Studieprogram: MAPS-BARN Masterprogram i barnevern - Vår 2017




Namn på grad

Master i barnevern

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i barnevern har eit omfang på 120 studiepoeng, normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisinga vil i hovudsak vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisingsspråk.

Valfrie emner kan ha undervising på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Masterprogram i barnevern skal bidra til å sikre samfunnet sitt behov for eit kunnskapsbasert barnevern gjennom å utdanne kandidatar som kan tileigne seg, vurdere, integrere og bruke forskingsbasert kunnskap, samt kunne nærme seg praksisfeltet på ein fagleg, analytisk og reflektert måte. Studiet dannar også eit rekrutteringsgrunnlag for framtidige ph.d.-kandidatar.

Læringsutbyte

Kandidatar skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Kandidaten:

har inngåande kunnskap om sentrale menneskerettskonvensjonar og Barnekonvensjonen spesielt, samt kva desse har å seie for barn i barnevernet og barnevernet sitt arbeid

 

Ferdigheiter:

Kandidaten:

 

Generell kompetanse:

Kandidaten: 

Opptakskrav

 

Sjå http://www.uib.no/psyfa/86973/opptaksreglement-til-masterprogram-ved-det-psykologiske-fakultet#barnevernutfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i barnevern for meir informasjon.

 

Obligatoriske emne

MABARN314 Omsorgsutøving, barn si utvikling og avgjerder i barnevernet (10 stp.)

MABARN315 Barnet som aktør (10stp)

HABA301 Vitenskapsteori og metode (10 stp)

MABARN312 Tiltak i barnevernet, implementering og evaluering (10stp)

HABA302 Fordjuping i metode, etikk og prosjektplan (10 stp)

Valfritt emne (10stp)

MABARN351 Masteroppgåve (60stp)

Tilrådde valemne

MABARN316: Childhood and parenting in diverse contexts (10 stp.).

HEFR342: Resource approaches to health and well-being (10 stp.).

Kandidaten skal velje eit emne.

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng. Oppgaven skal skrives som monografi (60 - 80 sider). Det kan etter avtale med emneansvarlig og veileder avtales å skrive en vitenskapelig artikkel til fagfellevurdert tidsskrift (10-20 sider) med en innledning (20-25 sider).

Rekkefølgje for emne i studiet

Rekkefølgja vil normalt vere: MABARN314, MABARN 315, HABA301, valfritt emne, MABARN 312 og HABA302. Emna skal vere gjennomførte og bestått før ein byrjar på MABARN 351.

Krav til progresjon i studiet

Studenter skal følge normal studieprogresjon, dette innebærer 30 studiepoeng per semester. Universitetets norm er 1600 arbeidstimer per 60 studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Undervisningsmetodar

Undervisninga er samlingsbasert, med førelesningar og seminara. I tillegg krevjast det stor grad av eigenaktivitet mellom samlingane. Det er venta at studentane set seg inn i relevant litteratur. Det blir lagt vekt på studentaktive læringsformer. Arbeid med skriftlege oppgåver inngår som ei viktig læringsform. Det blir også brukt IKT-baserte verktøy.

Vurderingsformer

Det er eit mål at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer, t.d. heimeeksamen, mappevurdering, emneoppgåver, framlegg/presentasjonar, evt. munnleg eksamen og eventuelt skriftleg skuleeksamen.

For alle skriftlege innleveringar og eksamenar brukar ein tekstgjenkjenningsverktøyet Ephorus. Reglane i Universitetslova gjeld ved mistanke om fusk.

Karakterskala

Den internasjonale karakterskalaen, A (glimrande) - F (ikkje bestått).

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrivne ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført mastergrad gjev høve til å søkje opptak på PhD-program.

