Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeuter (MMT)
Studiet byggjer på bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarende.
Omfanget til masterprogrammet er på 120 studiepoeng.
15 studiepoeng er felles emne med masterprogram i helsefag.
75 studiepoeng er fagspesifikke emne.
I det andre studieåret skal studentane skrive ei masteroppgåve som bind teori og praksis saman innan manuellterapi, og kunnskap knytt til undersøking og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager skal synleggjerast. Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng og skal vera eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt.
Mål:
Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og skal vere spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet.
Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving.
Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium.
Innhald/ studiet si oppbygging:
Innhaldsmessig består Klinisk masterstudium i manuellterapi (MMT) av fire modular:
Modul A: Manuellterapi - 15 + 20 + 30 studiepoeng
MANT311A / Manuellterapi del 1: Teori, dugleiksopplæring og praksis i manuellterapi
MANT312A / Manuellterapi del 2: Teori, dugleiksopplæring og praksis i manuellterapi
MANT395 / Manuellterapi teori og masteroppgåve
Modul B: Forskingsmetode - 10 + 5 studiepoeng
HEL320A / Forskingsmetode og -etikk
HELSTA / Statistikk i helsefagleg forsking
Modul C: Basalfag - 6 emne á 5 studiepoeng
MANT301A / Smertefysiologi
MANT302A / Anatomi
MANT303A / Radiologi
MANT304A / Rørslevitskap og treningsteori
MANT305A / Patologi
MANT307 / Biomekanikk
Modul D: Teoretiske støttefag - 10 studiepoeng
MANT306 / Helse, sjukdom, kommunikasjon, beslutningsteori og trygdelovgivning
Studiet har forskingsmetode felles med det tverrfaglege Masterprogrammet i helsefag.
I studiet skal studenten praktisere under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til dette formålet, og kontrakt med praksisstaden vert gjort ved tildeling av studieplass
Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heva sin formelle og reelle kompetanse gjennom å vidareutvikle sine teoretiske kunnskapar og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapelig basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga. MMT tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på et samfunnsorientert perspektiv for sjukdom.
Klinisk Masterutdanning er eit fordjupingsstudium for fysioterapeutar i undersøking og behandling av lidingar i muskel- og skjelettapparatet og etter fullført studium skal studenten:
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar, må ein ha bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og norsk autorisasjon som fysioterapeut samt 1 år fysioterapipraksis etter autorisasjon.
Det er ein fordel, men ikkje eit krav, å ha relevant fysioterapipraksis i undersøking og behandling av pasientar med muskelskjelett lidingar.
Søker må forstå og snakke norsk flytande ettersom studiet inneheld mykje pasientbehandling.
Alle emne er obligatoriske.
Studiet vektlegg det teoretiske grunnlaget i faget, kliniske ferdigheiter og praktisk utøving. Teoriundervisning og ferdigheitstrening i manuellterapi føregår i felles obligatorisk undervisning ved universitetet, mens utøving skjer i pasientbehandlingssituasjon under supervisjon hos godkjent rettleiar. For å kunne gå opp til avsluttande klinisk eksamen i manuellterapi må studenten dokumentera at han/ho minimum har hatt 1800 pasientkonsultasjonar.
Før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen i manuellterapi, må ho/han ha fått godkjent alle tidlegare interne oppgåver og eksamenar. Studenten må ikkje ha et fråvær frå undervisninga som overskrider 20% i den eininga som skal prøvast ut til eksamen. Dokumentasjon frå rettleiar for gjennomført og godkjent klinisk praksis må innleverast før studenten får gå opp til avsluttande praktisk eksamen. Etter søknad kan masteroppgåva innleverast etter klinisk eksamen dersom særskilte grunner tilseier det.
I det andre studieåret skal studentane skrive ei masteroppgåve som bind teori og praksis saman innan manuellterapi, og kunnskap knytt til undersøking og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager skal synleggjerast.
Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng og skal vera eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Overordna mål med masteroppgåva er å fremja evna til kritisk analytisk tenking innan faget manuellterapi. Gjennom masteroppgåva skal studenten få erfaring i å gjennomføre ei systematisk studie ved hjelp av vitskaplige metodar og forskingsetiske godt funderte val, og å dokumentera forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang knytt til manuellterapi.
Dette er ei rettleiande oversikt over emne som går inn som ein del av studieprogrammet. Det kan kome endringar.
MANT311A / Manuellterapi del 1 føregår i 1. og 2. semester
MANT312A / Manuellterapi del 2 føregår i 3.og 4. semester
MANT395 / Masteroppgåva er i 3. og 4. semester
HEL320A / Forskingsmetode og -etikk er i 2. semester
HELSTA / Statistikk i helsefagleg forsking er i 2. semester
MANT301A / Smertefysiologi er 1. semester
MANT302A / Anatomi er i 1. semester
MANT305A / Patologi er i 1. semester
MANT307 / Biomekanikk er 1. og 2. semester
MANT303A / Radiologi er i 3. semester
MANT304A / Rørslevitskap og treningsteori 2. og 3. semester
MANT306 / Dei teoretiske støttefaga er i 3. semester
I undervisninga vert det brukt mange ulike læringsformer: Forelesingar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, seminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg, samt praktiske samlingar og rettleia praksis.
