Studieprogram: MAJUR Femårig masterprogram i rettsvitenskap - Høst 2017




Namn på grad

Master i rettsvitskap. Graden gir rett til tilsvarande tittel. Vitnemål vert utferda når graden er oppnådd. Det er eit vilkår for tildeling av graden at kandidaten gir følgjande løfte (kandidatløftet):

 

"Aldrig vidende at ville vige fra Ret og Retfærdighed, mindre raade nogen til ufornødne Processer eller i andre Maader med sine Raad befordre nogen uretvis Sag eller Intention."

Omfang og studiepoeng

300 studiepoeng. Normert studietid er fem år.

Undervisningsspråk

Norsk. Enkeltemne kan ha undervisning på eit skandinavisk språk eller engelsk.

Studiestart - semester

Kvar haust.

Mål og innhald

Masterstudiet i rettvitskap ved Universitetet i Bergen er på til saman 300 studiepoeng (fem årseiningar). I dette inngår examen philosophicum med 10 studiepoeng og examen facultatum med 10 studiepoeng, spesialemne på til saman 30 studiepoeng, og eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.

Oppbygging:

Studiet byggjer på problembasert læring. Dei to første åra er studentane delte inn i arbeidsgrupper leia av ein vidarekomen student, som møtast kvar veke for å løyse ei gitt oppgåve. På tredje året er gruppene frivillige og sjølvstyrte. Kvar enkelt student skal skrive eit sjølvstendig svar som dei får tilbakemeldingar på. Det er krav om å kommentere medstudentane sine oppgåvesvar.


På fjerde eller femte studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Eitt av emna må ha engelsk som undervisningsspråk. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet.

Kravet om engelskspråkleg emne gjeld ikkje for dei som reiser utanlands og tek emne der undervisningsspråket er ikkje-skandinavisk. Kravet om engelskspråkleg spesialemne gjeld heller ikkje for studentar som vel å skriva masteroppgåve på 60 studiepoeng, eller for studentar som vel bestemte kombinasjonar av spesialemne på til saman 30 sp. Sjå nærare informasjon under overskrifta «tilrådde valemne».

Godkjend deltaking i det tverrfaglege emnet TVEPS kan påførast vitnemålet med null studiepoeng.


Det første semesteret går ex.phil. og ex.fac. parallelt fram til oktober/november. Vi gjer merksam på at studentar som har examen philosophicum og examen facultatum frå før, får berre 10 studiepoeng i haustsemesteret. Emnet i forvaltingsrett I byrjar i månadsskiftet oktober/november og endar med eksamen i januar.

Læringsutbyte

KUNNSKAPER:

Kandidatene har kunnskaper om grunnleggende regler og sammenhenger innen alle fagområder som omfattes av studiet, og spesialisert kunnskap innen fagområder som dekkes av masteroppgaven.

Dette innebærer at kandidatene har kunnskaper om og forståelse av

FERDIGHETER:

Kandidatene kan anvende juridisk metode til selvstendig å analysere, drøfte og ta standpunkt til juridiske problemstillinger. Dette innebærer

Kandidatene kan formidle og evaluere juridiske analyser og standpunkt gjennom

GENERELL KOMPETANSE:

Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatene generelt anvendbar kompetanse knyttet til å

Opptakskrav

Opptak til studiet skjer via Samordna opptak. Jf. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-01-31-173Forskrift om opptak til høyere utdanning . Det er krav om generell studiekompetanse eller tilsvarande. Studiet er adgangsregulert.

Tilrådde forkunnskapar

Gode norskkunnskapar.

Innføringsemne

Examen philosophicum og examen facultatum må være greidd før ein begynner på andre studieår.

Obligatoriske emne

Til saman 270 studiepoeng obligatoriske emne inngår i programmet. Dei resterande 30 studiepoenga vert valde blant nærare angitte spesialemne.

Første studieår

 

Andre studieår

 

Tredje studieår

 

Fjerde studieår

 

Femte studieår

 

Kurs i etikk for jusstudentar er tilrådd i løpet av fjerde eller femte studieår. Gjennomført eller manglande deltaking vert ført på vitnemålet.

