Studieprogram: BASV-UTVIK Bachelorprogram i utviklingsstudier - Høst 2017




Namn på grad

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar fører fram til graden bachelor i utviklingsstudiar. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

For å få ein grad i utviklingsstudiar må du spesialisere deg i eitt av faga administrasjon og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi eller sosialantropologi . Spesialiseringa du vel gir opptaksgrunnlag til masterstudium i faget.

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar har som føremål å gi ei forskingsbasert og fleirfagleg innføring i levevilkår og maktutøving i ulike samfunn, og globale prosessar i samband med multilateral og bilateral bistand. Ulike samfunnsvitskaplege perspektiv og tilnærmingar vert kombinerte. Eit hovudmål med studieprogrammet er å få fram variasjonane mellom samfunn, inkludert lokale, sosiale og kulturelle tilhøve og maktrelasjonar på lokale, nasjonale og globale nivå. Eit anna hovudmål er å kaste lys over både dei kreative og produktive og dei marginaliserande og undertrykkjande prosessane i ulike land og statar. Bachelorprogrammet førebur for ein lærar- eller forskarkarriere, for arbeid i internasjonale bistandsorganisasjonar, og for arbeid i ulike bedrifter og organisasjonar.

Utviklingsrelatert forsking er eit hovudsatsingsområde for Universitetet i Bergen. Studieprogrammet gir undervisning forankra i forsking ved institutta: administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, sosialantropologi og økonomi. Studenten får ei fleirfagleg forståing av sosiale og kulturelle tilhøve, lokale konsekvensar av globale prosessar, forvaltning av naturressursar, fattigdom, politisk og økonomisk makt, og andre relevante felt med utgangspunkt i universitetet si pågåande forsking i ulike deler av verda. I løpet av studiet får studentane tilbod om eit utanlandsopphald ved eit universitet i sør. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar inkluderer ei fagleg fordjuping i eit av dei medverkande faga, noko som gir grunnlag for masterstudiar i det valde fordjupingsfaget.

Utviklingsstudiet fokuserer på problemstillingar som har samband med sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske endringsprosessar. Dei som underviser på studieprogrammet er erfarne utviklingsforskarar frå områda geografi, sosialantropologi, statsvitskap (administrasjon og organisasjonsvitskap) og økonomi. Det er eit mål at du heilt frå starten av skal bli engasjert i tverrfaglege spørsmål i aktuell forsking, og at du stiller deg open til dialogar mellom dei ulike faglege perspektiva. For å styrkje dette engasjementet gir studiet høve til eit studieopphald ved eit universitet i sør. I løpet av studiet er du mellom anna innom emne som omhandlar:

I dei to første semestra av programmet i utviklingsstudiar følgjer du eit felles opplegg. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar skal innehalde 20 studiepoeng med innføringsemne medrekna Ex.phil., samt fire emne frå dei medverkande faga; administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi og sosialantropologi (samla 1 års studium). Vidare må du ta tre semester med spesialisering innan eitt av dei fire medverkande faga. I det femte semesteret blir det gitt tilbod om eit utanlandsopphald ved eit universitet i Asia, Afrika eller Sør-Amerika. For deg som ikkje ønskjer å gjennomføre eit opphald i utviklingsland, blir det gitt tilbod om enda eit semester med undervisning, anten i emne frå dei medverkande faga, eller i relevante emne frå andre fag ved universitetet. I det siste semesteret skal du skrive ei bacheloroppgåve. Bacheloressayet har ein særeigen plass i studieprogrammet. Essayet inngår i den faglege spesialiseringa di, men skal fokusere på utviklingsrelaterte tema med bakgrunn i dine eigne erfaringar frå utanlandsopphaldet.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

 

Kunnskap

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

 

Spesialisering

Sosialantropologi
Spesialisering i sosialantropologi skal ha gitt kandidaten grunnleggande kunnskap om teori, faghistorie, empiriske felt og geografiske regionar, samt antropologiske perspektiv på utviklingsproblematikk. Faget presenterer holistiske og praksisorienterte perspektiv på tematikkar knytt til global utviklings- og maktforhold.

