Studieprogram: MAMD-RAB Masterprogram i helsefag - Radiograf/Bioingeniør - Vår 2017




Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, studieretning Radiograf/Bioingeniør.

Studiet byggjer på bachelorgrad i radiografi eller bioingeniørfaget.

Det er mogleg å ta spesialisering innan yrkeshygiene.

 

Omfang og studiepoeng

Omfanget til masterprogrammet er på 120 studiepoeng.

30 studiepoeng er felles emne for heile masterprogrammet.

30 studiepoeng er fagspesifikke emne for studieretningen og skal veljast i samråd med rettleiar og godkjennast av RAB-koordinator.

 

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.

 

 

 

 

Studiestart - semester

Sjå informasjon om studieretninga på denne sida:

http://www.uib.no/studieprogram/MAMD-HELSE/MAMD-RAB

Mål og innhald

Mål:

Det overordna målet for studieretninga for RAB-faga er å gje fordjuping og høve til refleksjon innanfor fagområda til radiografar og bioingeniørar. Studiet skal vidareutvikle radiografane og bioingeniørane sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskaplege kriterie. Studiet skal gje heilskapleg kompetanse som tek hand om både teknologisk og metodisk fagleg vidareutvikling, slik at det blir sett frå eit overordna helsefagleg perspektiv. Den teknologiske utviklinga som skjer krev omfangsrik teknologisk kunnskap og erfaring, og studieretninga ønskjer mellom anna å belyse samanhengen mellom teknologi og helse. Fagspesifikke valfrie emne skal gje studentane fordjuping i spesifikke fagområde innanfor radiografi- eller bioingeniørfaga.

 

Innhald/ studiet si oppbygging:

Obligatoriske fellesemne, 30 studiepoeng:

 

Obligatorisk, 60 studiepoeng

 

Moglege fagspesifikke valemne for bioingeniørar, 30 studiepoeng:

 

 

Studenten skal utarbeide plan for studieopplegget som må godkjennes av RAB-koordinator. Frist for innlevering av planen er begynnelsen av 2. semester for heltidsstudenter, og begynnelsen av 4. semester for deltidsstudenter.

 

* INTH kursmoduler blir gjeven annan kvar vår av Arbeids- og miljømedisin i samarbeid med Senter for internasjonal helse. Neste gong våren 2016. Ved å ta alle INTH emnene er ei spesialisering innan yrkeshygiene mogleg. Ein treng då ikkje å sende ein søknad om godkjenning for studieopplegget.

 

**Kan kun takast dersom det ikkje finst relevante eksamensbelagte emne. Maksimum 10 studiepoeng kan takast innanfor spesialpensum, kursopplegg eller studieopphald med rapport.

 

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført Masterprogram i helsefag, Studieretning RAB-fag skal studenten:

 

- kunne gjere greie for sentrale helsefaglege og vitskapsteoretiske omgrep og problemstillingar, og bruke dei i forståinga av kunnskap og kunnskapsutvikling.

- vise ei akademisk-analytisk haldning til utvikling, kvalitetssikring og implementering av teoretisk og empirisk kunnskap innan radiografi- eller bioingeniørfaget og andre helsefag

- vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosess og klinisk arbeid.

- kunne vurdere publiserte forskingsarbeid innan radiografi- eller bioingeniørfaget og andre helsefag etter vitskaplege kriteria.

- kunne formidle aktuell fagkunnskap i radiografi eller bioingeniørfag på ein reflektert måte og bidra til utvikling av ny kunnskap innan fagfeltet ved bruk av vitskaplege metodar.

- vise sjølvstende til innhenting og bruk av relevant kunnskap og nytte høvelege forskingsmetodar og relevant teori i eige forskingsarbeid, og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang med relevans for eige fag.

- demonstrere ein heilskapleg kompetanse som ivaretar både teknologiske og metodiske kunnskap samman med eit heilskapleg helsefagleg perspektiv.

- bygge opp haldningar relatert til bruksområde og avgrensingar ved ulike praktiske og vitskaplege tradisjonar relatert til helse og medisin.

 

Læringsutbytte for dei fagspesifikke emnene vil vere individuell for kvar student avhengig av val av emne. Intensjonen med den fagspesifikke delen for studieretning RAB-fag er å fremje fagleg fordjuping og perspektiv innanfor radiografi- eller bioingeniørfaget.

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - RAB-fag, må ein ha bachelorgrad eller tilsvarende i radiografi- eller bioingeniørfaget.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Du søkjer opptak via søknadsweb. https://soknadsweb.uib.no/soknadsweb/login.seam?inst=uib

Søknadsfrist er 15. april med studiestart i august.

Meir informasjon om søknadsprosedyren finn du her:

http://www.uib.no/mofa/utdanning/opptak-og-studierett/opptak-til-masterstudium-ved-det-medisinsk-odontologiske-fakultet

Obligatoriske emne

Obligatoriske emne:

Omfang masteroppgåva

RAB395 Masteroppgåve for radiograf/bioingeniør, 60 studiepoeng.

 

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.

 

Målet med masteroppgåva er å fremje evna til kritisk analytisk tenking innan eige fag og om produksjon av kunnskap generelt. Gjennom oppgåva skal studenten få inngåande erfaring med bruk av vitskapelege framgangsmåtar i innsamling og analyse av eit forskingsmateriale, bruk av relevant teori samt fremje evna til sjølvstende og kritisk tenking i tolking av funn. Studenten skal kunne ta forskingsetisk godt funderte val.

 

 

 

Rekkefølgje for emne i studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gje innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deltidsstudentar byrjar med Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema (15 sp) i første semester og tek i tredje semester Forskingsmetode og -etikk (10 sp) og Statistikk i helsefagleg forsking (5sp).

