Studieprogram: MAHF-NOFI Masterprogram i norrøn filologi - Vår 2017




Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i norrøn filologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Masterstudiet i norrøn filologi kan gjennomførast på 4 år. Det er då eit deltidsstudium med 50% studieprogresjon.

Undervisningsspråk

Norsk, dansk, svensk eller engelsk

Studiestart - semester

Haust/ vår

Mål og innhald

Masterstudiet i norrøn filologi er bygd opp med ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.

Masterprogrammet i norrøn filologi skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og formidling i norrøn filologi og tilstøytande emne. Studiet har som mål å formidle vitskapleg teori og metode og historia til faget, og dei studerande skal under studiet utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldemateriale og vitskaplege framstillingar. Masterstudiet i norrøn filologi kan danne grunnlag for ei vidare forskarutdanning (ph.d.); dette krev gjennomgåande gode prestasjonar på studiet.

Studiet er eit forskingsretta studium med høve til konsentrasjon kring språklege, litterære eller kulturhistoriske emne - t.d. diakrone eller synkrone språklege emne, islandske soger, norrøn mytologi og religion eller nordisk faglitteratur i mellomalderen og tidleg moderne tid. Samtidig skal studiet gjennomførast innanfor eit breitt og interdisiplinært fagspektrum, t.d. i samband med studiar i mellomalderlatin. Studiet skal gje kandidatane grunnlag for å halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand.

Masterprogrammet i norrøn filologi skil seg ut ved stor breidd i forskingsemna og individuell tilpassing av studiet i samråd med rettleiar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

- har solid kunnskap om historia til den norrøne litteraturen og dei systematiske hovudområda i den norrøne filologien

- har djuptgåande kunnskapar innanfor eige spesialfelt (masteroppgåva)

- har omfattande og god kunnskap om mellomalderfilologiske teoriar og forskingsmetodar

- har god forståing for dei vitskapsteoretiske problemstillingane i norrønfilologien

- kjenner til den aktuelle debatten om sentrale problemstillingar innanfor fagområdet

- har grunnleggjande kjennskap til forskings- og yrkesetiske spørsmål innanfor filologi og mellomalderforsking

 

Dugleikar/Ferdigheiter

Kandidaten

- kan planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing

- kan bruke aktuelle teoriar og metodar til sjølvstendig forsking innanfor fagområda i den norrøne filologien

- kan analysere og granske kritisk etablerte mellomalderfilologiske teoriar, metodar og forståingsrammer

- kan analysere og ha ei kritisk haldning til både norrøne kjeldetekstar og vitskaplege arbeid om dei

- kan formidle innsikt i alle grunnleggjande delar av den norrøne filologien, både språklege og litterære emne; kan undervise og rettleie elevar, studentar og andre

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege emne, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

- kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga

Opptakskrav

Masterstudiet er adgangsregulert.

Masterstudiet i norrøn filologi byggjer på oppnådd bachelorgrad med spesialisering i norrøn filologi, eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar. Kandidatar må ha karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa. Studentar som har oppnådd bachelorgraden med ein annan studiebakgrunn, kan ta kontakt og søkje om særskilt opptak på mastergraden i norrøn filologi.

Obligatoriske emne

Mastergraden i norrøn filologi omfattar fem emne: fire spesialiserte kurs og ei masteroppgåve inkl. munnleg eksamen. Desse emna er obligatoriske:

NOFI300: Spesialisert emne i norrøn filologi I, 15 stp.

NOFI302: Spesialisert emne i norrøn filologi II, 15 stp.

NOFI303: Spesialisert emne i norrøn filologi III, 15 stp.

NOFI304: Spesialisert emne i norrøn filologi IV, 15 stp.

NOFI350: Masteroppgåve i norrøn filologi, 60 stp.

Emnet NOFI303 har prøveførelesing som vurderingsform og er ein obligatorisk del av masterstudiet. Etter søknad til instituttet kan emna NOFI300, NOFI302, og/eller NOFI304 skiftast ut med tilsvarande emne på same nivå.

Tilrådde valemne

Studentane bør følgje med på og delta i aktivitetane til forskargruppa i mellomalderfilologi.

