Studieprogram: MAMD-FYST Masterprogram i helsefag - Fysioterapivitenskap - Høst 2017




Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i helsefag, studieretning fysioterapivitskap.

 

Studiet byggjer på bachelorgrad i fysioterapi.

 

Deltidsstudium er mogleg.

Omfang og studiepoeng

Omfanget til masterprogrammet er på 120 studiepoeng.

30 studiepoeng er felles emne for heile masterprogrammet.

30 studiepoeng er fagspesifikke emne for studieretningen, 10 av studiepoenga er valfrie.

 

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.

 

Studiestart - semester

Sjå informasjon om studieretninga på denne sida:

http://www.uib.no/studieprogram/MAMD-HELSE/MAMD-FYST

Mål og innhald

Mål:

Målet med Masterprogram i helsefag, Studieretning fysioterapivitskap er at studentane får eit vitskapsteoretisk, -metodisk og fagleg grunnlag for å vurdere og vidareutvikle faget fysioterapi, både som klinisk og vitskapeleg felt. Studietilbodet vert relatert til dei tematiske områda innan Forskingsgruppe i fysioterapi: Muskel- og skjelettplager, Balanse og gangfunksjon, Nevrorehabilitering og Målemetodar og evalueringsformer.

Innhald/ studiet si oppbygging:

Obligatoriske fellesemne, 30 studiepoeng:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema, 15 sp

HEL320A Forskingsmetode og -etikk, 10 sp

HELSTA Statistikk i helsefagleg forsking, 5 sp

 

Obligatoriske fagspesifikke emne, 20 studiepoeng:

FYST331 Målemetodar og evalueringsformer

FYST332 Rørslevitskap

 

Valfritt, fagspesifikt emne ,10 studiepoeng:

FYST333 Muskel- og skjelettplagar

 

Det valfrie emnet FYST333 kan erstattast med eit anna studieopplegg på masternivå som er fysioterapirelevant og/eller eit metodisk emne med relevans for masteroppgåva, eller kan erstattast med eit studieopphald i inn- eller utland på 3-4 veker i eit fysioterapirelevant forskningsmiljø, med rapport etter avslutta opphald.

 

Innhaldet i det valfrie emnet må godkjennast av ein representant for Faggruppe for masterstudier i fysioterapi.

 

 

FYST395 Masteroppgave i fysioterapivitenskap.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført Masterstudie i helsefag, Studieretning Fysioterapivitskap skal kandidaten

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag ¿ studieretning fysioterapivitskap, må ein ha bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande utdanning.

For søkjarar med grunnutdanning i fysioterapi utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga. Det er ein føresetnad for opptak at søkjar har autorisasjon som fysioterapeut.

Inntil 2 plassar kan likevel opnast for andre med annan helsefagleg profesjonsbakgrunn etter individuell vurdering.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Dei fagspesifikke emna er tilrettelagt for masterstudentar på Studieretning fysioterapivitskap, men kan vere opne for andre med studierett og relevant faglig bakgrunn dersom det er ledige studieplassar, eller ved nærare avtale.

Obligatoriske emne

Obligatoriske emne

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema

HEL320A Forskingsmetode og -etikk

HELSTA Statistikk i helsefagleg forsking

FYST331 Målemetodar og evalueringsformer

FYST332 Rørslevitskap

Omfang masteroppgåva

FYST395 Masteroppgåve i fysioterapivitskap.

 

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar). Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.

 

Målet med masteroppgåva er å fremje evna til kritisk analytisk tenking innan eige fag og om produksjon av kunnskap generelt. Gjennom oppgåva skal studenten få inngåande erfaring med bruk av vitskapelege framgangsmåtar i innsamling og analyse av eit forskingsmateriale, bruk av relevant teori samt fremje evna til sjølvstende og kritisk tenking i tolking av funn. Studenten skal kunne ta forskingsetisk godt funderte val.

Rekkefølgje for emne i studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gje innsyn i teori og verdigrunnlag for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deltidsstudentar byrjar med Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema (15 sp) i første semester og tek i tredje semester Forskingsmetode og -etikk (10 sp) og Statistikk i helsefagleg forsking (5 sp) .

Dei tre fagspesifikke emna i studiet er lagt til andre semester for fulltisstudentar, og andre semester (Målemetodar og evalueringsformer, 10sp og Bevegelsesvitskap, 10sp) og fjerde semester (Valfritt emne, 10 sp) for deltidsstudentar.

