Studieprogram: MAPS-PSYK Masterprogram i psykologi - Høst 2017




Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i psykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi, og studentane vil i første semesteret gjennomføre felles undervisning og seminar med vekt på aktuelle perspektiv i psykologisk forsking, vitskapsteori og forskingsmetode. Dei påfølgjande semestera vil gje studentane ei fordjuping innan studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi, psykologisk vitskap eller åtferd- og nevrovitskap. I det siste studieåret vil studentane bli knytt til ei av fakultetets forskingsgrupper. Studentar på studieretninga åtferd- og nevrovitskap vil skrive ei masteroppgåve på 60 sp, medan studentar på studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi og psykologisk vitskap vil kunne velje mellom å skrive ei 60 sp eller 30 sp masteroppgåve. Dei som skriv 30 sp masteroppgåve, må ta førehandsgodkjende valemne tilsvarande 30 sp, og desse kan gjennomførast ved godkjende lærestader i utlandet. Studieprogrammet skal byggje på forsking og ekspertise i basale og bruksretta felt i psykologi til å utdanne kandidatar med høg kompetanse i psykologi, samt danne grunnlag for vidare fordjuping (PhD-studium og anna forsking i psykologi). Studiet kvalifiserer for ulike typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i team er etterspurde evner.

Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi:
Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling.

Studieretning psykologisk vitskap:
Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande for studentar som ønskjer ei vidare utdanning i faget. Studiet har fokus på forsking og går i djupna på tradisjonar, nytenking, metodar og bruk av analytiske verktøy i faget. Studiet byggjer på både grunnforsking og bruksretta forsking innanfor psykologifeltet. Tilbodet av fordypningsemna på studieretninga i psykologisk vitskap er basert på forskningsgruppene ved instituttet og vil av den grunn variere noko frå år til år. Våren 2017 vil følgande emner bli tilbudt: MAPSYK312, MAPSYK313, MAPSYK316 og MAPSYK317

Studieretning Åtferd og nevrovitskap

Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi (med biologisk psykologi som ein føresetnad). Føremålet med programmet er å gi ei oversikt over samanhengen mellom hjernen til mennesket og åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Opptakskrav

Opptaksgrunnlaget til master i psykologi er:

 

Sjå http://www.uib.no/psyfa/86973/opptaksreglement-til-masterprogram-ved-det-psykologiske-fakultet#psykologiutfyllande opptaksreglement for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Omfang masteroppgåva

Studentar på studieretninga åtferd- og nevrovitskap vil skrive ei masteroppgåve på 60 sp, medan studentar på studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi og psykologisk vitskap vil kunne velje mellom å skrive ei 60 sp eller 30 sp masteroppgåve i psykologi. Dersom ein vel 30 sp masteroppgåve, må ein i tillegg fullføre 30 sp fordjuping innan vald studiespesialisering.

Rekkefølgje for emne i studiet

Emne på første semester må vere greidd før ein begynner på masteroppgåva.

Det vert tilrådd at studentar som vel 30 sp masteroppgåve skriv denne i haustsemesteret (3.semester). Anna rekkefølje må godkjennast av fagmiljøet.

Krav til progresjon i studiet

Studiet blir oppbygd opp med eit felles semester for alle studieretningane (haustsemesteret) som må gjennomførast før ein kan gå vidare på arbeidet med masteroppgåva.

Delstudium i utlandet

Ein student som vel 30 stp mastergradsoppgåve kan gjennomføre inntil 30 stp studiespesialisering i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa.

Vurderingsformer

Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen, heimeeksamen og mappevurdering.

Karakterskala

Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad).

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringa for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa.

Programansvarleg

Undervisningsutvalet ved Institutt for samfunnspsykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygning av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast på:

 

E-post: studierettleiar.psyfa@uib.no
Telefon: 55 58 27 10

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn du på våre nettsider.

 

Lista vil vere klar innan 01.06/01.12 for det komande året.