Tilrådde valemne

Spesialemner på femte studieår

I mastergraden i rettsvitskap skal det som hovudregel inngå 30 studiepoeng spesialemne.

Tilgjengelege spesialemne finn du under fanen http://www.uib.no/studieprogram/MAJUR#oppbygningStudieløp.

Utvekslingsopphald i utlandet eller spesialemne frå andre norske juridiske fakultet kan inngå i form av godskriving av spesialemne, jf. § 5-9 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Det som er bestemt om spesialemne gjeld ikkje for studentar som etter søknad har fått løyve til å skriva stor masteroppgåve (tilsvarande 60 studiepoeng).

 

Frå og med studieåret 2016/2017 gjeld følgjande:

Generelt om spesialemne på femte studieår

I mastergraden i rettsvitskap skal det som hovudregel inngå 30 studiepoeng spesialemne. Eitt av emna må ha engelsk som undervisningsspråk.

Tilgjengelege spesialemne finn du under fanen http://www.uib.no/studieprogram/MAJUR#oppbygningStudieløp.

Utvekslingsopphald i utlandet eller spesialemne frå andre norske juridiske fakultet kan inngå i form av godskriving av spesialemne, jf. § 5-9 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Det som er bestemt om spesialemne gjeld ikkje for studentar som etter søknad har fått løyve til å skriva stor masteroppgåve (tilsvarande 60 studiepoeng).

 

Spesielt om engelskspråkleg spesialemne

Det som er bestemt om engelskspråkleg emne gjeld ikkje for dei som reiser utanlands og tek emne der undervisningsspråket er ikkje-skandinavisk.

Kravet om engelskspråkleg spesialemne gjeld heller ikkje for studentar som vel ein av følgjande kombinasjonar av spesialemne på til saman 30 sp:

  1. JUS254-2-A Politirett og JUS255-2-A Påtalerett,
  2. JUS256-2-A Skatterett I, JUS256-2-B Skatterett II og JUS257-2-A Grunnleggande selskapsrett
  3. JUS260-2-A Design- og patentrett, JUS260-2-B Opphavsrett, JUS260-2-C Kjenneteiknsrett og JUS260-2-D Marknadsføringsrett (tre av fire)

JUS325 Rettshjelp

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkefølgja for emna i studiet går fram av utdanningsplanen for den enkelte studenten.

Etter tredje studieår kan studentane velje å ta masteroppgåve og spesialemne eller tilsvarande, før emna på fjerde studieår.

Krav til progresjon i studiet

  1. Emna i studiet er obligatoriske om ikkje anna er fastsett i studieplanen. Dei skal takast i den rekkefølgja som er fastsett i studieplanen. Fakultetet kan gjere unntak frå dette i individuell utdanningsplan.
  2. Ved undervisning og prøving på det enkelte emnet vert det føresett kunnskap frå tidlegare emne i utdanningsplanen.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det finst mange alternativ for deg som ønsker å studere eit semester eller to ved eit universitet i utlandet. Du kan reise på utveksling etter å ha fullført tredje eller fjerde studieår. I løpet av studieopphaldet kan du ta valfrie juridiske emne eller skrive masteroppgåve.

Vi har valt ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. Meir enn 1/3 av studentane ved jusstudiet reiser på utveksling.

Kva med å studere sjørett i Southampton, konfliktløysing i USA, EU-rett i Brussel, menneskerettar i Lancaster, miljørett i Auckland eller kinesisk rett i Beijing? Du kan velje mellom rundt 100 universitet i heile Europa og dessutan i Kina, Russland, Sør-Afrika, Australia, New Zealand og USA.

Undervisningsmetodar

1. Det skal vedtakast hovudlitteratur for kvar emne. Det kan i tillegg vedtakast innføringslitteratur og tilleggslitteratur.

2. Hovudlitteraturen skal ha eit omfang på mellom 30 og 60 tekstsider pr. studiepoeng.

3. Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).

4. Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.

5. Obligatorisk undervisning: Det gjeld obligatoriske arbeidskrav, under dette obligatorisk frammøte m.m. Dette er nærare regulert i "Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen".

