Studieprogram: MAMN-PROG Felles masterprogram i programutvikling - Høst 2017




Namn på grad

Det felles masterprogrammet fører fram til graden Master i programutvikling.

Graden er felles, og oppnås ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) i samarbeid.

Omfang og studiepoeng

 Det felles masterprogrammet i programutvikling er 2-årig (120 Studiepoeng).

 

Undervisningsspråk

Mål og innhald

Dette er eit studieprogram som er ein fellesgrad med Høgskulen på Vestlandet (HVL). I dette masterprogrammet kan ein velge mellom spesialisering i programvareutvikling og programutviklingsteori.

Spesialiseringa innan programvareutvikling legg vekt på opplæring i og bruk av moderne systemutviklingsmetodar og teknologi. Målet er å utdanne kandidatar med spisskompetanse innanfor avansert datateknologi med fokus på praktiske problemstillingar.

Spesialiseringa innan programutviklingsteori legg vekt på dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som ligg under konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem. Målet er å utdanne kandidatar med spisskompetanse innanfor avansert programmeringsteori, der hovudvekta ligg på fleksible løysingar med omsyn på teknologiske endringar og utvikling.

 

Læringsutbyte

Etter fullført mastergrad i programutvikling skal dei ferdige kandidatane, for båe spesialiseringar, ha tileigna seg ny kunnskap, auka ferdigheiter og generell kompetanse.

 

Kunnskapar

 

Dei ferdige kandidatane skal ha solide vitskapleg funderte kunnskapar og evne i informatikk og programutvikling. Dei skal kjenne godt til dei vitskaplege arbeidsmåtane, og dei har trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver.

 

Ferdigheiter

 

Etter fullført felles mastergrad i programutvikling skal kandidaten:

 

Generell kompetanse

 

Ein ferdig mastergradskandidat i programutvikling, skal:

Opptakskrav

Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB, eller ein vilkårleg bachelorgrad med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk.

Inntil 10 studiepoeng statistikkemne kan brukast som matematikkemne til opptaket. MNF130 tel ikkje som matematikkemne.

Studentar som tek bachelorgrad ved ein høgskule, bør vere særskild merksame på matematikkrava for opptak. Matematikk er ikkje obligatorisk i alle informatikkgradar ved høgskulane.


Gjennomsnittskarakteren på emnene i opptaksgrunnlaget (20 matematikkemner og 60 informatikkemner), må vere C eller betre.

Studiet har eit avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar.

 

Søknadsfrister:

15. april for studiestart i august.

1. november for studiestart i januar.

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskapar i matematikk er ein føremon.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

 

Emnedelen

I spesialiseringa programutviklingsteori er følgjande emne obligatoriske:

 

I spesialiseringa programvareutvikling er følgjande emne obligatoriske:

Emna i emnedelen skal vere på 200- og 300-talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.

 

Tilrådd studieplan programutviklingsteori:

1.semester

INF234

INF220

VAL/INF210/INF225

2.semester

INF227

VAL/INF223

Oppgåve

3.semester

VAL/INF329

Oppgåve

Oppgåve

4.semester

Oppgåve

Oppgåve

Oppgåve

 

 

 

Tilrådd studieplan programvareutvikling:

 

1.semester

INF234

MOD250

VAL/MOD252

2.semester

MOD251

VAL/oppgåve

VAL/Oppgåve

3.semester

VAL/oppgåve

Oppgåve

Oppgåve

4.semester

Oppgåve

Oppgåve

Oppgåve

 

Tilrådde valemne

Avheng av spesialisering. Må veljast i samråd med rettleiar. Aktuelle emne kan vere INF210, INF223, INF225, INF226, INF329 eller matematikkemne ved UiB, eller MOD252, MOD259 eller andre emne ved HVL.

 

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet. Innan programvareutvikling har ein erfaring med oppgåver i samarbeid med næringsliv, forskingsinstitusjonar og gründerverksemd.

I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ein framdriftsplan med oversyn over emne og milepælar i arbeidet med oppgåva. Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengd tilsvarande 60 studiepoeng, men det er også mogleg å velje kort oppgåve på 30 studiepoeng. Vel du å skrive lang masteroppgåve, byrjar du normalt på oppgåva i 2. semester, og jobbar så meir med henne utover i studiet.

Fristane for innlevering er:

 

Merk at det er utarbeidd eit utfyllande reglement for masterstudentar ved MN-fakultetet.

 

Studiestader

Emne tas båe ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet (HVL) (omfanget av opphalda ved kvar av studiestadene vil variere etter val av faglig spesialisering, emnesamansetning og emneval)

Masteroppgåva (60 ECTS/30 ECTS) avleggjast ved ein av dei samarbeidande institusjonane.

 

 

Delstudium i utlandet

Det er mogeligheiter for utanlandsopphald under masterstudiet. Kontakt studierettleiar eller fagleg rettleiar ved interesse.

Undervisningsmetodar

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i emnedelen, er omtalt i emneplanane.

Vurderingsformer

Når masteroppgåva er innlevert, godkjend og vurdert, vert studiet avslutta med ein munnleg mastergradseksamen.

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i emnedelen, er omtalt i emneplanane.

 

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Karakterskala for enkeltemne som inngår i emnedelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

 

Relevans for arbeidsliv

Evaluering

Administrativt ansvarleg

 Institutt for informatikk er administrativt ansvarlig.

Kontakt: studieveileder@ii.uib.no