Studieprogram: MAPS-LOG06 Masterprogram i helsefag - Logopedi - Høst 2017




Namn på grad

Masterprogram i logopedi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i logopedi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Faget logopedi er studiet av vanskar med språk, tale, stemme eller svelging, inkludert førebyggjande arbeid, diagnostisering, behandling og forskings- og utviklingsarbeid.

Logopedar har ulike roller og opptrer på ulike profesjonelle arenaer. Studiet skal førebu studentane for ulike, men vanlege, yrkesroller for logopedar, og sette dei i stand til å utøve logopedyrket i samsvar med det felles kunnskapsgrunnlaget innanfor helsefaga og det fagspesifikke kunnskapsgrunnlaget i logopedi.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført mastergrad i logopedi skal:

 Kunnskapar:

- ha avansert kunnskap innanfor logopedi generelt og spesialisert innsikt i eit avgrensa område

- ha inngåande kunnskap om logopediens vitskapelege teori- og metodegrunnlag

- ha forståing for logopediens plass innanfor helsefaga, og kjenne det felles kunnskaps- og metodegrunnlaget for helsevitskapane

- kunne analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i logopedien sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

- kunne bruke kunnskapen sin på nye områder innanfor logopedi

 Ferdigheiter

- kunne analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor logopedi og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing

- kunne kartleggje, diagnostisere, behandle og gje råd i samband med dei vanlegaste logopediske vanskeområda, anten dei skriv seg frå utviklingsforstyrringar eller skuldast sjukdom eller skade

- kunne diskutere faglege problemstillingar og vurdere kva som er den beste tilnærminga til kartlegging og behandling/rådgjeving med utgangspunkt i tilgjengelig informasjon

- kunne bruke relevante metodar for forsking og fagleg utviklingsarbeid på ein sjølvstendig måte

- kunne analysere og vurdere ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement

- kunne gjennomføre og formidle eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

 Generell kompetanse

- kunne analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar

- beherske faget sine uttrykksformer

- kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor logopedi, både med spesialistar og til allmenta

- kunne bidra til nytenking og innovasjonsprosessar

- kunne vurdere kva som er god, klinisk praksis i logopedi

Opptakskrav

Om ein søkjer på særskilt grunnlag, så må det leggjast ved ei skriftleg framstilling i eit vedlagt brev på opp til ei side (maksimalt 400 ord) som skal leverast saman med annan dokumentasjon. Søkjarar som ønskjer vurdering på særskilt grunnlag må presisere dette i søknaden sin.

*Disse helsefagutdanningane er godkjent som opptaksgrunnlag til masterstudiet i logopedi:

- Bachelor i ergoterapi

- Bachelor i sjukepleie

- Bachelor i fysioterapi

- Bachelor i audiologi

- Bachelor i folkehelse og helsefremjande arbeid

Sjå http://www.uib.no/psyfa/86973/opptaksreglement-til-masterprogram-ved-det-psykologiske-fakultet#logopediutfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i logopedi for meir informasjon.

Innføringsemne

HEL320 Forskingsmetode og -etikk (15 sp)
HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsveitskapelege tema (15 sp)

Obligatoriske emne

LOGO310 Innføring i logopedi (15 sp)

LOGO320 Logopediske særemne (25 sp)

LOGO325 Fordjupningsemne (5 sp)

LOGO335 Praksis i logopedi (15 sp)

LOGO345 Masteroppgåve i logopedi (30 sp)

Omfang masteroppgåva

30 studiepoeng

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust):

HEL320 Forskingsmetode og - etikk (15 sp)

LOGO310 Innføring i logopedi (15 sp)

  

2. semester (vår):

LOGO320 Logopediske særemne (25 sp)

 

3. og 4. semester (haust og vår):

HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsevitskapelege tema (15 sp)

LOGO325 Fordjupingsemne (5 sp)

LOGO335 Praksis i logopedi (15 sp)

LOGO345 Masteroppgåve i logopedi (30 sp)

Delstudium i utlandet

Studentane vert oppmoda til å inkludere eit utvekslingsopphald ved ein annan studieinstitusjon i studieprogrammet sitt. Emnet LOGO325 vil vere særskilt egna for eit slikt opphald.

Undervisningsmetodar

Undervisninga blir gitt i form av forelesingar, seminar og gruppearbeid. I tillegg inngår det ein praksisdel, der studenten skal observere og sjølv utøve logopedisk arbeid.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, skriftleg skoleeksamen og munnleg eksamen.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet kvalifiserer mellom anna til praktisk yrkesutøving som logoped, utdanningsarbeid på universitet og høgskular, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking, utvikling og fagleg-administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.

