Masterprogrammet i kjemi fører fram til graden Master i kjemi.
Haust (hovudopptak), vår (supperingsopptak)
Mål:
Studiet har som mål å gje kandidaten ein teoretisk og praktisk kunnskap på høgt nivå innanfor kjemi med tilstrekkeleg fordjuping i eit gitt felt. Basert på denne kunnskapen skal kandidaten vere i stand til å fullføre ei forskingsbasert masteroppgåve innanfor ei av instituttet sine forskingsgrupper.
Kandidaten skal både kunne nyttiggjere seg av etablert kunnskap og ta del i den vidare utviklinga av fagfeltet.
Ein kandidat som gjennomfører masterprogrammet vil få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, og trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.
Innhald:
Forskingsfelta som ein kan velje masteroppgåva innan, spenner over heile breidda av kjemi, frå teoretiske til laboratorieorienterte oppgåver. Instituttet har ein moderne instrumentpark som sikrar at det eksperimentelle arbeidet som vert utført, er av høg kvalitet (mellom anna: høgfelt NMR, UV-, IR-, NIR-, Raman-spektroskopi, MS og røntgenkrystallografi). Emnekombinasjonane som er sett opp for dei enkelte forskingsretningane, gir kandidaten ei teoretisk og praktisk fordjuping i ulike tema som blir nytta i løpet av arbeidet med masteroppgåva.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Bachelorgrad i kjemi eller tilsvarande utdanning.
Fagleg minstekrav er karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget.
Dersom det er fleire søkjarar til programmet enn det er plassar, vil søkjarane bli rangerte etter karakterane i opptaksgrunnlaget.
Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve, på 60 studiepoeng kvar.
Emne: Obligatoriske og valfrie emne i mastergraden i kjemi er bestemt av kva fagleg tema du vel for masterprosjektet ditt. Sjå meir informasjon om emnene her:
http://www.uib.no/kj/54969/tema-masteroppg%C3%A5ver
4. semester
Oppgåve
Oppgåve
Oppgåve
3. semester
Emne
Oppgåve
Oppgåve
2. semester
Emne
Emne
Oppgåve
1. semester
Emne
Emne
Emne
Masteroppgåva:KJEM399 Masteroppgåve i kjemi er på 60 studiepoeng. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.
Valemne skal veljast i samrå med rettleiar.
http://www.uib.no/kj/54969/tema-masteroppg%C3%A5ver
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapeleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.
Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid og seminar. Detaljar om emna finn ein i emnebeskrivinga.
Studiet avsluttas med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.
Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Målet med masterprogrammet i kjemi er å gi deg ein teoretisk og praktisk bakgrunn på høgt nivå innanfor ulike greiner av kjemien, slik at du kan nyttiggjere deg etablert kunnskap, men også ta del i den vidare utviklinga av fagfeltet. Ein moderne instrumentpark ved instituttet sikrar at det eksperimentelle arbeidet som blir utført, er av høg kvalitet ( vi kan mellom anna nemne høgfelt NMR, UV-, IR- NIR-, Raman-spektrografi, MS og røngtenkrystallografi). Fagkombinasjonane som er sette opp for dei enkelte studieretningane sikrar ei teoretisk og praktisk fordjuping i relevante problemstillingar. Ved å gjennomføre programmet vil du få erfaring i å leggje fram eigne resultat og teoriar både munnleg og skriftleg, samt trening i å innhente og evaluere relevant vitskapleg litteratur.
Haust (hovudopptak), vår
Programstyret i kjemi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt: post@kj.uib.no
Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@kj.uib.no Tlf 55 58 34 45