Studieprogram: MAMD-HELSE Masterprogram i helsevitenskap - Høst 2017
Omfang og studiepoeng
Studiets omfang er 120 studiepoeng, som svarar til to års fulltidsstudium, eventuelt fire års deltidsstudium.
Studiet har ein felles studiedel på 30 studiepoeng, samt ulike faglege spesialiseringar på 30 studiepoeng. I tillegg inngår eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng, som vert knyta til fagleg spesialisering.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Mastergradsstudiet har med sin tverrfaglige og profesjonsovergripande profil til hensikt å forsterke fagleg fellesskap og forståing mellom helsefaga, og bidra til kompetanseheving i dei enkelte faglege spesialiseringane.
Gjennom ein felles studidel skal studentane få innsikt i helsefaga sin teori- og verdigrunnlag og kjennskap til grunnleggande prinsipp for vitskapsteori og forskningsmetode. Studiet skal på den måten stimulere til tverrfagleg utveksling og utvikling av kompetanse.
Samtidig blir det lagt vekt på fordjuping og refleksjon innan sentrale fagspesifikke temaområde med utgangspunkt i fagidentitet og særtrekk ved den enkelte studieretning. På grunnlag av dette skal studentane under rettleiing vere i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid i form av ei masteroppgåve.
Studieretningane som alle har eigen studieplan er:
- Fysioterapivitskap
- Genetisk rettleiing
- Radiograf/Bioingeniør
- spesialisering innan yrkeshygiene - Sjukepleievitskap
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- kunne gjere greie for sentrale helsefaglege og vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar, og bruke dei i forståinga av kunnskap og kunnskapsutvikling
- vise ei akademisk-analytisk haldning til utvikling, kvalitetssikring og implementering av teoretisk og empirisk kunnskap innan helsefaga
Ferdigheiter
- kunne vurdere publiserte forskingsarbeid innan helsefaga etter vitskapelege kriteria
- kunne formidle aktuell fagkunnskap i eige fagfelt på ein reflektert måte og bidra til utvikling av ny kunnskap innan fagfeltet ved bruk av vitskapelege metodar
- vise sjølvstendig evne til innhenting av aktuell kunnskap og nytte høvelege forskingsmetodar i eige forskingsarbeid, og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang med relevans for eige fagfelt.
Generell kompetanse:
- vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosess og klinisk arbeid
Opptakskrav
For å bli tatt opp på masterprogrammet i helsevitskap må ein ha helsefagleg bachelorgrad tilpassa studieretninga.
For søkjarar med grunnutdanning utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga.
Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.
Obligatoriske emne
Felles studiedel:
Rekkefølgje for emne i studiet
Felles studiedel:
- HEL310 - 1. semester
- HEL320A -1. semester. Deltid: 3. semester
- HELSTA - 1. semester og 3. semester for deltid
Fagspesifikke emne - 2. semester. Deltid: 2. og 4. semester
Sjå plan for studieretninga
Undervisningsmetodar
I felles studiedel vert undervisninga konsentrert i 2 (3) vekers bolkar tre gonger i haustsemesteret. Enkelte studieretningar har og undervisning i bolkar om våren på dei fagspesifikke emna.
- Det vært nytta ulike læringsformer:
- Førelesingar
- gruppearbeid
- forskingsseminar
- sjølvstendige skriftlege arbeid
- eigne presentasjonar
- nettbasert innlevering og tilbakemelding.
Sjå dei ulike emna.
Vurderingsformer
Det vert nytta ulike vurderingsformer, til dømes:
- Individuell, skriftleg forskingsdesignoppgåve
- Gruppeoppgåve godkjent etter munnleg framlegg med tilbakemelding i seminar.
- Obligatorisk oppgåve levert inn mot slutten av semesteret.
- Heimeeksamen
- Mappevurdering
- Skriftleg eksamen (skuleeksamen)
- Innlevering av masteroppgåve med justerande munnleg presentasjon
Sjå på dei ulike emna.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført og bestilling på vitnemål er sendt.
Relevans for arbeidsliv
Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer for:- utdanningsoppgåver på universitets- og høgskulenivå
- fagutviklingsoppgåver i klinisk verksemd
- forskings- og utviklingsoppgåver
- fagleg leiing i privat praksis og offentleg forvaltning
- faglege og administrative oppgåver i offentlig forvaltning
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no. Det blir brukt varierande evalueringsformer på emna.
Programansvarleg
Programutval for helsefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Det medisinsk-odotologiske fakultet v/Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunsmedisin, e-post : studie@igs.uib.no
Tlf 55 58 61 00