Fagfeltet biomedisin spelar ei sentral rolle i dagens medisinske forsking. Masterprogrammet i biomedisin tilbyr ei medisinsk tilnærming til celle- og molekylærbiologi og human fysiologi, og gir studentar høve til å delta aktivt i forskingsprosjekt i eit internasjonalt miljø.
Studiet startar med ei omfattande opplæring i metodar og teknikkar som blir nytta innan biomedisinsk forsking i dag, med fokus på celle- og molekylærbiologi, fysiologi og biletanalyse. Allereie i det første semesteret vert studentane plassert i ei aktiv forskingsgruppe for å lære relevante metodar og korleis ein planlegg forsøk. Dei teoretiske emna gir naudsynt cellebiologisk og fysiologisk kunnskap for å forstå korleis sjukdom oppstår og blir behandla. Gjennom masterstudiet blir studentane utdanna i dei mange etiske spørsmåla som naturleg oppstår i moderne medisinsk forsking. Dei vert også trena i såkalla "soft skills", som vitskapleg skriving og formidling. Som student kan du velje om du vil gjennomføra sjølve masterprosjektet i ei gruppe som driv medisinsk grunnforsking, eller i ei gruppe som driv translasjonell forsking, dvs koplar forskinga mot pasientdata.
Vi oppmodar alle studentar til å reise på utveksling til eit av våre internasjonale samarbeidsuniversitet. Vi vil særleg framheva eit Nordisk masternettverk (NordBioMedNet) som vi er del av. Dei andre partane er; Københavns Universitet (Danmark), Karolinska Insitutet (Sverige), University of Turku og University of Eastern Finland (begge i Finland).
Studiet er retta mot studentar som har ein bachelorgrad i biomedisin, molekylærbiologi, fysiologi, biokjemi, biologi, bioteknologi eller tilsvarande.
Opptak krev minimum 80 studiepoeng i relevante emne, der minimum 20 studiepoeng er i kjemi/biokjemi og minimum 20 studiepoeng i celle-/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemne, matematikk, informatikk, bildebehandling, statistikk, fysikk og nanoteknologi.
Minstekrav for opptak er C i gjennomsnittskarakter på relevante emne. Vi mottar vanlegvis fleire søknader enn vi har plassar. Søkjarane vil då bli rangerte etter karakterar og relevant fagkombinasjon i opptaksgrunnlaget, og tidspunkt for avlagt grad.
Språkkrav: Søkjarar som ikkje har utdanning frå eit norsk universitet eller ein norsk høgskule må dokumentere tilstrekkelige engelskkunnskapar (sjå nettsida English Language Requirements).
Alle søknader vert behandla individuelt.
Du søkjer opptak viaSøknadsfrist er 15. april, med studiestart i august.
Meir informasjon om søknadsprosedyren finnes her:
http://www.uib.no/mofa/utdanning/opptak-og-studierett/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet
Masterprogrammet inneheld to hovuddelar: Det første året er sett saman av obligatoriske og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng. I løpet av det andre året arbeider studentane med eit praktisk forskingsprosjekt/masteroppgåve (60 studiepoeng).
1. semester
Obligatoriske emne innan etikk og metodar:
HELVIT300: Introduksjon til vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)
BMED320: Metodar i medisinsk cellebiologi (25 sp)
2. semester
Valfrie emne på til saman 30 studiepoeng i høve til ønska spesialisering.
3. og 4. semester
Sjølvstendige prosjekt, masteroppgåva (60 sp).
Kort tid etter studiestart vil vi informere om kva masteroppgåver som er meldt inn frå ulike forskingsgrupper. Alle kan og velje prosjekt på eigenhand, men prosjektet må godkjennast av programutvalet.
Studentane vert oppmoda til å ta delar av mastergraden ved eit utanlandsk universitet. Masterprogrammet i Biomedisin er del av eit nordisk nettverk for masterprogram innan biomedisin (www.nordbiomed.net) som inkluderer Karolinska Institutet i Stockholm, University of Turku i Finland, Københavns Universitet i Danmark og University of Eastern Finland. Det er mogeleg å ta både emne, lab-prosjekt og deler av masteroppgåva ved desse institusjonane. Vi har og utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Ta tidleg kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for Biomedisin dersom du ynskjer utlandsopphald.
Les meir her: http://www.uib.no/en/biomedisin/63531/student-exchange#
Ved UiB er det to typar karakterskalaer:
Bokstavkarakter er mest vanleg.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:
e-post: studie@biomed.uib.no
Tlf: 55 58 64 39/ 55 58 64 40