Studieprogram: MAJUR-2 Toårig masterprogram i rettsvitenskap - Høst 2017




Namn på grad

Master i rettsvitskap.

Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng.

Masterprogrammet er normert til to års fulltidsstudier.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Studiet er på tilsaman 120 studiepoeng (to årseiningar). I dette inngår eit sjølvstendig skriftleg arbeid på normalt 30 studiepoeng (masteroppgåve). Etter søknad kan masteroppgåva vere på 60 studiepoeng.

Studiet byggjer på problembasert læring. På andre studieåret kan ein velje emne etter eigne interesser. Ein skal også skrive ei masteroppgåve basert på ei juridisk problemstilling. I løpet av denne perioden har ein høve til å reise på studieopphald i utlandet.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidatane har kunnskapar om grunnleggande regler og samanhengar innan alle fagområde som vert omfatta av studiet, og spesialisert kunnskap innan fagområder som vert dekte av masteroppgåva.

Dette inneber at kandidatane har kunnskapar om og forståing av

Dugleik:

Kandidatane kan anvende juridisk metode til sjølvstendig å analysere, drøfte og ta standpunkt til juridiske problemstillingar. Dette inneber

 

Kandidatane kan formidle og evaluere juridiske analysar og standpunkt gjennom

Generell kompetanse:

Gjennom studieprogrammet oppnår kandidatane generelt anvendeleg kompetanse knytt til å

Opptakskrav

Fullført og bestått bachelorgrad i rettsvitskap eller juss frå Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Agder eller Universitetet i Stavanger, totalt 180 studiepoeng. Faginnhaldet i bachelorgraden må oppfylle alle faglege krav i dei tre første studieåra i femårig integrert masterprogram i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen. 

For å vere kvalifisert for opptak må søkar ha eit karaktersnitt på C eller betre i dei emna som inngår i opptaksgrunnlaget.

NB! Tilbod om opptak kan berre gis til søkarar som ikkje har fått tilbod om opptak til Integrert masterprogram i Rettsvitskap ved Universitetet i Bergen gjennom Samordna Opptak.

 

Obligatoriske emne

Fyrste år:

JUS241 Strafferett

JUS242 Rettargang

JUS243 Allmenn formuerett

Andre år:

30 sp spesialemne og 30 sp masteroppgåve

eller

60 sp masteroppgåve etter søknad

JUSETIKK - Kurs i etikk for jusstudenter

Tilrådde valemne

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølgje kan endrast etter søknad

Fyrste år:

JUS241 Strafferett

JUS242 Rettargang

JUS243 Allmenn formuerett

Kurs i etikk for jusstudentar.

Andre år:

30 sp spesialemne og 30 sp masteroppgåve

eller

60 sp masteroppgåve etter søknad

Delstudium i utlandet

Emne som svarar til spesialemne og masteroppgåve kan takast i utlandet. Fakultetet har ei rekkje avtalar med utanlandske lærestader.

Undervisningsmetodar

  1. Det skal vedtakast hovudlitteratur for kvar emne. Det kan i tillegg vedtakast innføringslitteratur og tilleggslitteratur.
  2. Hovudlitteraturen skal ha eit omfang på mellom 30 og 60 tekstsider pr. studiepoeng.
  3. Undervisninga er basert på problembasert læring (PBL).Førelesingar vert som hovudregel tilbodne i alle emne.

Seminarundervisning vert tilbode på første studieår. Det er krav til førebuing og aktiv deltaking.

Undervisningsformen i spesialemna på femte studieår varierer. Sjå kvar enkel emneskildring.

Obligatorisk rettleiiing for masteroppgåva.

Omfang av rettleiinga: Studentane har rett og plikt til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Det vert gitt 10 timars rettleiing per student. Studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, får 20 timars rettleiing. Timetalet omfattar den tida rettleiaren bruker til lesing av utkast, til utarbeiding av kommentarar og til samtale med studenten. Rettleiinga skal avgrensast til eitt semester, med mindre noko anna er særskilt avtalt, eller det er særlege grunnar til at arbeidet med masteroppgåva har teke lengre tid. For studentar som etter søknad har fått løyve til å skrive masteroppgåve på 60 studiepoeng, skal rettleiinga, med dei same atterhalda, avgrensast til to semester.

Form: Rettleiinga kan gjevast individuelt eller i grupper. Dersom rettleiinga blir gjeven i gruppe, skal det i tillegg vere noko individuell rettleiing.

Rettleiingsskjema: Det skal førast eit skjema for rettleiinga som er gjeven. Dersom det er gjeve rettleiing frå andre enn den som fakultetet har oppnemnt som rettleiar, skal det gjerast greie for dette i skjemaet.

