Fagfeltet biomedisin søker å forklare fysiologiske og patologiske prosesser på molekylær- og individnivå. Dette gir nødvendig grunnlag for å forstå sjukdom og for utvikling av nye behandlingsmetodar og medikament. Masterprogrammet i biomedisin kombinerer teoretisk kunnskap og praktisk laboratoriearbeid, og gir studentane grundig forståing for biomedisinske problemstillingar. Dei teoretiske emna gir avansert kunnskap om metodar som brukast i biomedisinsk forsking og om cellebiologiske mekanismar. I dei praktiske emna lærer studentane seg å planlegge og gjennomføre forskingsprosjekt i eit internasjonalt aktivt forskingsmiljø. Med utgangspunkt i det praktiske arbeidet lærer studentane å planlegge forsøk, lese og kritisk vurdera vitskapeleg litteratur, samt vitskapeleg skriftlig og munnleg formidling. Studentane trenast også i å diskutere dei mange etiske problemstillingane i moderne medisinsk forsking.
Ein kandidat med fullført masterstudium i biomedisin skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter, og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
-har avansert kunnskap om normale og patologiske cellulære og fysiologiske prosessar
-har avansert kunnskap om biomedisinske metodar
-har spesialisert fagleg innsikt tileigna gjennom arbeidet med masteroppgåva
-har god forståing for biomedisinsk forsking si rolle i dagens medisin
Ferdigheiter
-kan planlegge og gjennomføra eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
-kan utvikle hypotesar og kritisk analysera metodar og resultat innan biomedisin
-kan produsera vitskapelege tekstar etter gjeldande etiske normer
-kan presentere hypotesar og resultat skriftleg og munnleg
-kan analysera og høva seg kritisk til ulike kjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement i biomedisin
-kan forklare fagfeltet biomedisin si rolle i dagens medisinske forsking
Generell kompetanse
-kan anvende kunnskapar og ferdigheiter tileigna under masterstudiet på nye område, for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og beherske biomedisinske uttrykksformer
-kan kommunisere biomedisinske problemstillingar, analysar og konklusjonar på en vitskapeleg måte, både skriftleg og munnleg
-kan delta i diskusjon om biomedisinske emne med allmenta
-kan analysera relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
Studiet er retta mot studentar som har ein bachelorgrad i biomedisin, molekylærbiologi, fysiologi, biokjemi, biologi, bioteknologi eller tilsvarande.
Opptak krev minimum 80 studiepoeng i relevante emne, der minimum 20 studiepoeng er i kjemi/biokjemi og minimum 20 studiepoeng i celle-/molekylærbiologi. Andre relevante emne som kan inngå er mellom anna: anatomi, fysiologi, biologi, medisinske laboratorieemne, matematikk, informatikk, bildebehandling, statistikk, fysikk og nanoteknologi.
Minstekrav for opptak er C i gjennomsnittskarakter på relevante emne. Vi mottar vanlegvis fleire søknader enn vi har plassar. Søkjarane vil då bli rangerte etter karakterar og relevant fagkombinasjon i opptaksgrunnlaget, og tidspunkt for avlagt grad.
Språkkrav: Søkjarar som ikkje har utdanning frå eit norsk universitet eller ein norsk høgskule må dokumentere tilstrekkelige engelskkunnskapar (sjå nettsida English Language Requirements).
Alle søknader vert behandla individuelt.
Du søkjer opptak viaSøknadsfrist er 15. april, med studiestart i august.
Meir informasjon om søknadsprosedyren finnes her:
http://www.uib.no/mofa/utdanning/opptak-og-studierett/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet
Masterprogrammet inneheld to hovuddelar: Det første året er sett saman av obligatoriske og valfrie emne på til saman 60 studiepoeng. I løpet av det andre året arbeider studentane med eit praktisk forskingsprosjekt/masteroppgåve (60 studiepoeng).
1. semester
Obligatoriske emne innan etikk og metodar:
HELVIT300: Introduksjon til vitskapsteori og forskingsetikk (5 sp)
BMED320: Metodar i medisinsk cellebiologi (25 sp)
2. semester
Valfrie emne på til saman 30 studiepoeng i høve til ønska spesialisering.
3. og 4. semester
Sjølvstendige prosjekt, masteroppgåva (60 sp).
Kort tid etter studiestart vil vi informere om kva masteroppgåver som er meldt inn frå ulike forskingsgrupper. Alle kan og velje prosjekt på eigenhand, men prosjektet må godkjennast av programutvalet.
Studentane vert oppmoda til å ta delar av mastergraden ved eit utanlandsk universitet. Masterprogrammet i Biomedisin er del av eit nordisk nettverk for masterprogram innan biomedisin (www.nordbiomed.net) som inkluderer Karolinska Institutet i Stockholm, University of Turku i Finland, Københavns Universitet i Danmark og University of Eastern Finland. Det er mogeleg å ta både emne, lab-prosjekt og deler av masteroppgåva ved desse institusjonane. Vi har og utvekslingsavtalar med fleire universitet i Europa. Ta tidleg kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for Biomedisin dersom du ynskjer utlandsopphald.
Les meir her: http://www.uib.no/en/biomedisin/63531/student-exchange#
Ved UiB er det to typar karakterskalaer:
Bokstavkarakter er mest vanleg.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:
e-post: studie@biomed.uib.no
Tlf: 55 58 64 39/ 55 58 64 40