Studieprogram: MAHF-LÆFR Lektorutdanning med master i fremmedspråk (engelsk, fransk eller tysk) - Vår 2017




Namn på grad

Master i engelsk/fransk/tysk med integrert praktisk-pedagogisk utdanning

Omfang og studiepoeng

Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk eller tysk) har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga i fag I (engelsk, fransk eller tysk) vil oftast vere på det aktuelle språket, men kan også vere på norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk eller tysk) utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i engelsk/fransk/tysk (fag I) og eitt anna universitetsfag (fag II) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet skal gi ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skolefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Framandspråkstudiet skal både gi teoretisk kunnskap og utvikle evne til å kommunisere godt. Emna kan her vere knytte til blant anna språkstruktur, språket i bruk, språkhistorie, omsetjing og grammatisk analyse. Eit språkstudium er også studium av kultur og samfunnstilhøve . Gjennom arbeid med ulike medium er det eit mål å gjere studentane kjende med litteraturen og med sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i dei aktuelle språkområda. På høgare nivå i studiet kan studentane spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid skrive under rettleiing.

Som det andre faget i utdanninga vel ein eitt av faga engelsk, fransk, historie, sosiologi, nordisk, religionsvitskap, spansk språk og latinamerikastudium eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Dugleikar

Kandidaten

Generell kompetanse
Kandidaten

Opptakskrav

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er minimum 5-timars kurset i engelsk og minimum nivå I/II i fransk eller tysk frå vidaregåande skole. Studentar som vel spansk som fag II, bør ha minimum nivå I/II i faget frå vidaregåande skole. Studentar som vel nordisk som fag II, bør meistre nynorsk og bokmål godt.

Innføringsemne

Lektorutdanning med master i framandspråk inneheld 30 studiepoeng med innføringsemne (førstesemesterstudiet):

- EXPHIL-HFSEM / EXPHIL-HFEKS,http://www.uib.no/emne/EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum, 10 stp.

- http://www.uib.no/emne/EXFAC00SKEXFAC00SK, Examen facultatum: Språk og kommunikasjon eller EXFAC00TKSEM / EXFAC00TKEKS, Examen facultatum: Tekst og kultur, 10 stp.

- PEDA120, Skulen og lærarrolla, 10 stp.http://www.uib.no/emne/PEDA111

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag I, fag II, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte under «Rekkjefølgje for emne i studiet».

Studiet omfattar 100 dagar praksis fordelt over fire av studieåra som er knytt til profesjonsfaget, fag I og fag II. Aktivitetar knytte til praksis er obligatoriske. Sjå emneplan for praksis.

På masterstudiet skal studenten skrive ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70-110 sider, med ein påfølgande munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Emnet for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i fag I, inkludert fagdidaktikk. Det er gjort nærare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester:

Førstesemesterstudiet

- EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS, Examen philosophicum, 10 stp.

- EXFAC00SK, Examen facultatum: Språk og kommunikasjon eller EXFAC00TKEKS/EXFAC00TKSEM, Examen facultatum: Tekst og kultur, 10 stp.

- PEDA120, Skulen og lærarolla, 10 stp.

- KOPRA101, 12 dagar praksis

 

2. semester:

- Fag I 100-nivå, 30 stp.

Engelsk: ENG114 (10 stp), ENG115 (5 stp.), ENG125 (15 stp)

Fransk: FRAN101, FRAN103

Tysk: TYS111, TYS112

 

3. semester:

- Fag I, 100-nivå, 20 stp:

Engelsk: ENG122 (15stp), ENG107 (5 stp.)

Fransk: FRAN115, FRAN105

Tysk: TYS123, TYS124

- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI101, FRANDI101 eller TYSDI101 (5 stp.)

- PEDA121 (5 stp.)

- KOPRA102, 8 dagar praksis

 

4. semester:

- Fag II 100-nivå, 30 stp.

Engelsk: ENG114 (10 stp.), ENG115 (5 stp.), ENG125 (15 stp.)

Fransk: FRAN101, FRAN103

Spansk:SPLA107, SPLA108, SPLA109

Tysk: TYS111, TYS112

Nordisk: NOSP102, NOLI102

Religion: RELV101, RELV105

Historie: HIS102 (obligatorisk) og eitt av emna:HIS116, HIS115, http://www.uib.no/emne/HIS108HIS108, HIM101 eller HIS111

Sosiologi: SOS101, MET102

 

5. semester:

- Fag II 100-nivå - Fagemne (med tilrettelagt tilbod i fagdidaktikk), 20 stp.

Engelsk: ENG122 (15stp.), ENG107 (5 stp.)

Fransk: FRAN115, FRAN105

Spansk: SPLA117 og SPLA118 eller SPLA119

Tysk: TYS123, TYS124

Nordisk: NOSP103-L, NOLI103-L

Religion:RELV102, RELV103L

Historie: HIS101, HIS120

Sosiologi: SOSL103, SOSL113

- Fagdidaktikk i fag II: ENGDI101, FRANDI101, SPANDI101, TYSDI101, NODI101, RELDI111, HIDID111 eller SAKDI101 (5 stp.)