Relevans for arbeidsliv

Studiet er særleg relevant for stillingar med ansvar knytt til utøving, organisering, utvikling, evaluering og kvalitetssikring av oppgåvene til barnevernet, samt leiarstillingar på ulike nivå i kommunalt, statleg og privat barnevern. Studiet kvalifiserer også for faglege og administrative stillingar i tilliggjande fagfelt, der kompetanse om og tiltak for utsette barn og familiar står sentralt.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert av ekstern programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. For perioden 2012 til 2016 er Professor Ingrid Højer, Universitetet i Gøteborg, Institutt for Sosialt arbeid oppnemnt som ekstern programsensor. I tillegg skal studentane evaluere dei einskilde emna i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet, HEMIL-senteret.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Det psykologiske fakultet.

Informasjonssenteret: mailto:studierettleiar.psyfa@uib.nostudierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf. 55 58 27 10

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet
Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.
Se uib.no/utdanning/opptak/masterstudium

Mål og innhald

Masterstudiet i barnevern gjev tilbod om ei utdanning som skal medverke til teoretisk og forskingsbasert kunnskap innan relevante fagområder, auka metodiske kompetanser og ferdigheter, samt ei kritisk, analytisk og vitskapleg tilnærming til barnevernet som fagfelt.

Masterstudiet i barnevern skal medverke til ei kompetanseheving som kan styrke ivaretakinga av barnet sine interesser i alle faser av barnevernet sitt arbeid.

Barnevern som praksis- og forskingsfelt krev ein samansett kompetanse og byggjer på forståing og teori frå ei rekkje fagdisipliner. Studiet tek for seg vesentlege dilemma i barnevernet sitt arbeid, og gjev tilbod om undervisning og tilnærminger som sikter mot å utvikle heilskapleg forståing for faktorer og mekanismer som influerer på barn og familien si utvikling og fungering. Herunder vil internasjonal forsking og komparative studier vere viktig. Det er eit mål å auke studentene sine metodiske og analytiske ferdigheter gjennom auka kunnskap om dei teoretiske, forskingsbaserte, juridiske og skjønsmessige grunngjevingane for tiltak, intervensjoner og arbeidsmåter i barnevernet. Kritisk analyse og refleksjon over barnevernet sitt komplekse mandat og funksjon i samfunnet, rettstryggleik for barnevernet sine brukere, etiske dilemma og eiga rolle som barnevernarbeider står sentralt.

Eit av studiet sine overordna målsettinger er å auke studentene sine føresetnader for eit sjølvstendig og fagleg godt arbeid innan barnevernet sine ulike arbeidsområder, og for å kunne utvikle og kvalitetssikre barnevernsarbeidet gjennom ei kritisk og vitskapleg tilnærming til eige arbeid og til dei tiltaka som barnevernet set i verk. Tileigning og bruk av teoretisk og forskningsbasert kunnskap er sentralt. Her inngår både internasjonale samt komparative bidrag til barnevernet som praksis- og forskingsfelt. Ei aktiv integrering av ny kunnskap og ferdigheter i utøvinga av barnevernsarbeidet er viktig og gjev grunnlag for videre forsking og utvikling innafor barnevern som fagområde.

Opptaksgrunnlag

Generelt grunnlag for opptak til masterstudiet i barnevern er oppnådd BA grad som gjev kandidaten ein barnevernfagleg relevant kunnskapsbase samt grunnleggende kunnskaper i metode og vitskapsteori. Eigne retningslinjer for opptak til mastergrad i barnevern er utforma.

Krav til forkunnskapar

For opptak til masterprogram i barnevern vert det kravd fullført BA grad frå høgskule eller universitet (3-årig sosionom-/barnevernpedagogutdanning eller ein annan fagkrins relevant for barnevernsarbeid). I tillegg er det krav om minst eit års arbeidspraksis frå barnevernfeltet etter endt bachelorgrad.

Undervisning

Undervisninga er organisert som ein kombinasjon av 2 til 3 samlinger i semesteret og IKT-baserte studentaktive læringsformer.

Oppbygging av studiet

Studiet er sett saman av 5 emner a 15 studiepoeng. Fire av desse er obligatoriske, medan det femte emnet er valfritt. Studiet vil til eikvar tid gje tilbod om eit valfritt emne. Ein kan søke om innpassing av relevante emne av same omfang og på same nivå frå andre høgskoler og universitet (også utanlandske lærestader).