Samfunnsøkonomi
Med spesialisering i samfunnsøkonomi skal kandidaten ha tileigna seg elementær kunnskap om analytiske og empiriske metodar i økonomi. Dette inneber at kandidaten kan forstå forskingslitteratur innan økonomi og formidle disse både munnleg og skriftleg.

Administrasjon og organisasjonsvitskap
Med administrasjon og organisasjonsvitskap som spesialisering skal kandidaten ha tileigna seg grunnkunnskapar, faktisk, metodisk og teoretisk i statsvitskap og kjenne til sentrale utviklingsteoretiske bidrag i faget. Faget er særleg oppteke av korleis politikkens organisering påverkar folks levekår og ulike samfunns relasjonar til andre og til globale utviklings- og maktforhold.

Geografi
Med geografi som spesialisering skal kandidaten ha tileigna seg grunnkunnskapar om analytiske og empiriske metodar i geografi-faget, og sentrale utviklingsteoretiske bidrag faget har utvikla med fokus på forholdet mellom natur og samfunn. Han/ho skal kunne forstå forskingslitteratur og formidle disse både munnleg og skriftleg.

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Ex.phil., GLOB101, ECON115, GEO131, AORG106 og SANT220

Obligatoriske emne

Bacheloressayet har ein særeigen plass i studieprogrammet. Essayet inngår i den faglege spesialiseringa di, men skal fokusera på utviklingsrelaterte tema, med bakgrunn i dine eigne erfaringar frå utanlandsopphald.

Rekkefølgje for emne i studiet

Delstudium i utlandet

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar legg opp til eit studieopphald på eit semester ved eit universitet i Afrika, Asia eller Sør-Amerika. Opphaldet er meint som ein moglegheit for studentane til å ta utviklingsrelaterte emne ved ein annan institusjon, samt få erfaring med samfunn og utdanning i eit land i sør.

Delstudiet inngår som ein integrert del av bachelorprogrammet. Det blir tilbudd råd og rettleiing ved val av utvekslingsstad og innpassing av utanlandsstudiet i graden. Det anbefalast at utanlandsstudiet leggjast til 5. semester.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heime-, skriftleg- og munnleg eksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Ynskjer du å studera vidare etter fullført bachelorgrad i utviklingsstudier kan du velje å søke på masterprogramma tilbudd innan di valde spesialisering. Du kan lese meir om dei ulike masterprogramma ved å gå inn på linkane under:

Spesialsiering i sosialantropologi:

Spesialisering i geografi:

Spesialsiering i økonomi:

Spesialisering i administrasjon og organisasjonsvitenskap:

 

 

Relevans for arbeidsliv

I ein bachelorgrad i utviklingsstudier vel du å spesialisere deg i eitt av fire fag; sosialantropologi, geografi, samfunnsøkonomi eller administrasjon og organisasjonsvitskap. Gjennomføring av bachelorprogrammet vil kvalifisere for arbeid relevant for valt spesialisering, anten som geograf, sosialantropolog, samfunnsøkonom eller som administrasjon og organisasjonsvitar, med ekstra kompetanse innan utviklings relaterte problemstillingar. Kva dei ulike faggruppene jobbar med meir spesifikt, kan du lese meir om ved å gå inn på linkane under:

 

 

 

 

Evaluering

Programmet evaluerast av ekstern programsensor.

Programansvarleg

Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap, Institutt for geografi, Institutt for sosialantropologi og Institutt for økonomi

v/ Programstyret i utviklingsstudiar

E-post: studieveileder@sosantr.uib.no

Telefon: (+47) 55 58 94 51

Administrativt ansvarleg

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: post@sosantr.uib.no

Heimeside: http://www.uib.no/studieprogram/BASV-UTVIK

Telefon (+47) 55 58 92 50

Faks: (+47) 55 58 92 60

Mål og innhald

Bachelor-programmet i utviklingsstudiar har som formål å gi ei forskingsbasert og fleirfagleg innføring i samfunn, levevilkår og maktutøving i land i sør, og globale prosessar i samband med multilateral og bilateral bistand. Ulike samfunnsvitskaplege perspektiv og tilnærmingar vert kombinerte. Eit hovudmål med studieprogrammet er å få fram variasjonane mellom samfunn i sør, inkludert lokale, sosiale og kulturelle tilhøve og maktrelasjonar på lokale, nasjonale og globale nivå. Eit anna hovudmål er å kaste lys over både dei kreative og produktive og dei marginaliserande og undertrykkjande prosessane i land og statar i sør. Bachelor-programmet førebur for ein lærar- eller forskarkarriere, for arbeid i internasjonale bistandsorganisasjonar, og for arbeid i norske bedrifter og organisasjonar med verksemd i sør.