- PEDA122, 5 stp.

- KOPRA103, 12 dagar praksis

 

6. semester:

- Fag I 200-nivå, 15 stp

Engelsk: ENG221 (10 stp.) og ENG223L (5 stp.)

Fransk: FRAN201 eller FRAN253 (Tilrådd FRAN253)

Tysk: TYS201/TYS251 eller TYS202/http://www.uib.no/emne/TYS252TYS252 (Tilrådd TYS251 eller TYS252)

- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI201, FRANDI201 eller TYSDI201 (5 stp.)

- Fag II 200-nivå, 10 stp med bacheloroppgåve

Engelsk: ENG261 eller ENG263

Fransk: FRAN254L

Tysk: TYS251L eller TYS252L

Spansk: SPLA257 eller SPLA258 eller SPLA259

Historie: HIS250L

Religion: RELVI250L

Nordisk:NOLI250-L eller NOSP250-L

Sosiologi: SOSL202

- Mogeleg å reise på utveksling

 

7. semester:

-Fag I 300-nivå, 25 stp:

Engelsk: ENG341 (10 stp.) eller ENG343 (10 stp) og ENG339L (5 stp.) og ENG331, ENG332 eller ENG333 (10 stp.)

Av omsyn til praksisperioden og undervisningstidspunkt for emna ved UiB, tilrår vi følgjande emnekominasjon for studentar med engelsk som fag I hausten 2017: ENG343, ENG339L og ENG333 eller ENG332.

Fransk:FRA3100 (15 stp., emneansvar NTNU) og FRAN307L

Tysk: TYS307 og TSAK319L eller TSAK 318L

- Fagdidaktikk i fag II: ENGDI111, FRANDI111, SPANDI111, TYSDI111, NODI111, RELDI112, HIDID112 eller SAKDI111 (5 stp.)

- 28 dagar praksis

 

8. semester:

- Fag 1 300-nivå, 10 stp

Engelsk: ENG335 eller ENG336 eller ENG337 (10 stp.)

Fransk: FRAN309L eller FRAN310L eller FRAN308L

Tysk:TYS311L eller TYS308L

- Fagdidaktikk i fag I: ENGDI301, FRANDI301 eller TYSDI301 (10 stp.)

- Pedagogikk: 10 stp

- 40 dagar praksis

 

9. semester (haust) og 10. semester (vår):

- Fag I 300-nivå

Masteroppgåve, 60 stp: ENG350 / FRAN350 / TYS350

 

(Manglande emnekodar vert sette inn så snart dei er klare.)

Krav til progresjon i studiet

Det vert stilt både karakter- og progresjonskrav i studiet. For å ta til på masternivået i framandspråk, må ein ha greidd bacheloroppgåva i fag II og ha karakteren C i snitt eller betre i fag I. Sjå Utfyllande reglar for lektorutdanning for nærare informasjon.

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Vurderingsformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg og munnleg eksamen, heimeeksamen, semesteroppgåve og mappevurdering. Sjå emneplanane for nærare opplysningar.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer:

Bokstavkarakterar er mest utbreidde. Sjå elles emneplanane for nærare opplysningar.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gi grunnlag for doktorgradsstudium i relevante program.

Relevans for arbeidsliv

Lektorutdanning med master i framandspråk kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Programansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

 

Programstyret for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar på programmet: lektor@hf.uib.no, tlf.mailto:lektor@hf.uib.no 55 58 93 82

Mål og innhald

Den integrerte lærarutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet skal gi vitskapleg funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

Framandspråkstudiet skal både gje teoretisk kunnskap om språk og praktisk dugleik i språk. Emna kan her vere knytte til t.d. språkstruktur, språket i bruk, språkhistorie, omsetjing, grammatisk analyse. Men eit språkstudium er også studium av kultur og samfunnstilhøve og ikkje minst litteratur. Gjennom tekstlesing er det eit mål å gjere studentane kjende med litteraturen og med sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i språkområdet som vert studert. På høgare nivå i studiet vert det høve til å spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne.

Som andrefag kan det veljast eit anna universitetsfag med eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lærarutdanningsprogrammet. Studentane vert oppmoda om å velje eit anna språkfag i tillegg til masterfaget.

Krav til forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er 5-timars kurset i engelsk og fordjuping frå VKII i andre framandspråk.

I undervisning og pensum vert det lagt til grunn at studenten på førehand har teke Examen facultatum - Språk og kommunikasjon.

