret tek studentane tre kurs: Eit i formelle metodar (INFO102 Formelle metodar i informasjonsvitskap), som gir 5 studiepoeng og eit 10-poengs kurs i programmering (INFO132 Grunnkurs i programmering). Vidare tek dei MEVI171 Nye medier: produksjon og analyse saman med studentane ved bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon.

I det tredje semesteret følgjer studentane MEVI153 Manuskript og medier (15 studiepoeng), INFO122 Databasehandtering (10 studiepoeng) og INFO123 Utvalte emne i databasehandtering (5 studiepoeng).

I det fjerde semesteret gjennomfører studentane to obligatoriske 15 studiepoengs kurs, INFO221 Multimediehandtering og INFO261 Interaksjonsdesign.

I det femte semesteret kan studentane fritt velje ei spesialisering tilsvarande til saman 30 studiepoeng. Studentar som skal ta delstudium i utlandet, bør gjere det i dette semesteret.

Det sjette semesteret arbeider studentane med ei bacheloroppgåve (30 studiepoeng). Oppgåva rommar både praktisk og teoretisk arbeid.

Tilleggsopplysningar

PRODUKSJONSRETTAR

For alle produksjonar laga som ledd i utdanninga, eller som er laga heilt eller delvis med utstyr som tilhøyrer Universitetet i Bergen, gjeld følgjande:

a) Studentane har opphavsretten til produksjonane, og dei har rett til fritt å nytte desse i ikkje-kommersielle føremål.

b) Universitetet i Bergen står som ansvarleg produsent av alle produksjonar, og har såleis alle økonomiske rettar til produksjonane.

c) Distribusjon av produksjonar, samt fordeling av eventuelle inntekter, skjer etter reglar som blir nærmare fastsette av Institutt for informasjons- og medievitskap.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teknisk kompetent og teoretisk reflektert design av digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar og blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i informasjonsvitskap, film/tv og journalistikk.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Dugleikar

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i nye medier er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

30 studiepoeng med innføringsemne, inkludert Ex.phil.

90 studiepoeng med spesialisering i informasjons- og medievitskapelege emne samt direkte produksjonsorienterte emne på 100- og 200-nivå

30 studiepoeng innan ei valfri spesialisering anten i informasjons- eller medievitskap.

30 studiepoeng til avsluttande produksjonar (bacheloroppgåve)

Studiet har både produksjonsretta og teoretiske modular.

I det første semesteret tek studentane eit introduksjonskurs i film, tv, journalistikk og nye medier (INFOMEVI106) saman med studentane i journalistikk og film- og tv. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg tek studentane INFO132 Grunnkurs i programmering og Ex.phil (10 stp).

I det andre semesteret tek studentane følgjande kurs: INFO134 Klientprogrammering (10 stp) og INFO103 Informasjon og kunnskap (5 stp) saman med informasjonsvitskap, pluss http://www.uib.no/emne/INFOMEVI171INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse (15 stp.) saman med studentane ved bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon.

I det tredje semesteret følgjer studentane også tre kurs, kvar på 10 studiepoeng: INFO115 Den sosiale veven, INFO116 Semantiske teknologier, INFO125 Datahandtering. Desse kursa vert tatt saman med studentar frå informasjonsvitskap.

I det fjerde semesteret tek studentane to kurs med stor vekt på praktiske øvingar: INFO262 Interaksjonsdesign (10 sp) er felles med informasjonsvitskap, medan INFOMEVI173 Journalistiske mobilapplikasjonar (10 sp) er eit eige fordjupningskurs for nye medier-studentane. I tillegg tar studentane INFO110 Informasjonssystem (10 sp).

I det femte semesteret kan studentane fritt velje 30 studiepoeng. Studentar som skal ta delstudium i utlandet, bør gjere det i dette semesteret. Studentar som blir i Bergen vert rådd til å ta MEVI167 Etikk, metode og opphavsrett og MEVI224 Media Technology and Society. Studentar som planlegg å ta master i medievitskap gjeld spesifikke krav, sjå under "Kompetanse for vidare studiar".

I sjette semester arbeider studentane med si bacheloroppgåve (INFOMEVI270 - 30 studiepoeng). Fyrst har studentane praksis hjå ei verksemd, og deretter utviklar dei eit mediedesign i gruppesamarbeid. Ein fullt fungerande prototype skal leverast inn, saman med ein produksjonsrapport.

Delstudium i utlandet

Dersom studentar ønskjer å ta delstudium i utlandet, rår vi dei til å gjere det i det femte semesteret.

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom dei nordiske universiteta og universiteta i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universiteta. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, workshops, rettleiing og teknisk opplæring.

Den pedagogiske utforminga av dei ulike kursa vil vere avhengig av ressurssituasjonen ved instituttet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og emneoppgåver, samt produksjonar og produksjonsanalysar.

Studiekrav og/eller eksamensformer på studieprogrammet og/eller på enkeltkurs kan bli endra som følgje av vedtak i fakultetsstyret og/eller gjennom forsøksordningar med dispensasjon frå det gjeldande reglementet.

PRODUKSJONSRETTAR

For alle produksjonar laga som ledd i utdanninga, eller som er laga heilt eller delvis med utstyr som tilhøyrer Universitetet i Bergen, gjeld følgjande:

Studentane har opphavsretten til produksjonane, og dei har rett til fritt å nytte desse i ikkje-kommersielle føremål.

Universitetet i Bergen står som ansvarleg produsent av alle produksjonar, og har såleis alle økonomiske rettar til produksjonane.