Vurderingsformer

  1. Hovudregelen er at emna vert avslutta med 4 timars skuleeksamen. Vurderingsforma og lengda går fram av emneskildringane
  2. Eksamen vert halden kort tid etter at emnet er avslutta.
  3. Spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane.
  4. Oppgåvene som vert gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå tidlegare emne.

Karakterskala

  1. Karakterskalaen er A - E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje Greidd (Ikkje bestått). Fakultetsstyret kan vedta at karakteren skal vere Greidd/Ikkje Greidd for eitt eller fleire bestemte emne. Sjå emneskildringane.
  2. Vurderinga av prestasjonane skal skje ut frå innhaldet i det enkelt emnet, læringsmåla, krava til læringsutbytte, prøvingsforma og det studietrinnet emnet er plassert på.
  3. Vurderinga skal elles skje på grunnlag av http://www.uib.no/jur/utdanning/reglement-og-prosedyrer/reglement-i-utdanningssaker-ved-det-juridiske-fakultet/retningsliner-for-karakterfastsetjing-i-masterstudietRetningsliner for karaktersetjing i masterstudiet.

Grunnlag for vidare studium

Mastergraden gir grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Opptak krev godkjent prosjektskildring.

Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter avslutta grad ved å søkje særskild studierett til å ta spesialemne.

Relevans for arbeidsliv

Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.

Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.

Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.

Evaluering

Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:

  1. Alle emna som kan inngå i masterstudiet i rettsvitskap vert evaluert kvart tredje år. Det nærare innhaldet i evalueringa vil gå fram av emneskildringa. [Ordninga er etablert frå hausten 2016. Frå hausten 2019 vil alle emna ha oppdatert informasjon om evalueringsform.]
  2. Ekstern evaluering:
    a) NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning
    b) Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapport
    c) UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar

All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i "Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia" ved Universitetet i Bergen.

Skikkavurdering og autorisasjon

Master i rettsvitskap gjev med visse tilleggskrav (kurs og praksis) rett til autorisasjon som advokat, jf. domstolloven § 220. Autorisasjon vert gjeve av Tilsynsrådet for advokatvirksomhet.

Programansvarleg

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Integrert masterprogram i rettsvitskap har ikkje eige programstyre, men vert administrert av Studieutvalet på vegner av Fakultetsstyret.

Administrativt ansvarleg

Fakultetsdirektøren v/Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. post@jurfa.uib.no

Mål og innhald

Kvar einaste dag dukkar det opp rettslege spørsmål i samfunnsdebatten. Det kan dreie seg om menneskerettar, straff, skattereglar, miljø og IT. Dette er spørsmål som engasjerer dei fleste. Det er vanskeleg å tenkje seg eit velfungerande samfunn utan rettsreglar. Retten slår fast korleis borgarane skal opptre i ulike samanhengar, og dette heng nært saman med politikk og moral. Her er juristane viktige aktørar. Oppgåva deira er å ta avgjerder i rettslege spørsmål med grunnlag i gjeldande reglar, og å gi opplysningar og råd. Men samfunnet er i stadig utvikling, og rettssystemet står heller ikkje i ro. Gjennom lovarbeid gir juristane viktige tilskot til samfunnsutviklinga.

Krav til forkunnskapar

Gode norskkunnskapar er ein fordel, då du som jusstudent heile tida brukar det norske språket aktivt.

Tilrådde forkunnskaper

Gode norskkunnskapar er ein fordel, då du som jusstudent heile tida brukar det norske språket aktivt.

Undervisning

Profesjonsstudiet i rettsvitskap byggjer på ein kursmodell.

Dette inneber at alle studentane i utgangspunktet tek dei same faga/kursa i same rekkjefølgje, slik desse blir gjennomførte i det enkelte studieåret. På denne måten byggjer det eine faget på det andre, og det blir jamn progresjon gjennom heile studiet. Prøvinga av studentane skjer på kvart enkelt fag eller kurs. For å få godkjent lukka kurs, må du som hovedregel ha oppfylt krava i studieplanen om å vera til stades på samlingar, levera oppgåver, med meir.