Undervisning

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Oppbygging av studiet

1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet:
- EXPHIL-HF, Examen philosophicum
- EXFAC00SK, Examen facultatum - Språk og kommunikasjon
- Pedagogikk, 10 stp: PEDA111
- 5 dagar skuleerfaring

2. semester (vår):
- Fag 1, 100-nivå, 30 stp:
Engelsk: ENG101, ENG123 eller ENG124
Fransk: FRAN101, FRAN103
Tysk: TYS111, TYS112

3. semester (haust):
- Fag 1, 100-nivå, 25 stp:
Engelsk: ENG106, ENG122L
Fransk: FRAN114, FRAN105, FRAN106
Tysk: TYS113, TYS124
- Fagdidaktikk i fag 1, 5 stp.: ENGDI101, FRANDI101 eller TYSDI101
- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk

4. semester (vår):
- Fag 2, 100-nivå, 30 stp:
Engelsk: ENG101, ENG123 eller ENG124
Fransk: FRAN101, FRAN103
Spansk: SPLA101, SPLA104
Tysk: TYS111, TYS112
Nordisk: NOSP101, NOLI102

5. semester (haust):
- Fag 2, 100-nivå, 20 stp:
Engelsk: ENG106L, ENG122L
Fransk: FRAN114, FRAN105
Spansk: SPLA105, SPLA106
Tysk: TYS123, TYS124
Nordisk: NOSP120, NOLI103
- Pedagogikk, 5 stp: PEDA112
- Fagdidaktikk i fag 2, 5 stp.
- 5 dagar skuleerfaring, knytt til fagdidaktikk i fag 2 og PEDA112

6. semester (vår):
- Fag 1, 200-nivå, 25 stp:
Engelsk: ENG251 og ENG212L eller ENG252 og ENG211L
Fransk: FRAN201 eller FRAN203 og FRAN211L eller FRAN213L
Tysk: TYS203 og TYS211 eller TYS212
- Fagdidaktikk i fag 2, 5 stp: ENGDI201, FRANDI201, TYSDI201

7. semester (høst):
- Fag 1, 300-nivå, 15 stp:
Engelsk: ENG301 eller ENG302 eller ENG303 eller ENG304
Fransk: FRAN301
Tysk: TYS311
- Pedagogikk, 10 stp: PEDA113
- Fagdidaktikk i fag 2, 5 stp
- 8 veker praksis

8. semester (vår):
- Fag 1, 300-nivå, 15 stp:
Engelsk: ENG305 eller ENG306
Fransk: FRAN302
Tysk: TYS314 eller TYS315 eller TYS316 eller TYS317
- Pedagogikk, 5 stp: PEDA114,
- Fagdidaktikk i fag 1, 10 stp: ENGDI301, FRANDI301, TYSDI301
- 5 veker praksis

9. semester (høst) og 10. semester (vår):
Fag 1, masteroppgåve, 60 stp: ENG350 / FRAN350 / TYS350

Fageining og spesialisering

5-årig integrert lærarutdanning med master i framandspråk er sett saman av mindre emne, det vil seie avgrensa tema innan eit fagområde. Studiet startar med førstesemesterstudiet, som inneheld tre emne: Examen philosophicum, Examen scolae og Språk og språkvitskap.

Studiet held fram med to semester studium i eit av faga, så to semester studium i det andre faget. Det sjette semesteret er ein spesialisering i faget du vel å ta mastergrad i.

Kvart semester vil det bli arrangert ei obligatorisk samling for alle studentane på programmet, og i tredje og femte semester blir det arrangert skulebesøk.
Praksis, pedagogikk og fagdidaktikk vil i hovudsak liggje i det sjette og åttande semesteret.
Spesialiseringssemesteret (det sjette semesteret) er delt mellom eit disiplinfagleg emne og eit fagdidaktisk emne. Gjennom studiet vil du måte gjøre fleire val. Viktige val er, til dømes, kva fag du skal ta master i og kva fag du skal ta som støttefag. Du skal velje to av språka engelsk, fransk eller tysk. Det eine studerer du heilt opp til masternivå, det andre studerer du i to semester.

Obligatoriske aktivitetar

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk.

Når det gjeld praksis, er det obligatorisk med 15 dagars skuleerfaring fordelt på tre semester og undervisningspraksis samansett av om lag 120 timar undervisning fordelt på to semester. Både skuleerfaring og undervisningspraksis er knytt til emne som inngår i programmet. For nærmare informasjon, sjå emneplan for praksis.

Før avslutta studium skal studenten foreta ein munnleg presentasjon der studenten drøfter ei sjølvvalt problemstilling knytt til skole og læring i eit fag, inkludert studentens eigen grunngjevne ståstad. Presentasjonen kan vere knytt til studentens masteroppgåve.

På masterstudiet skal det skrivast ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70-110 sider, etterfylgt av ein munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Det er gjort nærmare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar.

Vurdering / Eksamensformer

I studiet inngår varierte vurderingsformer: For nærmare informasjon om vurderingsformer, sjå emneplanane for dei einskilde emna. Det vert nytta karakterar for fagemna etter karakterskalaen A-F.
Praksis og utvalde obligatoriske aktivitetar vert vurderte med greidd/ikkje greidd.

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Yrkesvegar

Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar. Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som lektor i skulen.

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Utanlandsopphald vert avtalt og lagt til rette i samarbeid med dei fagleg ansvarlege institutta.

Oppstart

Haustsemesteret.

Programansvarleg

Programstyret for lærarutdanning har overordna ansvar for lærarutdanninga ved UiB.
Lærarutdanningsutvalet har lokalt ansvar for lærarutdanningsprogramma ved Det humanistiske fakultet .