Utviklingsrelatert forsking er eit hovedsatsingsområde for Universitetet i Bergen. Studieprogrammet gir undervisning forankra i forsking ved institutta: administrasjon- og organisasjonsvitskap, geografi, sosialantropologi og økonomi. Studenten får ei fleirfagleg forståing av sosiale og kulturelle tilhøve, lokale konsekvensar av globale prosessar, forvaltning av naturressursar, fattigdom, politisk og økonomisk makt, og andre relevante felt med utgangspunkt i universitetet si pågåande forsking i Afrika, Asia, Stillehavsområdet og Latin-Amerika. I løpet av studiet får studentane tilbod om eit utanlandsopphald ved eit universitet i sør. Bachelor-programmet i utviklingsstudiar inkluderer ei fagleg fordjuping i eit av dei medverkande faga, noko som gir grunnlag for masterstudiar i det valde fordjupingsfaget.

Innføringsemne

Ex.phil., GLOB101, ECON115, GEO131, AORG106 og ett av SANT203, SANT204, SANT205, SANT206 eller SANT207

Fageining og spesialisering

I dei to første semestra av programmet i utviklingsstudiar følgjer du eit felles opplegg. Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar skal innehalde 20 studiepoeng med innføringsemne medrekna Ex.phil., samt fire emne frå dei medverkande faga; administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi og sosialantropologi (samla 1 års studium).

Vidare må du ta tre semester med spesialisering innan eitt av dei fire medverkande faga. I det femte semesteret blir det gitt tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald ved eit universitet i Asia, Afrika eller Sør-Amerika.

For deg som ikkje ønskjer å gjennomføre eit opphald i utviklingsland, blir det gitt tilbod om eitt semester med undervisning i staden, anten i emne frå dei medverkande faga, eller i relevante emne frå andre fag ved universitetet. Bacheloressayet har ein viktig plass i studieprogrammet. Essayet inngår i den faglege spesialiseringa di, men skal fokusere på utviklingsrelaterte tema med bakgrunn i dine eigne erfaringar frå utanlandsopphaldet.

Bachelorprogrammet i utviklingsstudiar vil da sjå slik ut:

Første semester: Ex.phil., Global utvikling (GLOB101) og Utviklingsøkonomi (ECON115)

Andre semester :Stat og forvalting i utviklingsland (AORG106), Ressursforvalting og utvikling i den tredje verda (GEO131) og eit emne frå sosialantropologi

Tredje og fjerde semester :Spesialisering innan eitt av faga administrasjon og organisasjonsvitskap, geografi, samfunnsøkonomi eller sosialantropologi

Femte semester: Tilrettelagt utvekslingsopphald ved eit universitet i sør, eventuelt fleire emne ved UiB.

Sjette semester: Spesialisering, inklusiv bacheloressayet

TOTALT 180 sp (3 år)

Obligatoriske aktivitetar

Bacheloressayet har ein særeigen plass i studieprogrammet. Essayet inngår i den faglege spesialiseringa di, men skal fokusera på utviklingsrelaterte tema, med bakgrunn i dine eigne erfaringar frå utanlandsopphald.

Yrkesvegar

Gjennomføring av bachelorprogrammet vil kvalifisere for arbeid i norske og internasjonale organisasjonar og offentlege etatar som arbeider med bistand og utvikling. Erfaringar frå det tilrådde utanlandsopphaldet vil styrkje desse kvalifikasjonane.

Delstudium i utlandet

Eit utanlandsopphold ved eit universitet i sør.

Programansvarleg

Institutt for administrasjon- og organisasjonsvitskap, Institutt for geografi, Institutt for sosialantropologi og Institutt for økonomi

Administrativt ansvarleg

Hilde Marie Rognås, programsekretær

E-post: hilde.rognas@sosantr.uib.no

Telefon: 55 58 94 51