Distribusjon av produksjonar, samt fordeling av eventuelle inntekter, skjer etter reglar som blir nærmare fastsette av Institutt for informasjons- og medievitskap.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller

Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i informasjonsvitskap eller i medievitskap og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

FOR OPPTAK TIL MASTERSTUDIET I INFORMASJONSVITSKAP:

I opptaksgrunnlaget for søknad til masterstudiet i informasjonsvitskap inngår følgjande emne:

INFO103 Informasjon og kunnskap

INFO110 Informasjonssystem

INFO132 Grunnkurs i programmering

INFO134 Klientprogrammering

INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse

INFO115 The Social Web

INFO116 Semantic Technologies

INFO125 Datahåndtering

INFO262 Interaction Design

INFOMEVI270 Bacheloroppgåve i nye medier

FOR OPPTAK TIL MASTERSTUDIET I MEDIEVITSKAP:

I opptaksgrunnlaget for søknad til masterstudiet i medievitskap inngår følgjande emne:

INFOMEVI171 Nye medier: produksjon og analyse

INFOMEVI270 Bacheloroppgåve i nye medier

INFOMEVI173 Journalistisk mobilapplikasjon

Studentane må også i den valfrie delen av studiet ta 30 studiepoeng i medievitskaplege emne.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorstudiet i nye medier kvalifiserer studentane til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentlig sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Samarbeidet med informasjonsvitskap, film/tv og journalistikk bidrar også til å sikre at studentane er godt førebudde på varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver.

Administrativt ansvarleg

post@infomedia.uib.no

Mål og innhald

Bachelorstudiet i nye medier skal kvalifisere for teoretisk reflektert, praktisk, skapande formidlingsverksemd ved hjelp av nye digitale, nettverksbaserte medier. Studiet kombinerer teoretiske, analytiske og praktiske element frå medie- og informasjonsvitskap med nye, tverrfaglege komponentar og blir gjennomført i nært samarbeid med bachelorprogramma i film/tv og journalistikk.

Krav til forkunnskapar

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Undervisning

Bachelorprogrammet i nye medier er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

Ein legg opp til eit studium som har både produksjonsretta og teoretiske modular.

I det første semesteret gjennomfører studentane eit obligatorisk, felles introduksjonskurs i film, tv og nye medier (MEVI106) saman med studentane ved bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon. Kurset gir 10 studiepoeng. I tillegg tek studentane introduksjonskurs på institutt- og fakultetsnivå: INFO100 (10 stp) og Ex.phil (10 stp).

I det andre semesteret tek studentane fire kurs: Eit i formelle metodar (INFO102 Formelle metodar i informasjonsvitskap), som gir 5 studiepoeng og eit 10-poengs kurs i programmering (INFO132 Grunnkurs i programmering). Vidare tek dei to praktisk retta kurs: Eit teknisk kurs i (MEVI172 Teknisk grunnkurs nye medier), som gir 5 studiepoeng, og der studentane får høve til å spesialisera seg i ulike felt/arbeidsoppgåver innan nye medier, samt eit 10-poengs kurs (MEVI171 Nye medier: produksjon og analyse) som ein tek saman med studentane ved bachelorprogrammet i film- og tv-produksjon, i samarbeid med emnet MEVI154 Nyheitsjournalistikk ved bachelorprogrammet i journalistikk.

I det tredje semesteret følgjer studentane MEVI153 Manuskript og medier (15 studiepoeng), INFO122 Databasehandtering (10 studiepoeng) og INFO123 Utvalte emne i databasehandtering (5 studiepoeng).

I det fjerde semesteret gjennomfører studentane to obligatoriske 15 studiepoengs kurs, INFO221 Multimediehandtering og INFO261 Interaksjonsdesign.

I det femte semesteret kan studentane fritt velje ei spesialisering tilsvarande til saman 30 studiepoeng. Studentar som skal ta delstudium i utlandet, bør gjere det i dette semesteret.

Det sjette semesteret arbeider studentane med ei bacheloroppgåve (30 studiepoeng). Oppgåva rommar både praktisk og teoretisk arbeid.

Studiegang

1. semesterMEVI106 Introduksjon til film, tv og nye medier (10 stp)INFO100 Grunnkurs i informasjonsvitskap (10 stp) Ex.phil. (10 stp)

2. semesterMEVI172 Teknisk grunnkurs nye medier (5 stp)MEVI171 Nye medier: produksjon og analyse (10 stp)INFO102 Formelle metodar i informasjonsvitskap (5 stp)INFO132 Grunnkurs i programmering (10 stp)

3. semesterMEVI153 Manuskript og medier (15 stp)INFO122 Databasehandtering (10 stp)INFO123 Utvalte emne i databasehandter (5 stp)

4. semesterINFO261 Interaksjonsdesign (15 sp)INFO221 Multimediehandtering (15 stp) 5. semesterValfritt/delstudium utanlandsValfritt/delstudium utanlands

6. semesterMEVI270 Bacheloroppgåve i nye medier (30 stp)

Tilleggsopplysningar

Yrkesvegar

Bachelorstudiet i nye medier kvalifiserer studentane til sjølvstendig arbeid med formidling og kommunikasjon ved hjelp av digitale, nettverksbaserte medier i både privat og offentlig sektor, frå kommersielle medier til museumssektoren, frå målretta problemløysing til kunstnarisk verksemd. Samarbeidet med dei praktisk orienterte studia i film/tv og journalistikk bidrar også til å sikre at studentane er godt førebudde på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver.

Delstudium i utlandet

Dersom studentar ønskjer å ta delstudium i utlandet, rår vi dei til å gjere det i det femte semesteret.

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom dei nordiske universiteta og universiteta i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universiteta. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

I bachelorprogrammet i nye medier vel vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i graden.

Reglement