Studieprogram: MAMD-GENV Masterprogram i helsefag - Genetisk veiledning - Vår 2017




Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, studieretning genetisk rettleiing.

Studiet byggjer på bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande

 

Omfang og studiepoeng

Omfanget til masterprogrammet er på 120 studiepoeng.

30 studiepoeng er felles emne for heile masterprogrammet.

30 studiepoeng er fagspesifikke emne for studieretningen.

 

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.

Studiestart - semester

Sjå informasjon om studieretninga på denne sida:

http://www.uib.no/studieprogram/MAMD-HELSE/MAMD-GENV#

Mål og innhald

Genetisk rettleiing blir ofte definert som ein kommunikasjonsprosess som blant anna skal ta for seg menneskelege utfordringar assosiert med førekomst, eller risiko for førekomst av ein arveleg sjukdom i ein familie. Kommunikasjonsprosessen er to-delt, og har ein helsepedagogisk del kor genetisk informasjon skal bli gjort tilgjengeleg for pasientane, og ein emosjonell del kor rettleiiar skal møte og ivareta pasienten sine behov for omsorg og oppfølging. Desse to delane blir avspegla i dei to obligatoriske fagspesifikke emna (se under).

 

Det overordna målet for studieretninga i Genetisk rettleiing er å gje fordjuping og høve til refleksjon innafor fagområda til genetisk rettleiing. Studiet skal vidareutvikle Genetisk rettleiing sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskaplege kriterie. Studiet skal gje ein heilskapleg kompetanse som tek hand om både teknologisk og metodisk fagleg vidareutvikling. Den teknologiske utviklinga som skjer innan genteknologi krev medisinsk genetisk kunnskap så vel som omfangsrik kunnskap innan mellom anna rettleiingsteknikkar, kommunikasjonsteknikkar, jus, psykologi og krisereaksjonar. Dei fagspesifikke emna skal gje studentane fordjuping i spesifikke fagområde innanfor genetisk rettleiing.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført Masterprogram i helsefag, Studieretning genetisk rettleiing skal studenten:

 

- kunne gjere greie for sentrale helsefaglege og vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar, og bruke dei i forståinga av kunnskap og kunnskapsutvikling.

- vise ei akademisk-analytisk haldning til utvikling, kvalitetssikring og implementering av teoretisk og empirisk kunnskap innan radiografi- eller bioingeniørfaget og andre helsefag

- vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosess og klinisk arbeid.

- kunne vurdere publiserte forskingsarbeid innan genetisk rettleiing og andre helsefag etter vitskaplege kriteria.

- kunne formidle aktuell fagkunnskap i genetisk rettleiing på ein reflektert måte og bidra til utvikling av ny kunnskap innan fagfeltet ved bruk av vitskaplege metodar.

- vise sjølvstende til innhenting og bruk av relevant kunnskap og nytte høvelege forskingsmetodar og relevant teori i eige forskingsarbeid, og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang med relevans for eige fag.

- demonstrere ein heilskapleg kompetanse som ivaretar både teknologisk og metodisk kunnskap saman med eit heilskapleg helsefagleg perspektiv.

- bygge opp haldningar relatert til bruksområde og avgrensingar ved ulike praktiske og vitskaplege tradisjonar relatert til helse og medisin.

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, Genetisk rettleiing, må ein ha bachelorgrad i helsefag, tilsvarende bachelorgrad kan vurderes.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre

 

Obligatoriske emne

 

 

Omfang masteroppgåva

GENV 395 Masterprogram i helsefag, Genetisk rettleiing: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring.

 

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar). Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.

 

Målet med masteroppgåva er å fremje evna til kritisk analytisk tenking innan eige fag og om produksjon av kunnskap generelt. Gjennom oppgåva skal studenten få inngåande erfaring med bruk av vitskapelege framgangsmåtar i innsamling og analyse av eit forskingsmateriale, bruk av relevant teori samt fremje evna til sjølvstende og kritisk tenking i tolking av funn. Studenten skal kunne ta forskingsetisk godt funderte val

Rekkefølgje for emne i studiet

Heiltid:

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gje innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Det andre semesteret er fagspesifikt og skal gje innsikt i humangenetikk og fagfelt som inngår i genetisk rettleiing.

Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve er lagt til det tredje og fjerde semesteret.

1. semester:

 

2. semester:

Obligatoriske, 30 studiepoeng:

 

3. og 4. semester:

GENV 395 Masterprogram i helsefag, Genetisk rettleiing: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring 60 studiepoeng

 

 

Undervisningsmetodar

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, studentpresentasjonar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring samt eit obligatorisk kommunikasjonskurs.

