Studieprogram: MAMD-SYK Masterprogram i helsefag - Sykepleievitenskap - Høst 2017




Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i helsefag, studieretning sjukepleievitskap.

Studiet byggjer på bachelorgrad i sjukepleie.

Deltidsstudium er mogleg.

Omfang og studiepoeng

Omfanget til masterprogrammet er på 120 studiepoeng.

30 studiepoeng er felles emne for heile masterprogrammet.

30 studiepoeng er fagspesifikke emne for studieretningen, 5 av studiepoenga er valfrie.

 

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.

Studiestart - semester

Sjå informasjon om studieretninga på denne sida:

http://www.uib.no/studieprogram/MAMD-HELSE/MAMD-SYK

Mål og innhald

Masterprogram i helsefag, studieretning for sjukepleievitskap, relaterer aktiviteten sin til dei etablerte forskingsgruppene: Livskvalitet, Global helse, Praxeologi og Helsefaglig «livsverden» forskning. Undervisinga presenterer ulike kunnskaps- og forskingsformer inkludert faget sin teori-praksisproblematikk og faget sine historiske tradisjonar. Det blir gjeve innsikt i omgrep, teoretiske og filosofiske forskingstradisjonar som genererer kunnskap med relevans i, for og om sjukepleie som praktisk felt så vel som teoretisk vitskapleg felt.

Læringsutbyte

Etter å ha gjennomført Masterstudie i helsefag, Studieretning sjukepleievitskap skal kandidaten:

Opptakskrav

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag - sjukepleievitskap, må ein ha bachelorgrad i sjukepleie.

For søkjarar med grunnutdanning i sjukepleie utan bachelorgrad blir det krevd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga.

Inntil 2 plassar kan likevel opnast for andre med annan helsefagleg profesjonsbakgrunn etter individuell vurdering.

Gjennomsnittskarakteren på opptaksgrunnlaget må normalt vere C eller betre.

Dei fagspesifikke emnene er opne for alle interesserte masterstudentar med studierett ved UiB, max 30 deltakarar. Studentar på masterstudie i helsefag har 1. prioritet, og blant desse har studentar som har bestått HEL320A og følgjer studieprogrammet sjukepleievitskap førsterett.

 

 

Obligatoriske emne

Obligatoriske fellesemne, 30 sp:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema, 15 sp

HEL320A Forskingsmetode og -etikk. 10 sp

HELSTA Statistikk i helsefagleg forsking, 5 sp

 

Obligatoriske fagspesifikke emne, 25 sp:

SYKVIT306 Forskingsgruppeseminar og prosjektplan, 5sp

 

Minst 4 emne (20sp) av:

SYKVIT301 Livskvalitet,5 sp

SYKVIT302 Kulturteori og globale perspektiv, 5 sp

SYKVIT303 Praxeologisk teori og praxeologisk forsking, 5sp

SYKVIT304 Hygieneteori og hygieneforsking, 5 sp

SYKVIT305 Omsorgsteori og omsorgsforsking, 5 sp

 

 

Tilrådde valemne

Tilrådde valemne:

MEDKLS, Klinisk statistikk, 2 sp

MEDEPI Epidemiologi, 2 sp

 

INTH323A Qualitative Methods for International Public Health,3 sp

 

Utanlandsopphald med rapport/spesialpensum etter avslutta opphald, omfang 3-4 veker.

 

Emne skal veljast i lag med rettleiar.

 

 

Omfang masteroppgåva

SYK395 Masterprogram i helsefag - Sjukepleievitskap: Masteroppgåve med påfølgjande munnleg høyring ¿ 60 studiepoeng

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt.

 

Målet med masteroppgåva er å fremje evna til kritisk analytisk tenking innan eige fag og om produksjon av kunnskap generelt. Gjennom oppgåva skal studenten få inngåande erfaring med bruk av vitskapelege framgangsmåtar i innsamling og analyse av eit forskingsmateriale, bruk av relevant teori samt fremje evna til sjølvstende og kritisk tenking i tolking av funn. Studenten skal kunne ta forskingsetisk godt funderte val.

Rekkefølgje for emne i studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode.

Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret. I denne delen skal studenten få kunnskap om dei ulike områda sine historiske tradisjonar, ulike kunnskaps- og forskingsformer og faget sin teori-praksisproblematikk.

Eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve er lagt til det tredje og fjerde semesteret.

1. semester:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema, 15 sp

HEL320A Forskingsmetode og -etikk, 10 sp

HELSTA Statistikk i helsefagleg forsking, 5 sp

 

2. semester:

SYKVIT306 Forskingsgruppeseminar og prosjektplan, 5sp

 

Minst 4 emne (20sp) av:

SYKVIT301 Livskvalitet, 5 sp

SYKVIT302 Kulturteori og globale perspektiv, 5 sp

SYKVIT303 Praxeologisk teori og praxeologisk forsking, 5sp

SYKVIT304 Hygieneteori og hygieneforsking, 5 sp

SYKVIT305 Omsorgsteori og omsorgsforsking, 5 sp

 

Valfag, 5 sp

 

3. og 4. semester:

SYK395 Masteroppgåve i sjukepleievitenskap, 60 sp

 

Deltid:

 

1. semester:

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsefaglige tema,15 sp

 

 

2. semester:

 

Minst 3 emne (15sp) av:

SYKVIT301 Livskvalitet, 5 sp

SYKVIT302 Kulturteori og globale perspektiv, 5 sp

SYKVIT303 Praxeologisk teori og praxeologisk forsking, 5sp

SYKVIT304 Hygieneteori og hygieneforsking, 5 sp

SYKVIT305 Omsorgsteori og omsorgsforsking, 5 sp

 

3. semester:

HEL320A Forskingsmetode og -etikk, 10 sp

HELSTA Statistikk i helsefagleg forsking, 5 sp

 

4. semester:

SYKVIT306 Forskingsgruppeseminar og prosjektplan, 5sp

 

Det siste av dei obligatoriske emna (totalt 20 sp):

SYKVIT301 Livskvalitet, 5 sp

SYKVIT302 Kulturteori og kulturforsking, 5 sp

SYKVIT303 Praxeologisk teori og praxeologisk forsking, 5sp

SYKVIT304 Hygieneteori og hygieneforsking, 5 sp

SYKVIT305 Omsorgsteori og omsorgsforsking, 5 sp

 

Valfag, 5 sp

 

5. -8. semester:

SYKD395 Masteroppgåve i sjukepleievitenskap, 60 sp

Undervisningsmetodar

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.

