Masterprogrammet i energi førar fram til graden Master i energi.
Les meir om dei to studieretningane for dei som byrjar hausten 2017, sjå:
Les meir om dei to studieretningane for dei som byrja hausten 2016, sjå:
Les meir om dei to studieretningane for dei som byrja hausten 2015, sjå:
Les meir om dei fire studieretningane for dei som byrja hausten 2014, sjå: http://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/energi_2014.pdf
Les meir om dei fire studieretningane for studentar som byrja hausten 2013 eller tidlegare, sjå: http://web.gfi.uib.no/undervisning/Energi_Master/Masterprogram%20i%20energi.pdf
Søknadsfrist er 15. april, og det er oppstart kvar haust. Ein skal søkje gjennom Søknadsweb, og ein loggar seg inn med norsk personnummer. For søkjarar som ikkje har motteke bachelorvitnemål kan det bli krevd ei stadfesting av oppnådd grad, i tillegg til karakterutskrift.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på: http://www.uib.no/utdanning/48794/oppptak-til-masterprogram
Målsetningen med studiet er å utnytte forskning og ekspertise både frå universitetets fagmiljø og eksterne forskningsmiljø innan energi, til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse som er veleigna for arbeid i næringsliv så vel som i forvaltning og universitets- og høgskulesektoren.
Les meir om dei to studieretningane for dei som byrjar hausten 2017:
Les meir om dei studieretningane for dei som byrja hausten 2016:
Relevant bachelorgrad i naturvitskap/realfag/ ingeniørfag eller tilsvarande utdanning.
Gjennomsnittskarakteren på relevant bachelorstudie eller tilsvarande, må normalt være C eller betre.
Det er også eit krav at emnet MAT111 Grunnkurs i matematikk, eller tilsvarande, samt eit av emna PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk eller KJEM210 Kjemisk termodynamikk eller tilsvarande inngår. For studenter i elkraftteknikk kan det gjøres unntak fra kravet om termodynamikk.
I tillegg til desse krava vil det vere ulike krav til forkunnskapar for dei ulike temaene for masteroppgåve.
Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget, og tilgjengelege plassar på det enkelte tema.
Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F
Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Kandidatane vil vere etterspurde i næringsliv så vel som forskningsinstitutt og akademia.
Geofysisk institutt er administrativt ansvarleg for programmet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: energimaster@gfi.uib.no
Tlf 55 58 26 04