Eit vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve er lagt til det tredje og fjerde semesteret for heiltidsstudenter. Deltidsstudentar kan bruke to år på oppgåva, 5. - 8. semester.

 

 

Undervisningsmetodar

I undervisninga vert det nytta mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, munnleg framlegg, seminar, og skriftlege arbeid. Det vert gjeve nettbasert, gruppe og individuell rettleiing. Spesifikke reiskapskurs som til dømes bruk av databasar og statistikkprogram, er og ein del av undervisningstilbodet.

Vurderingsformer

Det inngår ulike former for vurdering, både munnleg og skriftleg, og det vert arrangert heimeeksamen og mappevurdering.

Karakterskala

Karakterskala A - F. I nokre høve nyttast godkjent / ikkje godkjent.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogram i helsefag, Studieretning fysioterapivitskap kvalifiserer for:

Evaluering

Emna vert evaluert munnleg og skriftleg. Studieretninga vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Programansvarleg

Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Kontakt: studie@igs.uib.no

 

Administrativt ansvarleg

Det medisinsk-odontologiske fakultet,

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontaktopplysningar:

studie@igs.uib.no

http://www.uib.no/utdanning/studietilbud/medisin-odontologi-og-helsefag/helsefag

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på

studere.uib.no/opptak/master

Mål og innhald

Faget fysioterapi har grunnlag i praksis og empiri, og studieretninga fysioterapivitskap tek sikte på å fremje eit teoretisk og vitskapleg fundament. Kroppen og rørslene til mennesket representerer faget sin innfallsport til helse og funksjon, og rørsle er både målsetjing og middel. Fysioterapi inkluderer kartleggjande så vel som førebyggjande, rehabiliterande og lækjande siktemål, og faget spenner over ulike nivå frå enkelte detaljfunksjonar til livsutfalding. Fysioterapi har eit grunnlag i ein mellommenneskeleg, problemløysande og ressursorientert tilnærming, og speler på generative livsprosessar. Dei fagspesifikke emna skal gi fordjuping og refleksjon i forståing av mennesket sin kropp og rørsler i eit helseperspektiv og gi grunnlag for kritisk analytisk bruk av teoriar og metodar i fysioterapi.

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga fysioterapivitskap, må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut..For søkjarar med grunnutdanning fysioterapi utan bachelorgrad, blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanningen.

Krav til forkunnskapar

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning fysioterapivitskap må du ha bachelorgrad i fysioterapi og autorisasjon som fysioterapeut.

Undervisning

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere et frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi ei instruktiv, skriftleg, klar og presis framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng også saman med den faglege fordjupinga du har valt.

Oppbygging av studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

1.semester

HEL310 - Vitskapsteori og sentrale

helsevitskaplege tema

HEL320 - Forskingsmetode og -etikk

2. semester

FYST331 - Målemetodar og evalueringsformer

FYST332 - Rørslevitskap

FYST333 - Muskel- og skjelettlidingar

3. og 4. semester

FYST395 - Masteroppgåve

Fageining og spesialisering

Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan

grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.

Den fagspesifikke delen i studieretning fysioterapivitskap er fordelte på desse emna:

o Målemetodar og evalueringsformer (10 studiepoeng).

o Vitskapen om rørsler (10 studiepoeng).

o Muskel- og skjelettlidingar (10 studiepoeng).

Tilrådde valemne

Valfritt emne

FYST333 Muskel- og skjelettplagar

 

Innhaldet i det valfrie emnet skal godkjennast av Faggruppe i fysioterapi.

 

 

 

Krav om rekkefølgje - emne

Den fagspesifikke studiedelen består av 3 emner, hvert på 10 studiepoeng. Hvert emne går over 1 semester hvor undervisning er konsentrert til 6-7 uker fordelt på 3 bolker i vårsemesteret.
Deltidsstudenter bør ta de obligatoriske emnene FYST331 og FYST332 i første studieår. Studentene kan bytte ut det valgfrie emnet FYST333 med andre emner. Et slikt bytte skal godkjennes av Seksjon for fysioterapivitenskap.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:

o utdanningsarbeid på universitet og høgskolaro fagutvikling i klinisk verksemd

o forsking og utvikling

o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen

Oppstart

Haust.

Programansvarleg

Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Kontakt: studie@isf.uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag, seksjon for fysioterapivitskap. studie@isf.uib.no

Meir informasjon

E-post: Studie@isf.uib.no

Tlf: 55 58 85 13/ 55 58 61 00