Bibliotekundervising inneheld bruk av databasar, referansesystem, litteratursøk, kjeldebruk og etikk knytt til kjeldebruk, samt endnotekurs

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:

o utdanningsarbeid på universitet og høgskolar

o fagutvikling i klinisk verksemd

o forsking og utvikling

o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen

Programansvarleg

Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Kontakt:studie@igs.uib.no

 

 

Administrativt ansvarleg

Det medisinsk-odontologiske fakultet,

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontaktopplysningar:

studie@igs.uib.no

tlt 55 58 61 00  

 

 

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Mål og innhald

Det overordna målet for studieretninga i genetisk rettleiing, er å førebu deg på arbeidsoppgåver som er knytte til medisinsk genetisk verksemd, mellom anna det å delta i genetisk utgreiing, rettleiing og oppfølging innanfor rammene av norsk lovverk for helsepersonell. Utdanninga skal kvalifisere til realkompetanse som genetisk rettleiar, og til kunnskapsutvikling og forsking innan faget. Det er eit prøveprosjekt som vi vurderer å setje i gang som eit permanent tilbod. Du som tek denne studieretninga i prøveperioden, kan berre gjere dette som eit heiltidsstudium.

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning genetisk rettleiing, må du ha bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande. Har du annan relevant bachelorgrad kan du også bli vurdert. Som del av opptaksgrunnlaget eller av eit utvida opptaksgrunnlag, blir det kravd eksamen i ei fageining eller spesialisering (på til saman minst 90 studiepoeng). Helsefagleg grunnutdanning oppfyller krav om fagleg spesialisering.For søkjarar med helsefagleg grunnutdanning utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng (60 vekttal) medrekna helsefagleg grunnutdanning. Med "helsefagleg grunnutdanning" meiner vi utdanning til sjukepleiar, vernepleiar, bioingeniør, ergoterapeut, radiograf, fysioterapeut, audiograf, ortopediingeniør, reseptar, og tannpleiar.

Krav til forkunnskapar

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning genetisk rettleiing må du ha bachelorgrad i helsefag eller tilsvarande. Har du annan relevant bachelorgrad kan du også verte vurdert.

Som del av opptaksgrunnlaget eller av eit utvida opptaksgrunnlag, vert det kravd eksamen i ei fageining eller spesialisering (til saman minst 90 studiepoeng). Helsefagleg grunnutdanning støttar krav om fagleg spesialisering.

For søkjarar med helsefagleg grunnutdanning utan bachelorgrad vert det kravd minimum 180 studiepoeng (60 vekttal) medrekna helsefagleg grunnutdanning.

Med "helsefagleg grunnutdanning" meiner me utdanning til sjukepleiar, vernepleiar, bioingeniør, ergoterapeut, radiograf, fysioterapeut, audiograf, ortopediingeniør, reseptar, og tannpleiar.

Undervisning

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, seminar og sjølvstendige skriftlege arbeid. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet. Det blir lagt opp til aktiv studentdeltaking med til dømes nettbasert læring der det er mogleg.
I samband med skriving av masteroppgåva, blir det organisert forskingsseminar, der det også inngår samlingar på tvers av studieretningane.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi instruktiv, klar og presis skriftleg framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng også saman med den faglege fordjupinga innanfor den studieretninga du har valt.

Oppbygging av studiet

Den felles studiedelen i første semesterskal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i genetisk rettleiing er lagt til andre semester.

1. semester HEL310 - Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema 15 sp. HEL320 - Forskingsmetode og -etikk 15 sp.

2. semester GENV331 - Human genetikk - basalgenetiske emneområde og medisinsk genetikk 12 sp. GENV332 - Genetisk rettleiing - teori og praksis (modul 2 og 3) 18 sp.

3. og 4. semester Masteroppgåve 60 sp.

Fageining og spesialisering

Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan
grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.
Den fagspesifikke delen i genetisk rettleiing er fordelte på desse emna:
o Human genetikk - basalgenetiske emneområde og medisinsk genetikk (12 studiepoeng).
o Genetisk rettleiing - emneområde som er knytte til genetisk rettleiing (12 studiepoeng).
o Praktisk genetisk rettleiing (6 studiepoeng)

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:

o utdanningsarbeid på universitet og høgskolar

o fagutvikling i klinisk verksemd

o forsking og utvikling

o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen

Oppstart

Haust

Administrativt ansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag.

studie@isf.uib.no

Meir informasjon

E-post: studie@isf.uib.no Tlf.: 55 58 63 26/55 58 61 00