Evaluering

Programmet blir kontinuerlig evaluert av programsensor i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av dei einskilde emna er omtalt i emneskildringa.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: mailto:studieveileder.psyfa@uib.nostudieveileder.psyfa@uib.no Tlf 55 58 2710mailto:studieveileder.psyfa@uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det medisinske fakultetet.
Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Mål og innhald

Masterprogrammet er retta mot deg som alt har ein bachelorgrad i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk eller ei fordjuping i generell psykologi, fonetikk og lingvistikk, og som ønskjer kompetanseheving gjennom vidareutdanning og fagleg fordjuping. Gjennom ein tverrfagleg profil ønskjer vi å forsterke det faglege fellesskapet og forståinga mellom helsefaga.

Logopedar arbeidar til beste for menneske som har vanskar med tale, språk, språklege symboluttrykk, stemme eller svelging. Faget logopedi er studiet av desse områda, medrekna studiet av kommunikative prosessar, førebyggjande arbeid, diagnostisering og forskings- og utviklingsarbeid. Studiet gir eit allmennvitskapleg grunnlag for forsking og undervisning og styrkjer det teoretiske grunnlaget for klinisk praksis i logopedi. Studiet skal også gje auka kompetanse på tvers av helsefaga gjennom å byggje på det felles faglege teori- og metodegrunnlaget i helsefaga og gjennom tverrfagleg utveksling og utnytting av kompetanse. Utdanninga legg vekt på å utvikle sjølvstendige og kritiske haldningar til det logopediske arbeidsfeltet og faget sine forskingstradisjonar.

Opptaksgrunnlag

For å bli teken opp på masterprogrammet i helsefag i studie-retninga logopedi må du ha bachelorgrad eller liknande i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk eller generell psykologi. I desse studiepoenga, eller i tillegg til dei, må det inngå ein eigen metodeprøve på minst 9 studiepoeng.

Metodekurs
Dette metodekurset vil bli tilbudt studentar som ønskjer å søkje seg inn på master i logopedi. Om ein har utdanning som tilfredstiller krava for ein master i logopedi vil ein og vere kvalifisert til dette kurset.

HELFG-3 våren 2007
Det vil bli undervisning i HELFG-3 også våren 2007. Undervisningen vil foregå i uke 2, 6 og 11. Endelig timeplan og litteraturliste vil bli lagt ut senest 01.12.06.

Foreløpig timeplan (kan bli endret, vil kun bli oppdatert i Studentportalen)
Søknadsskjema

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller liknande i logopedi, helsefag, pedagogikk/spesialpedagogikk, generell psykologi eller lingvistikk/fonetikk. Inntil 20% av plassane kan tildelast til studentar som verkar særskilt eigna for studiet. Dette vil i så fall bli gjort etter ei skjønnsmessig vurdering som vil ta utgangspunkt i søkjarane si skriftlege framstilling i eit vedlagt brev på 1 side (maks. 400 ord) som skal leverast saman med annan dokumentasjon.

Metode

Du får innføring i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar, inkludert statistikk. I samband med masteroppgåva vel du i metodisk tilnærming som passar den problemstillinga du skal studere.

Masteroppgåve

Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng. Masteroppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Målet med oppgåva er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gi ei instruktiv, klar og presis, skriftleg framstilling av saksområdet.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i logopedi ser slik ut:
1. semester:
HEL320 Forskingsmetode og -etikk (15 sp)
LOGO310 Innføring i sentrale logopediske emne (15 sp)

2. semester:
HEL310 Vitskapsteori og sentrale helsevitskaplege tema (15 sp)
LOGO311 Språkutvikling og medfødte og tidleg diagnostiserte kommunikasjonsforstyrringar (5 sp)
LOGO312 Artikulasjon og LKG (5 sp)
LOGO313 Stemme og stemmevanskar og dysfagi (5 sp)

3. semester:
LOGO314 Talerytmeforstyrringar: stamming og løpsk tale (5 sp)
LOGO315 Språkbaserte lærevanskar (5 sp)
LOGO316 Afasi og andre erverva nevrologiske kommunikasjonsvanskar (5 sp)

3. og 4. semester:
LOGO317 Praksis i logopedi (15 sp)
LOGO350 Masteroppgåve i logopedi (30 sp)



Yrkesvegar

Masterprogrammet kvalifiserer deg mellom anna til praktisk yrkesutøving som logoped, utdanningsarbeid på universitet og høgskular, fagutvikling i klinisk verksemd, forsking og utvikling og fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen.

Oppstart

Haust

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Planforslag

Masterprogrammet i logopedi ser slik ut:

1. semester:

2. semester:

3. og 4. semester:

Masteroppgåva utgjer 30 studiepoeng. Masteroppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar) som kan publiserast. Masteroppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller gå inn som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Målet med oppgåva er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og syne evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang. Du skal vere i stand til å gje ei instruktiv, klar og presis, skriftleg framstilling av saksområdet.

Meir informasjon

studierettleiar@psyfa.uib.no / 55 58 27 10