Masterstudiet i barnevern skal gje kompetanse og tryggleik til å vurdere kva kunnskap som kan brukast i barnevernet, kor kunnskapen kan hentast frå og kva den byggjer på, og kva som kan sjåast på som gyldig og relevant kunnskap. Fokus er retta mot dei kreftene som former barnet sin sosiale verkelegdom. Her inngår muligheiter og begrensinger for barnet si utvikling som ligg i individuelle karakteristika, det daglege samspelet med omsorgspersonene, nettverk og nærmiljø samt andre samfunnsmessige faktorer.

I emnene 301 og 302 vert det lagt stor vekt på kunnskap og ferdigheter som kan medverke til å sikre eit kvalitativt godt barnevernsarbeid. Dette er knytt til det og oppnå ei heilskapleg forståing av barn sine utviklingsbehov og foreldre sin omsorgskompetanse, å videreutvikle dei ferdigheter i kommunikasjon, samtalemetodikk, samhandling og samarbeid som trengs i møte med barnevernet sine brukere og samarbeidspartnere samt beslutningsarbeid i ein barnevernkontekst.

For emnet 303, forskningsmetode, vitskapsteori og etikk, er målet at studentene skal kunne lese og vurdere vitskapleg litteratur, og bli i stand til å reflektere kritisk over sentrale vitskapsteoretiske paradigmer, metodiske framgangsmåter og fortolkningspremisser. Dette emnet skal sette studentene i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid gjennom masteroppgåva.

I emnet 304 er forståinga av den samfunnsmessige konteksten barnevernet inngår i eit sentralt tema. Fokus er retta mot det normative grunnlaget for barnevernet i vårt samfunn og den rama demokratiske rettsstater set for barnevernet sin funksjon og arbeidsmåter, herunder kva rettar og barneperspektiv betyr. Sentralt står også dei utfordringene som vert reist ved interessekonflikter og multikulturalisme, som når einskildindivid sitt likeverd kjem i motsetnad til kvarandre og når kollektivet sine interesser står mot individuelle interesser.

I tillegg til fire obligatoriske, felles emne skal studentene velge ett emne. Dei valfrie emna som vert gjeve tilbod om er "Fosterhjemsarbeid" og, "Rettighetsbasert arbeid med barn. Desse emna siktar inn mot fordjupning i arbeid med fosterbarn/fosterhjem og barnerettane/Barnekonvensjonen.

Vurdering / Eksamensformer

Heimeeksamen, munnleg eksamen og mappevurdering.

Yrkesvegar

Faglege og administrative stillingar i kommunalt og statleg barnevern/alt. private verksemder/organisasjonar med barn som fokus

Stillingar innan barnevernet som er tillagt ansvar for utvikling-, evaluering- og kvalitetsikring av barnevernets arbeid - herunder leiarstillinger og fagstillinger med rettleiingsansvar

Undervisning

Læremiddelomtale

Ressursliste med anbefalt litteratur vil delast ut til kvart emne.

Delstudium i utlandet

Relevant fordjuping av samme omfang (15 studiepoeng) og på same nivå frå utanlandske lærestader vil kunne søkjast innpassa.

Oppstart

Masterprogrammet i barnevern starta opp vårsemesteret 2005.
Det taes sikte på nytt opptak til høstsemesteret 2007.

Programansvarleg

Programstyret for masterprogrammet i barnevern har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Tlf. 55 58 27 10

E-post: studieveileder.psyfa@uib.no

Planforslag

Eit masterprogram i barnevern vil sjå slik ut (deltid):

1.semester:
MABARN301 Omsorgsutøving og barns utvikling (15 studiepoeng)

2.semester:
MABARN302 Kommunikasjon og samhandlingskompetanse (15 studiepoeng)

3.semester:
MABARN303 Forskingsmetode, vitskapsteori og etikk (15 studiepoeng)

4.semester:
MABARN304 Barnevernet i eit samfunnsperspektiv (15 studiepoeng)

5.semester:
Valfritt emne (15 studiepoeng)

6.-8. semester:
MABARN350 Masteroppgåve (45 studiepoeng)