Studieprogram: MAHF-REG Masterprogram i region og regionalisering - Høst 2017




Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i region og regionalisering.

Vitnemål vert skrive ut av Det humanistiske fakultet.

Studiet er toårig (120 sp).

Undervisningsspråk

Til vanleg norsk

Mål og innhald

Utviklinga mot sterkare regionar i Noreg og Europa har ført til eit auka behov for kompetanse i offentleg forvaltning, hos planleggarar og i næringslivet. På universiteta og høgskulane har ein i lengre tid utført forsking og undervisning med regionale perspektiv, men fram til no har denne forskinga og undervisninga vore lite tverrfagleg. Programmet er profilert mot desse felta.

Dei som tek avgjerder i næringsliv og offentleg forvaltning vil i framtida stå ovanfor store omstillingsoppgåver når det gjeld utvikling av nye kommunale og regionale einingar. Masterprogrammet skal utdanne kandidatar som er kvalifiserte for å utføre desse oppgåvene.

Masterprogrammet er eit tverrfagleg samarbeid mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Det juridiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det humanistiske fakultet. Programmet tek sikte på å utdanne kandidatar som har innsikt i korleis regionar oppstår, kva som konstituerer dei, korleis dei fungerer og korleis dei utviklar seg. Kandidatane vil også få grunnleggande kulturhistoriske og naturhistoriske kunnskapar, og dei vil få kunnskapar om korleis naturmiljø og kulturmiljø vert forvalta og verna.

Programmet tilbyr ei tverrfagleg innføring i temaet region og regionalisering. Gjennom studiet får studentane breiare kompetanse og kunnskapsbase om regional utvikling, landskap, natur- og kulturmiljøforvaltning.

Vestlandet blir brukt som modellområde. Dette inneber ei regional ramme for forståing, men perspektivet er likevel globalt. Den europeiske landskapskonvensjonen, som Noreg ratifiserte i 2004, og verdsarvlista over natur- og kulturmiljø er eksempel på viktige dokument som stiller nye krav til heilskapstenking og eit overordna kunnskapsperspektiv og viktige samfunnsfelt. Dette er sentrale tema i regionale prosessar verda over og representerer nye politiske utfordringar, anten det handlar om næringsutvikling og turisme eller om forvaltning av samfunnet sine økologiske og historiske miljøverdiar.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Masterprogrammet i region og regionalisering er forskingsbasert og gir ny avansert innsikt og kunnskap om ulike faglege område, basert på analytiske metodar, kritisk tilnærming og forskingsetikk.

Kandidaten kan analysere regionar og regionaliseringsprosessar med relevante problemstillingar gjennom analytisk handsaming av aktuelt materiale. Studentane kan tenke tverrfagleg, systematisk og kritisk, og kan sette den disiplinbaserte kunnskapen frå bachelorgraden inn i ein større fagleg samanheng.

Kandidaten har avansert tverrfagleg kunnskap om region og regionaliseringsprosessar, i lys av relevante teoriar, modellar og metodar.

Kandidaten har avansert innsikt i korleis regionar oppstår, kva som konstituerer dei, korleis dei fungerer og korleis dei utviklar seg. Kandidatane har inngåande kunnskap om regionale kulturhistoriske og naturhistoriske tilhøve og dei har avansert kunnskap om korleis naturmiljø og kulturmiljø vert forvalta og verna, og kan drøfte rettslege spørsmål som kan oppstå relatert til regionsspørsmål.

Kandidaten kan analysere prosessar rundt avgjerder i regionalt næringsliv og i regional offentleg forvaltning som i framtida vil stå ovanfor store omstillingsoppgåver når det gjeld utvikling av nye kommunale og regionale einingar.

 

Ferdigheiter:

Kandidaten kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt innan det tverrfaglege fagområdet region og regionalisering.

Kandidaten meistrar å sjå regionar i eit teoretisk lys, og har evne til å analysere variasjonar og ulikheiter i endringsprosessar på tvers av regionar.

Kandidaten kan vurdere komplekse sakstilhøve og har styrka si kritiske tenking i høve til politiske prosessar og økonomiske interesser innan eit regionperspektiv.

Kandidaten kan sjølvstendig analysere, drøfte og definere regionar og regionsomgrepet og har avansert kjennskap til omstillingsteoriar for menneske, stader og regionar.