Studenten får ei innføring i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar inkludert statistikk. I samband med masteroppgåva vel studenten ei metodisk tilnærming ut frå den problemstillinga han/ho skal utforske.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer for:

 

 

Evaluering

De fagspesifikke emna blir avslutta med ei summativ evaluering kor sentrale spørsmål kan svarast på munnleg og/eller skriftleg. Oppfølging i faggruppa der ein vurderer vidare utvikling av emne. Studieretninga vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

 

 

Programansvarleg

Programutval for master i helsefag. Programutvalet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet

Kontakt: studie@igs.uib.no

 

 

 

Administrativt ansvarleg

Det medisinsk-odontologiske fakultet,

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

 

Kontaktopplysningar:

studie@igs.uib.no

 

http://www.uib.no/utdanning/studietilbud/medisin-odontologi-og-helsefag/helsefag

 

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Mål og innhald

Studieretninga sjukepleievitskap har grunnlaget sitt i kunnskap og forståing om mennesket og dei grunnleggjande behova det har i samband med helse og sjukdom. Dette inneber at ein på ulike måtar, og med ulike middel, hjelper det friske eller sjuke mennesket med å setje i gang tiltak som fremjar helse og lindrar liding. Sjukepleievitskap skal vere med og utvikle forskingsbasert kunnskap som kan betre føresetnadane for utøving av profesjonell sjukepleie.

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning sjukepleievitskap må du ha bachelorgrad

i sjukepleievitskap.

For søkjarar med grunnutdanning i sjukepleie utan bachelorgrad blir det kravd minimum 180 studiepoeng medrekna grunnutdanninga. I desse studiepoenga, eller i tillegg til dei, må det inngå ein eigen metodeprøve på minst 9 studiepoeng.

Krav til forkunnskapar

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag, studieretning sjukepleievitskap må du ha bachelorgrad i sjukepleievitskap. For søkjarar med helsefagleg grunnutdanning utan bachelorgrad vert det kravd minimum 180 studiepoeng (60 vekttal) medrekna helsefagleg grunnutdanning.

Metode

Du får ei innføring i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar inkludert statistikk. I samband med masteroppgåva vel du ei metodisk tilnærming ut frå den problemstillinga du skal utforske.

Undervisning

I undervisninga nyttar me mange ulike læringsformer: Førelesingar, gruppearbeid, forskingsseminar, sjølvstendige skriftlege arbeid og nettbasert læring der det er mogleg. Spesifikke reiskapskurs, som til dømes skrivekurs, innføring i bruk av databasar og statistikkprogram, vil også vera ein del av undervisningstilbodet.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapeleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av pågåande forskingsprosjekt. Hovudformålet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi ei instruktiv, skriftleg, klar og presis framstilling av saksområdet. Masteroppgåva heng også saman med den faglege fordjupinga innanfor studieretninga sjukepleievitskap.

Oppbygging av studiet

Det første semesteret er felles for alle helsefaga og skal gi innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga i tillegg til grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Den fagspesifikke delen i studiet er lagt til det andre semesteret, og består av to kurs. Kurset Sjukepleie frå kall til vitskap tar opp sjukepleiefaget sine historiske tradisjoner, ulike kunnskaps- og forskningsformer og faget sin teori-praksisproblematikk. Kurset omsorg og livskvalitet tar for seg ulike teoretiske og forskningsmessige tilnærmingar til omgrepa omsorg og livskvalitet. I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve.

1. semester

HEL310 - Vitskapsteori og sentrale

helsevitskaplege tema

HEL320 - Forskingsmetode og -etikk

2. semester

SYK331 - Sjukepleie frå kall til vitskap

SYK332 - Omsorg og livskvalitet

3. og 4. semester

SYK395 - Masteroppgåve

Fageining og spesialisering

Masterprogrammet i helsefag inneheld ein felles studiedel på 30 studiepoeng der du skal få innsikt i teorien og verdigrunnlaget for helsefaga, og dessutan grunnleggjande prinsipp for vitskapsteori og forskingsmetode. Deretter følgjer ulike faglege spesialiseringar innanfor ulike studieretningar. I den faglege spesialiseringa inngår det eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve.
Den fagspesifikke delen i studieretning sjukepleievitskap er fordelte på desse emna:
o Sjukepleie: Frå kall til vitskap (15 studiepoeng)
o Omsorg og livskvalitet (15 studiepoeng)

Yrkesvegar

Masterprogrammet i helsefag kvalifiserer til:

o utdanningsarbeid på universitet og høgskular

o fagutvikling i klinisk verksemd

o forsking og utvikling

o fagleg og administrativt arbeid i forvalting og helsevesen

Oppstart

Haust

Programansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag,

post@isf.uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for samfunnsmedisinske fag, seksjon for sjukepleievitskap. studie@isf.uib.no


Meir informasjon

E-post: studie@isf.uib.no Tlf.: 55 58 63 26/55 58 61 00