ArbeidsplanStudent og rettleiar skal fastsetje ein arbeidsplan i første møte.

Endringar i rettleiingstilhøvet: Ein student som meiner at rettleiinga eller rettleiingssituasjonen ikkje er tilfredsstillande, skal gi melding om dette til fakultetet og eventuelt få oppnemnt ny rettleiar dersom det er grunn til det. Meiner rettleiaren at studenten ikkje oppfyller pliktene sine på tilfredsstillande vis, skal fakultetet ha melding om dette, og endring eller avslutting av rettleiingstilhøvet skal vurderast.

  1. Undervisningsformene i kvart enkelt emne går fram av emneskildringa.
  2. Obligatorisk undervisning: Det gjeld obligatoriske arbeidskrav. Dette er nærare regulert i "Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen".

Vurderingsformer

Hovudregelen er at emna vert avslutta med 4 timars skuleeksamen. Vurderingsforma og lengda går fram av emneskildringane Eksamen vert halden kort tid etter at emnet er avslutta. Spesialemne kan ha andre ordningar; sjå emneskildringane. Oppgåvene som vert gjevne til eksamen kan omfatte læringskrav også frå tidlegare emne.

Karakterskala

Karakterskalaen er A - E for Greidd (Bestått) og F for Ikkje greidd (Ikkje bestått). Fakultetsstyret kan vedta at karakteren skal vere Greidd/Ikkje greidd for eitt eller fleire bestemte emne. Sjå emneskildringane. Vurderinga av prestasjonane skal skje ut frå innhaldet i det enkelt emnet, læringsmåla, krava til læringsutbytte, prøvingsforma og det studietrinnet emnet er plassert på. Vurderinga skal elles skje på grunnlag av Retningsliner for karaktersetjing i masterstudiet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk og Diploma Supplement på engesk vert skrive ut etter at graden er fullført. Kandidatløfte må vere gjeve.

Grunnlag for vidare studium

Mastergraden gir grunnlag for opptak til ph.d.-utdanning. Opptak krev godkjent prosjektskildring.

Det er mogleg å oppdatere og utvide kompetansen ved å ta ytterlegare spesialemne etter avslutta grad ved å søkje særskild studierett til å ta spesialemne.

Evaluering

Studiet er underlagt fleire formar for evaluering:

  1. Studentevaluering er etablert som fast ordning i det første studieåret. Spesialemne vert evaluerte etter nærare reglar.
  2. Lærarevaluering vert gjort årleg på grunnlag av mellom anna studentevaluering og statistiske data frå kursa (deltakartal, gjennomføring, eksamensresultat, gjentaksprosent mv.).
  3. Ekstern evaluering: a) NOKUT har kontinuerleg tilsyn med kvaliteten i høgre utdanning b) Programsensorar knytt til masterprogrammet i rettsvitskap gjer evalueringar av nærare angjevne, avgrensa delar av studiet og avgjer årleg rapport c) UiB sentralt fører tilsyn med drifta via nærare fastlagde rapporteringsrutinar

All intern evaluering skal følgje dei krava som er fastsette i "Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia" ved Universitetet i Bergen.

Skikkavurdering og autorisasjon

Programansvarleg

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Masterprogram i rettsvitskap har ikkje eige programstyre, men vert administrert av Studieutvalet på vegner av Fakultetsstyret.

Administrativt ansvarleg

Fakultetsdirektøren v/Studieseksjonen ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. mailto:post@jurfa.uib.nopost@jurfa.uib.no

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: mailto:studierettleiar.jurfa@uib.nostudierettleiar.jurfa@uib.no

Yrkesvegar

Få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som juristutdanninga. Vi finn juristar overalt i arbeidslivet og det vil alltid vere stor etterspurnad etter dei med juridisk utdanning.

Medan fleire juristar går inn i næringslivet, f.eks. innan bank, forsikring, varehandel, industri eller skipsfart, jobbar andre innanfor offentleg forvalting som i NAV, Skatteetaten og Konkurransetilsynet. Departementa og politiet/påtalemakta er populære og viktige arbeidsgivarar for juristar. Andre aktuelle arbeidsplassar er mediebransjen og organisasjonslivet. Ein kan dessutan arbeide med forsking og undervisning ved universitet og høgskolar.

Ein kan også bli dommar eller gå inn i advokatyrket. Det er berre juristar (advokatar) som har løyve til å drive profesjonell rettshjelp og føre saker for domstolane. For å få tittelen advokat og løyve til å arbeide som advokat, må ein ta eit obligatorisk advokatkurs. Ein må også ha to års godkjend juridisk praksis, vanlegvis som advokatfullmektig, dommarfullmektig eller politifullmektig.