Studiet sikrar at teori og handverkskunnskap er integrert i praktisk utøving av manuellterapi. Mellom kvar undervisningsbolk skal studentane bruke og vidareutvikle sine ferdigheiter ved ein klinisk praksisstad der ein godkjent rettleiar har ansvar for at teknikkar og metodar som er undervist ved universitetet vert anvendt.
Ulike former for vurdering vert brukt; praktisk, munnleg og skriftleg.
I dei fagspesifikke emna testar ein kunnskap ved presentasjon av sjølvstendig arbeid og/eller gjennom avsluttande prøver, inklusiv vurdering av utføring i praksissituasjon. I fellesemnet i forskingsmetode har ein mappevurdering, der både medstudent og rettleiar gjer tilbakemelding undervegs, med ei skriftleg innlevering til slutt.
Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet
Kontakt: studie@isf.uib.no
Det medisinsk-odontologiske fakultet,
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Kontaktopplysningar:
studie@isf.uib.no
http://www.uib.no/utdanning/studietilbud/medisin-odontologi-og-helsefag/helsefaga
Manuellterapi er en offentlig videreutdanning for fysioterapeuter. Studiet er tilrettelagt for fysioterapeuter som allerede har klinisk erfaring bak seg og som vil videreutvikle sin formelle og reelle kompetanse gjennom å heve sine teoretiske kunnskaper, utvide sine praktiske ferdigheter, og lære seg å anvende vitenskapelig basert kunnskap som grunnlag for sin fagutøvelse. Utdanninga skal dyktiggjøre fysioterapeuten i analyse, vurdering og behandling av den nevro- muskulære- og biomekaniske funksjon i bevegelsesapparatet. Gjennom generell, lokal og spesifikk undersøkelse vurderes kroppens ledd med tilhørende vevsstrukturer med tanke på mobilitet, stabilitet, smerte og funksjon. Manuellterapi omfatter spesifikke og generelle behandlingsmetoder for å bedre eller vedlikeholde funksjon, eller forsinke en progredierende funksjonssvikt. Behandlingen kan innbefatte manipulasjonsteknikker på ledd, det vil si hurtig mekaniske håndgrep for å bedre den lokale funksjon. Manuellterapeutens vurdering gjøres med en grunnleggende forståelse for at feilfunksjoner i muskel- og skjelettsystemet også kan skyldes psykologiske og sosiale forhold.
For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar, må du ha bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og autorisasjon som fysioterapeut samt 1 år fysioterapipraksis etter autorisasjon.
I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, studentpresentasjonar, seminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg, samt praktiske samlingar og rettleia praksis. For å sikra at teori og handverkskunnskap er integrert i praktisk utøving av manuellterapi, er det naudsynt med ein naturlig samanheng mellom teori og praksis. Teoriundervisning og ferdigheitstrening i manuellterapi føregår i felles obligatorisk undervisning ved universitetet, mens utøving skjer i pasientbehandlingssituasjon under supervisjon hos godkjent rettleiar. Mellom kvar undervisningsbolk skal studentane anvende sine ferdigheiter ved ein klinisk praksisstad der ein godkjent rettleiar har ansvar for at teknikkar og metodar som er undervist ved universitetet, vert anvendt.
Dette er ei rettleiande oversikt over emner som går inn som ein del av studieprogrammet og er basert på studiestart haustsemesteret. Det kan kome endringar.
Modul A: Manuell terapi - teori, praksis og klinikk
MANT311 / Manuell terapi (MFMT) : Modul A1, del 1 (dugleiksopplæring - manuell terapi, klinisk dugleik) (Obligatorisk, 1.og 2. semester)MANT312 / Manuell terapi (MFMT) - Dugleiksopplæring (modul A1, del 2 - manuell terapi, klinisk dugleik) (Obligatorisk, 3. og 4. semester)MANT395 / Masterprogram i helsefag - Manuell terapi (MFMT) - Teori og klinik masteroppgave (modul A2) (Obligatorisk, 3. og 4. semester)Modul B: Forskningsmetode
HEL320 / Masterprogram i helsefag, felles studiedel: Forskningsmetode og -etikk (Obligatorisk, 2. semester)Modul D: Teoretiske støttefag
MANT306 / Manuell terapi (MFMT)- Modul D i teoretiske støttefag (Obligatorisk, 3. semester)Modul C: Basalfag
Smertefysiologi, anatomi, patologi, radiologi, biomekanikk, rørslevitskap og treningsteori.
Det kliniske masterprogrammet i manuellterapi har fire modular som til saman utgjer 120 studiepoeng. Manuellterapi teori og praksis utgjer hovudbolken (65 studiepoeng). Studiet vektlegg det teoretiske grunnlaget i faget, kliniske ferdigheiter og praktiske utøving. I studiet skal studenten praktisere under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til dette formål, og kontrakt med praksisstaden vert gjort ved tildeling av studieplass. MMT tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskapar og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på et samfunnsorientert perspektiv for sjukdom. Det vert bygd vidare på dei nemnte basalfaga, (30 studiepoeng), samt på teoretiske støttefag (10 studiepoeng) og forskingsmetode (15 studiepoeng). I det andre studieåret skal studentane skrive ei klinisk masteroppgåve som bind teori og praksis saman innan manuellterapi, og kunnskap knytt til undersøking og behandling av pasientar med muskel- og skjelettplager skal synliggjørast.
januar 2009
Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet
Kontakt: studie@isf.uib.no
Institutt for samfunnsmedisinske fag, Seksjon for fysioterapivitskap. studie@isf.uib.no