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

1. semester:

NOFI300 - Norrøn filologi spesialisert emne I (med semesteroppgåve)

NOFI350 - Masteroppgåve: Temaval, empirisk og metodisk grunnlagsarbeid, utkast til problemstilling

2. semester:

NOFI302 - Norrøn filologi spesialisert emne II (anten med skuleeksamen eller semesteroppgåve)

NOFI350 - Masteroppgåve: Klargjering av problemstilling, oppbygging av kjeldemateriale (korpus), analysar av dette, utkast av enkelte kapittel

3. semester:

NOFI303 - Norrøn filologi spesialisert emne III (med prøveførelesing)

NOFI350 - Masteroppgåve: Gjennomskriving av dei enkelte kapitla

4. semester:

NOFI304 - Norrøn filologi spesialisert emne IV (anten med skuleeksamen eller semesteroppgåve)

NOFI350 - Masteroppgåve: Revisjon og korrektur av oppgåva

Emnet NOFI303 (med prøveførelesing) kan også takast i det andre eller fjerde semesteret, men for dei fleste studentar vil det tredje semesteret vere best eigna.

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Delstudium i utlandet

Masterstudentar i norrøn filologi kan etter søknad få innpassa studiepoeng på masternivå frå andre norske eller utanlandske lærestader. Det mest opplagde er eit opphald i utlandet i det andre og/eller tredje semesteret; studentane kan nytta seg av Erasmus- og andre utvekslingsavtaler mellom UiB og utanlandske universitet. Studierettleiaren hjelper til med å finne relevante studium og ordne utvekslingsavtaler. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet før utvekslinga blir gjennomført.

Undervisningsmetodar

Undervisingsformene omfattar førelesing, seminar og rettleiing. Studentane må ta aktivt del i førelesingane og seminara i form av skriftlege og munnlege presentasjonar og fast oppmøte. Meir informasjon om dette finn ein i dei einskilde emneplanane. For arbeidet med masteroppgåva blir det gjeve rettleiing, som er regulert i kontrakt mellom student, rettleiar og institutt.

Vurderingsformer

For emna blir det nytta ulike vurderingsformer: skuleeksamen, semesteroppgåve, munnleg eksamen og prøveførelesing.

Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Etter innlevering og sensur av masteroppgåva, framstiller kandidaten seg for ein justerande munnleg eksamen.

Dei einskilde emneplanane har meir informasjon om vurderingsformene.

Karakterskala

Bokstavkarakter A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Ph.d.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i norrøn filologi kvalifiserer mellom anna for arbeid innanfor undervisning og opplæring, informasjonsverksemd og kulturformidling, og for arbeid ved forskingsinstitusjonar på høgare nivå. Ein master i norrøn filologi er eit godt grunnlag for den som får administrative oppgåver knytte til analyse, saksbehandling, rettleiing og rådgjeving. Studiet kvalifiserer til arbeid i både offentlig administrasjon (t.d. i kulturforvaltning og -formidling, museum og samlingar) og i det private næringslivet (t.d. i mediebransjen).

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Det humanistiske fakultetet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@lle.uib.no

Tlf 55 58 24 36

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.

Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergraden i norrøn filologi er eit forskingsretta studium med høve til konsentrasjon kring språklege, litterære eller kulturhistoriske emne. Studiet skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og formidling i norrøn filologi og tilstøytande emne. Dei skal setje seg inn i vitskapleg teori og metode og i historia til faget, og dei skal utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og vitskaplege framstillingar.

Opptaksgrunnlag

Opptaksgrunnlaget er ei spesialisering på 90 studiepoeng i norrøn filologi frå Universitetet i Bergen, eller tilsvarande godkjend spesialisering i norrøn filologi frå anna universitet og/eller høgskule, og oppnådd bachelorgrad.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i norrøn filologi på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i norrøn filologi (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje fakultetet om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Krav til forkunnskapar

Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i norrøn filologi på minst 90 studiepoeng. Studentar kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå nærskylde fagområde eller frå fag som støttar opp om kjeldestudiet i norrøn filologi.

Anna startgrunnlag kan vurderast etter særskild søknad til instituttet i forkant av søknaden om opptak.

Metode

Masteroppgåva i norrøn filologi kan skrivast i litteraturvitskaplege, språkvitskaplege og kulturhistoriske emne,
og ein vil da bruke eit tilsvarande spekter av metodar.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne som skal endeleg godkjennast av rettleiar. Oppgåva skal vere ei vitskapleg gransking basert på norrønt primærmateriale, men det er også rom for å skrive forskingshistoriske arbeid. I oppgåva må du dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Etter avtale kan masteroppgåva skrivast på andre språk enn norsk (for tida også svensk, dansk, islandsk, engelsk eller tysk).