Kandidaten har inngåande forståing for både natur- og kulturmiljø samt historiske endringar i regionar.

 

Generell kompetanse:

Kandidatane kan formulere, analysere og gjennomføre sjølvstendige prosjekt. Kandidatane kan formidle resultat gjennom kronikkar og vitskaplege artiklar. Dei har og kompetanse til analytiske og administrative oppgåver.

Etter fullført mastergrad kan kandidaten:

- bruke kunnskapen sin om forvaltningslæra og korleis denne gjer seg gjeldande i regionar i forhold til større einingar slik som stat og større område opp mot det globale.

- gjere greie for forhold innan regionar i eit geografisk, natur- og kulturhistorisk og juridisk perspektiv, noko som er viktig for handsaming av regionale spørsmål i politiske og økonomiske avgjerdsorgan og forvaltningssaker.

Opptakskrav

Mastergradsstudiet i region og regionalisering er eit tverrfakultært masterstudium som opnar for ulike bachelorspesialiseringar, men det er spesialiseringar innan fagområda arkeologi, historie, kulturvitskap, religionsvitskap, kunsthistorie, litteraturvitskap og geografi som er særskilt relevante. Andre spesialiseringar med fagleg relevant bakgrunn, vil verte individuelt vurderte.

Obligatoriske emne

Det første semesteret omfattar undervisning i REG302 Natur-og kulturmiljøforvaltning, REG303 Forvaltningsrett og REG311 Prosjektskildring. Denne undervisninga er felles for alle som er tatt opp på programmet.

I andre semester vil det undervisast i emnet GEO324 Føretaksstrategiar, næringstruktur og regional utvikling som også inngår i alle desse emna.

Studentane skal i dette semesteret også fordjupe seg vidare. Her kan dei ta spesialiserte emne som er relevante for programmet. Kursa er sett saman på grunnlag av eksisterande kurstilbod frå dei institutta som har fagleg tilknyting til dei ulike tema.

Innpassing av emne som vert tatt ved andre lærestader, må godkjennast av programstyret.

Tilrådde valemne

I samråd med rettleiar.

Omfang masteroppgåva

REG350 masteroppgåve (60 stp), haust / vår. Omfanget på oppgåva skal vere på om lag 70-110 sider.

Rekkefølgje for emne i studiet

REG311 - Prosjektskildring (10stp), haust

REG302 - Natur og kulturmiljøforvaltning (10 stp), haust

REG303 - Forvaltningsrett (10 stp), haust

GEO324 - Føretaksstrategiar, næringsstruktur og regional utvikling (10 stp), vår

Emne frå eige fagområde (20 stp), vår

REG307 (5stp) kan inngå som emne frå eige fagområde.

Krav til progresjon i studiet

Gjennomføringa av studiet byggjer på føresetnader for normal studieprogresjon.

Før studenten leverer masteroppgåva, må alle emne i kursdelen vere greidde. Sjå emneplanane for nærare opplysingar.

Studiestader

Ansvaret for GEO324 ligg ved SV-fakultetet, Institutt for geografi.

Det administrative ansvaret for REG311 og REG302 ligg ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Undervisninga vert delt mellom fleire fag på Det humanistiske fakultet (arkeologi, kulturvitskap, historie og nordisk) og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (Institutt for geovitskap, Geofysisk institutt og Institutt for biologi).

REG303 Forvaltningsrett høyrer fagleg sett inn under Det juridiske fakultet.

Delstudium i utlandet

Programmet opnar for studiar i utlandet i følgje ordningar ved det faget studenten skriv masteroppgåve i.

Undervisningsmetodar

Undervisninga inneheld forelesingar, seminar, sjølvstudium, og skriftlege og munnlege studentpresentasjonar.

 

Undervisning og rettleiing vert normalt utført av tilsette ved Universitetet i Bergen, men det kan også vere aktuelt å trekkje inn undervisningskrefter frå andre institusjonar.

 

Rettleiingskontrakt skal lagast i samråd med rettleiars institutt og avtalen skal godkjennast av instituttet (AHKR).

 

 

Vurderingsformer

I programmet nyttast ulike vurderingsformer, sjå dei ulike emneplanane.

Karakterskala

Studieprogrammet bruker skalaen A-F ved graderte vurderingar og "greidd/ikkje greidd" ved ikkje-graderte vurderingar.