Dei fagspesifikke emna i studiet blir tekne i andre semester for fulltisstudentar, og i andre og fjerde semester for deltidsstudentar. Det kan avvike noko avhengig av kva for fagspesifikke fag ein vel.

Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve er lagt til det tredje og fjerde semesteret for heiltidsstudentar. Deltidsstudentar kan bruke to år på oppgåva, 5. - 8. semester.

 

 

 

Undervisningsmetodar

I undervisninga vert det nytta mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, munnleg framlegg, seminar, og skriftlege arbeid. Det vert gjeve nettbasert, gruppe og individuell rettleiing. Spesifikke reiskapskurs som til dømes bruk av databasar og statistikkprogram, er og ein del av undervisningstilbodet.

Vurderingsformer

Det inngår ulike former for vurdering, både munnleg og skriftleg, og det vert arrangert heimeeksamen og mappevurdering.

I dei fagspesifikke emna er vurderingsformen avhengig av emne som blir valt. Det kan til dømes vere skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen eller skriving av rapport.

Karakterskala

Karakterskala (A-F). I nokre høve blir bestått/ikkje bestått nytta.

Relevans for arbeidsliv

Masterstudium i helsefag, studieretning RAB-fag kvalifiserer for:

Evaluering

Dei obligatoriske emnene blir evaluert muntleg undervegs i semesteret kor sentrale spørsmål kan svarast på munnleg. Skrifteleg evaluering på nett på slutten av semesteret. Oppfølging i programutval der ein vurderer vidare utvikling av emne. Studieretninga vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

 

 

Programansvarleg

Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Kontakt: studie@igs.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det medisinsk-odontologiske fakultet,

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontaktopplysningar:

studie@igs.uib.no

 

http://www.uib.no/utdanning/studietilbud/medisin-odontologi-og-helsefag/helsefag

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Mål og innhald

Det overordna målet for studieretninga for RAB-faga er å gi fordjuping og høve til refleksjon innanfor fagområda til radiografar, audiologar og bioingeniørar. Vi vil prøve å gi ein heilskapleg kompetanse som tek hand om både teknologiske og metodiske kunnskapar, slik at det blir sett frå eit overordna helsefagleg perspektiv. Den teknologiske utviklinga som skjer innan røntgenavdelingar, høyresentralar og medisinske laboratorium, krev omfangsrik teknologisk kunnskap og erfaring, og studieretninga ønskjer mellom anna å fokusere på samanhengen mellom teknologi og helse.

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga RAB-fag, må du ha bachelorgrad i radiografi, audiologi eller bioingeniørfaget.

For søkjarar med grunnutdanning i radiografi, audiologi eller bioingeniørfaget utan bachelorgrad, blir det kravd minimum

180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.

Krav til forkunnskapar

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studieretninga RAB-fag, må du ha bachelorgrad i radiografi, audiografii eller bioingeniørfaget.
For søkjarar med grunnutdanning i radiografi, audiografi eller bioingeniørfaget utan bachelorgrad, blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanning.

Metode

Fordi studieretninga RAB-fag er ei samansett gruppe av helsefaglege grunnutdanningar og fagfelt, finst det stor valfridom når det gjeld val av metode. Metoden må vere tilpassa tema i masteroppgåva. I den fagspesifikke delen av studiet kan ein f.eks. velje kurs med metodiske element.

Undervisning

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi instruktiv, skriftleg, klar og presis framstilling av saksområdet. Masteroppgåva er også knytt til fagleg fordjuping innanfor studieretninga du har valt.

Oppbygging av studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Studieretninga innan RAB-fag er ei samansett gruppe av helsefaglege grunnutdanningar og fagfelt der faga er svært ulike. På grunn av dette er den fagspesifikke delen av RAB-faga ikkje nokon fast definert einskap. Den fagspesifikke delen skal til saman utgjere 30 studiepoeng i andre semester og blir sett saman av deg sjølv i samarbeid med rettleiaren. I fagkombinasjonen kan det inngå ei fordjuping på inntil 10 studiepoeng basert på eit spesialpensum. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

1.semester

HEL310 - Vitskapsteori og sentrale

helsevitskaplege tema

HEL320 - Forskingsmetode og -etikk

2.semester

Fagspesifikke emne

3. og 4. semester

RAB395 - Masteroppgåve

Fageining og spesialisering

Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan
grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.
Studieretninga innan RAB-fag er ei samansett gruppe av helsefaglege grunnutdanningar og fagfelt, der faga er svært ulike. På grunn av dette er den fagspesifikke delen av RAB-faga ikkje nokon fast definert einskap. Den fagspesifikke delen skal til saman utgjera 30 studiepoeng, og blir sett saman av studenten sjølv i samarbeid med rettleiaren. Fagkombinasjonen kan bestå av metodiske, naturvitenskaplege, samfunnsmedisinske og helefaglige elemet avhengig av tema for masteroppgåva.Det mest nærliggande er å nytte emne som tilbys ved ulike fakultet ved Universitetet i Bergen eller tilbod innan den fagspesifikke delen ved dei andre studieretningane på helsefag. I fagkombinasjonen kan det inngå ein fordjuping på inntil 10 studiepoeng basert på eit spesialpensum.

Tilrådde valemne

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag - radiograf/audiolog/bioingeniør kvalifiserer deg mellom anna til utdanningsarbeid på universitet og høgskolar, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking og utvikling og fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.

Oppstart

Haust.

Programansvarleg

Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Kontakt: studie@isf.uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag

studie@isf.uib.no / 55 58 63 26/ 55 58 61 00

Meir informasjon

E-post: studie@isf.uib.no Tlf.: 55 58 63 26/55 58 61 00