Omfanget er normalt på 70-110 sider. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk. Instituttet tilbyr rettleiing i eit
breitt spekter av emne, men må ta atterhald om at det ikkje er kapasitet til å gi rettleiing i alle emne. Det er høve til å velje semesteroppgåve både i NOFI302 og NOFI304, og da vil det vere tilbod om rettleiing også på desse kursa.

Oppbygging av studiet

Studiet har fem komponentar: Prosjektførebuande emne, to spesialiserte kurs, ei prøveførelesing og ei masteroppgåve. Eit masterprogram i norrøn filologi kan sjå slik ut:

1. semester:

NOFI302 - Spesialisert kurs I

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne

2. semester:

NOFI304 - Spesialisert kurs II
NOFI350 - Masteroppgåve

3. og 4. semester

NOFI303 - Prøveførelesing
NOFI350 - Masteroppgåve

Fageining og spesialisering

Mastergraden i norrøn filologi omfattar fem emne:

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne, 15 stp.

NOFI302 - Spesialisert emne i norrøn filologi, 15 stp.

NOFI304 - Spesialisert emne i norrøn filologi, 15 stp.

NOFI303 - Prøveførelesing i norrøn filologi, 15 stp.

NOFI350 - Masteroppgåve i norrøn filologi, 60 stp.

Etter søknad til instituttet kan emna NOFI302 og/eller NOFI304 skiftast ut med tilsvarande emne på same nivå.

Vurdering / Eksamensformer

Det blir halde separate eksamenar i kvart av dei fire emna. Det blir ikkje utrekna nokon samla karakter for heile mastergraden.

Instituttet legg stor vekt på at undervisning, formidling og utvikling av faget skal gå føre seg i eit samspel mellom lærarar og studentar. Det er derfor ein viktig del av studieopplegget at studentane skal ha høve til å evaluere fagtilbodet og undervisninga. Tilbakemelding kan skje til dømes i direkte dialog med faglærarane eller gjennom studentevaluering organisert av instituttet.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i norrøn filologi vil kvalifisere for arbeid innanfor museums- og formidlingssektoren og forskingsinstitusjonar på høgare nivå.

Planforslag

Mastergraden i norrøn filologi er eit fulltidsstudium over 4 semester og skal normalt fullførast innanfor denne tidsramma. Hovudopptaket til studiet er om hausten.

Ved starten av det første semesteret skriv studenten ein kontrakt med instituttet, der han/ho får tildelt ein fagleg rettleiar og der arbeidstittelen på masteroppgåva blir fastsett. Skifte av rettleiar kan seinare gjerast etter retningslinjer som er fastsette i kontrakten. Denne kontrakten kjem i tillegg til den som studenten skriv med fakultetet.

Prøveførelesinga blir halden i det avsluttande semesteret, etter at masteroppgåva er innlevert. Tidspunktet for dei to spesialiserte emna vil kunne skifte avhengig av undervisningstilbodet. Arbeidet med masteroppgåva bør ta til alt i det første semesteret, og instituttet rår derfor til at studentane følgjer kurset NOLISP 300, som er felles med masterprogrammet i nordisk. Avhengig av undervisningstilbodet kan det første spesialiserte kurset takast i det første eller andre semesteret, medan det andre kurset bør takast i det andre eller tredje semesteret. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å vurdere dei allmenne kursa LINGMET eller LITTEHF som alternativ til det eine av dei to spesialiserte kursa. Ein høveleg progresjon kan dermed sjå slik ut:

1. semester:

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne

NOFI302 - Spesialisert emne i norrøn filologi

2. semester:

NOFI304 - Spesialisert emne i norrøn filologi (event. LINGMET eller LITTEHF)

NOFI350 - Masteroppgåve: Empirisk og metodisk grunnlagsarbeid

3. semester:

NOFI350 - Masteroppgåve: Første gongs gjennomskriving av dei enkelte kapitla

4. semester:

NOFI303 - Prøveførelesing i norrøn filologi

NOFI350 - Masteroppgåve: Revisjon og korrektur av oppgåva

Meir informasjon

studierettleiar@lle.uib.no