Relevans for arbeidsliv

 Kandidatane kan kvalifisera seg for å gå inn i ei rekkje ulike stillingar innanfor offentleg og privat verksemd, mellom anna oppgåver innan næringsutvikling, planlegging og natur-og kulturmiljøforvaltning.

Mulige sektorar kan òg vere offentleg forvaltning på alle nivå, særleg innanfor arealplanlegging og kultur-og naturforvaltning, og dessutan mediebedrift, opplevingsindustri og turisme. Faget er også aktuelt som vidare spesialisering for journalistar og innanfor andre medieorienterte yrke.

Evaluering

Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Programstyret for Masterprogrammet i region og regionalisering.

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet .

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no.

Mål og innhald

Utviklinga mot sterkare regionar i Noreg og Europa har ført til eit økt behov for kompetanse i offentlig forvaltning, hjå planleggarar og i næringslivet. På universiteta og høgskulane har ein i lengre tid utført forsking og undervisning med regionale perspektiv, men fram til no har denne forskinga og undervisninga vore lite tverrfagleg. Den har og hatt relativt liten påverknad på debatten om dei nye regionale einingane. Dette utdanningsprogrammet, som fører fram til både ein forskingsretta og ein arbeidslivsretta mastergrad "Master i Region og regionalisering", er profilert mot dette feltet.

Beslutningsstakarar i næringsliv, kommunar, fylker og stat vil i framtida stå overfor store omstillingsoppgåver når det gjelder utvikling av nye kommunale og regionale einingar. Masterprogrammet skal utdanne kandidatar som er kvalifisert for å utføre desse oppgåvene.

Masterprogrammet er et tverrfaglig program som tar sikte på å utdanne kandidatar som har innsikt i korleis regionar oppstår, kva som konstituerer dei og korleis dei vert endra. Kandidatane vil også ha grunnleggande kulturhistoriske og naturhistoriske kunnskapar, og dei vil ha kunnskapar om korleis naturmiljø og kulturmiljø vert forvalta og verna. Kandidatane vil ha spesialisert kompetanse innanfor humanistiske, samfunnsvitskaplege eller naturvitskaplege disiplinar.

Programmet tilbyr ei tverrfagleg innføring til region og regionalisering med påfølgande spesialisering eller fordjuping innan ei av tre linjer: Natur og landskap, kultur og historie, samfunn og politikk. Gjennom studiet får studentane breiare kompetanse og kunnskapsbase om regionalpolitikk, landskap, natur- og kulturmiljøforvaltning.

Vestlandet blir brukt som modellområde. Dette inneber ei regional ramme for forståing, men perspektivet er likevel globalt. Den europeiske landskapskonvensjonen, som Noreg ratifiserte i 2004, og verdsarvlista over natur- og kulturmiljø er eksempel på viktige samfunnsfelt som stiller nye krav til heilskapstenking og eit overordna kunnskapsperspektiv. Dette er sentrale tema i regionale prosessar verda over og representerer nye politiske utfordringar, anten det handlar om turisme og næringsutvikling, eller om forvaltning av samfunnet sine økologiske og historiske miljøverdiar.

Den nye mastergraden er todelt. Den eine retninga er forskingsretta. Kandidatane herfrå skriv ei tradisjonell masteroppgåve. Den andre retninga er arbeidslivsretta der studentane deltek i eit tverrfagleg teamarbeid, "Ekspertar i team", og løyser oppgåver knytt til region og regionalisering som tilsvarer utfordringar ein møter i arbeidslivet. Desse studentane skriv ei avgrensa masteroppgåve som bygger på problemstillinga i gruppearbeidet.

Eventuelle krav til forkunnskapar:

Bachelorgrad eller tilsvarande.

Læringsutbytte/resultat

Studiet skal gje studentane ein tverrfagleg basis og dyktiggjere dei innanfor ein av de tre linjene kultur og historie, natur og landskap og samfunn og politikk. På den eine sida skal de tilegne seg kunnskap om relevante teoriar, modellar for forståing og metode innanfor dei respektive linjene. På den andre sida skal dei oppnå tverrfaglege ferdigheiter i å gjere bruk av denne kunnskapen i eigen praksis. Studentane skal og få styrka evne til heilskapleg vurdering av komplekse saksforhold og si kritiske tenking i forhold til politiske prosessar og økonomiske interesser. Gjennom arbeidet i team med utredningar og med masteroppgåva skal dei få erfaring med å samarbeide, planlegge, gjennomføre og evaluere et tverrfaglig forskingsretta prosjekt

Undervisningsspråk

Til vanleg norsk.

Ansvarleg institutt

Programmet vil ligge under Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og kulturvitenskap. Studentane vert tatt opp av HF-fakultetet, men graden dei oppnår er tverrfakultær, med tittelen Master i region og regionalisering:

Samfunn og politikk

Kultur og historie eller

Natur og landskap

Linjevalet avgjer undertittelen. Vitnemål vert utsteda av HF-fakultetet, i samarbeid med dei andre fakulteta.

Oppbygging av studiet

Krav til bredde og dybde (spesialisering/fordjuping):

Dei tre første emna som utgjer første semester inneber undervisning i region og regionalisering, natur-og kulturmiljøforvaltning og forvaltningsrett. Denne undervisninga er felles for alle som er tatt opp på programmet.

I andre semester skal studentane fordjupe seg vidare innan dei tre ulike fagområda natur og landskap, kultur og historie, og samfunn og politikk. Her kan dei ta kurs i teori og metode, samt spesialiserte emne som er relevante for programmet. Kursa vert sett saman ut frå eksisterande kurstilbod frå dei institutta som har fagleg tilknyting til dei ulike linjene.

I andre semester kan studentane alternativt ta 30 stp (studiepoeng) ved andre norske eller utanlandske lærestader.

Innpassing av slike emne må godkjennast av programstyret før studenten kan melde seg opp til eksamen i emnet. Studentane som tar 60 studiepoeng master bør i løpet av dette semesteret skrive prosjektbeskrivelse for masteroppgåva (15 stp).

Rekkefølgje for emna i studiet:

Kursa er sett opp i denne rekkefølgja: 1) Region og regionalisering, (2) Natur-og kulturmiljøforvaltning og (3) Forvaltningsrett. Rekkefølgja skal sikre at studentane først får teoretisk innblikk i programmet sitt innhald, deretter innsikt i korleis natur og landskap, kultur og historie, og samfunn og politikk er samanvevd og i inngrep med kvarandre i praksis.

Linje 1: Masteroppgåve på 60 studiepoeng

Tredje og fjerde semester skriv studentane individuelle masteroppgåver. Desse kan vere knytt opp mot forskingsprosjekt innanfor rammene av forskingsprogrammet Region og regionalisering ved Universitetet i Bergen.

Dette programmet vil være basert på eitt eller fleire tverrfaglige forskingsmiljø der forskarar med ulike fagbakgrunn går inngår i eit forpliktande samarbeid.

A. Kursdelen omfattar desse emna:

KodeNamnStp/ectsSemesterREG 301Region og regionalisering10HaustREG 302Natur- og kulturmiljøforvaltning10HaustREG 303Forvaltningsrett10HaustKurs/fordjuping frå eiga spesialisering30Vår

B. Masteroppgåva:

KodeNamnStp/ectsSemesterREG 350-60Masteroppgåve60Haust/vår

Linje 2: Masteroppgåve på 30 studiepoeng

I tredje semester samlast studentane på denne linja igjen for å fylgje først eit kurs i

akademisk skriving, før dei tek til i eit tverrfagleg teamarbeid, "Problemløysing i team".


I dette semesteret vert det arrangert seminar der grupper av studentar presenterer sine

rapporter for de andre i programmet.

Studentane skriv prosjektskisse for masteroppgåva (skal byggje på teamarbeidet).

A. Kursdelen omfattar desse emna:

KodeNamnStp/ectsSemesterREG 301Region og regionalisering10HaustREG 302Natur- og kulturmiljøforvaltning10HaustREG 303Forvaltningsrett10HaustKurs/fordjuping frå eiga spesialisering15VårKurs/fordjuping frå eiga spesialisering15VårREG 304Akademisk skriving II10HaustREG 305Problemløysing i Team og presentasjon av prosjektskisse til masteroppgåve20Haust

B. Masteroppgåva:

KodeNamnStp/ectsSemesterREG 350-30Masteroppgåve30Vår

For tiden tilbys ikke denne varianten, grunnet manglende ressurser.