Masterstudiet er toårig (120 studiepoeng).
Masterprogrammet i samanliknande politikk legg vekt på å utdanne til sjølvstendig forsking og analyse av politikk og samfunn. Den største komponenten i studiet er masteroppgåva som utgjer 60 studiepoeng og er eit sjølvstendig forskingsarbeid skriven under individuell rettleiing av forskarar på institutt for samanliknande politikk. Studentane skriv masteroppgåva i 3. og 4. semester av studiet.
I dei to første semestera tilbyr masterprogrammet i samanliknande politikk kurs som førebur studentane til det sjølvstendige forskingsarbeidet - masteroppgåva. Desse kursa skal gi a) kunnskap om sentrale teoriar, metodar og debattar i samanliknande politikk og b) høve til fordjuping i forskinga på instituttet.
Kursdelen er satt saman av tre obligatoriske emne og to valfrie forskingsemne.
Dei tre obligatoriske emna utgjer til saman 40 studiepoeng og dannar ein felles kunnskapsbase for alle masterstudentane.
SAMPOL306: Masterseminar i komparativ politikk, 15 studiepoeng, haust
SAMPOL305: Multivariat dataanalyse, 15 studiepoeng, haust
SAMPOL307: Komparative metodar, 10 studiepoeng, vår
Dei to valfrie forskingsemna gjev høve til fordjuping i forskinga på instituttet og utgjer til saman 20 studiepoeng. Kursa går i vårsemesteret og det vert mellom tre og fem kurs å velje mellom kvart år.
Tema for dei valfrie forskingsemna vil variere frå år til år for å reflektere forskingsfronten i dei tre forskingsgruppene på instituttet:
- Demokrati og utvikling
- Medborgarar og representasjon
- Utfordringar og endringsperspektiv i avanserte demokrati
Instituttet tilrår eit studieløp med SAMPOL305 og SAMPOL306 det første semesteret på masterstudiet, SAMPOL307 og dei valfrie fordjupingsemna det andre semesteret og mastergradsoppgåva i tredje og fjerde semester.
Samanliknande politikk utgjer det systematiske studiet av politiske institusjonar, organisasjonar, prosessar og åtferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Samanlikningar på tvers av politiske system står sentralt. Forskinga sitt hovudfokus er demokrati og demokratisering i brei forstand, tematisk og geografisk.
Masterstudiet skal styrke studentane sine analytiske evner og metodiske ferdigheiter, samt vidareutvikle studentane sine skriftlege og munnlege formulerings- og framstillingsevne. Det vert oppfordra til aktiv deltaking i undervisninga.
Komparativ metode og multivariat dataanalyse utgjer hovudtyngda av forskingsmetoden i faget.
Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
For opptak til mastergraden i samanliknande politikk må studenten ha ein bachelorgrad med fordjuping/spesialisering i statsvitskap. Fordjupinga må innehalde metodekurs som inkluderer både kvalitativ og kvantitativ metode. Instituttet tar òg opp studentar til ein mastergrad i samanliknande politikk etter retningslinjer i nasjonale og internasjonale samarbeidsavtaler. Det er karaktersnittet i fordjupinga i statsvitskap som dannar opptaksgrunnlag til masterprogrammet, og søkjar må ha minimum C i snitt for å bli vurdert for opptak. Undervisninga er i all hovudsak på norsk, og søkjar må derfor forstå norsk for å søkje om opptak. Det er opptak til mastergraden i samanliknande politikk ein gong i året, i haustsemesteret.
Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Du vel oppgåvetema i samråd med rettleiaren. Målsetjinga er å utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde. Du skal utvikle evne til å utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar innanfor dette området. Masteroppgåva bør ha eit komparativt siktemål og er normert til 80 til 100 sider.
Du kan reise på utveksling som en del av mastergraden din i samanliknande politikk. Det finst fleire alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har lange tradisjonar for internasjonal verksemd og har samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar.
Det vert anbefalt at utanlandsstudiet leggjas til 2. semester. Studentar på utveksling tek emne til erstatning for valfrie forskingsemne, samt erstatning for eller en tilrettelagt versjon av SAMPOL307. Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar dine faglege interesser og som er mogleg å gjennomføre på masternivå. Sjå
Ein stor del av undervisninga på mastergraden består av individuell rettleiing i samband med masteroppgåva. Den øvrige undervisninga vil normalt vere satt saman av førelesingar og seminarundervisning med aktiv deltaking i mindre grupper.
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: essay, heime- og mappeeksamen.
Emna som inngår i den tilrådde oppbygginga av studiet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Institutt for samanliknande politikk
Telefon: 55 58 21 87
Epost: studieveileder@isp.uib.no
Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Viss du har utdanning avlagt utanfor UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan
1. mai. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master
Sammenliknende politikk utgjør det systematiske studiet av politiske institusjoner, organisasjoner, prosesser og atferd på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Sammenlikninger på tvers av politiske systemer og over tid står sentralt. Hovedfokus på forskningen er demokrati og demokratisering i bred forstand, tematisk og geografisk.
Masterstudiet skal styrke studentenes analytiske evner og metodiske ferdigheter, samt videreutvikle studentenes skriftlige og muntlige formulerings- og framstillingsevne. Studiet legger derfor opp til stor egeninnsats i form av skriftlige arbeider og oppgaveløsning. Det oppfordres til aktiv deltakelse i undervisningen.
For opptak til mastergraden i sammenliknende politikk må studenten ha en bachelorgrad med fordypning/spesialisering i statsvitenskap. Fordypningen må inneholde metodekurs som inkluderer både kvalitativ og kvantitativ metode, samt 30 studiepoeng komparativ politikk eller tilsvarende. Instituttet tar også opp studenter til en mastergrad i sammenliknende politikk etter retningslinjer i nasjonale og internasjonale samarbeidsavtaler.
Komparativ metode og multivariat dataanalyse utgjer hovudtyngda av forskingsmetoden i faget.
Arbeidet med masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Du vel oppgåvetema i samråd med rettleiaren. Målsetjinga er å utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde. Du skal utvikle evne til å utforme, drøfte og analysere statsvitskaplege problemstillingar innanfor dette området. Masteroppgåva bør ha eit komparativt siktemål. Masteroppgåva er normert til 25 000-30 000 ord. Det blir gitt rettleiing både i tilknyting til kursdelen og i tilknyting til oppgåvedelen av studiet.
Masterprogrammet består av følgende:
SAMPOL 304: Komparativ metode, 10 studiepoeng, høst
SAMPOL 305: Multivariat dataanalyse, 10 studiepoeng, høst
SAMPOL 311: Politics and Economics, 15 studiepoeng, vår
SAMPOL 314: Issues in Democratization,15 studiepoeng, vår
SAMPOL 318: European Politics,15 studiepoeng, vår
SAMPOL 322: Velferdsstaten,15 studiepoeng, vår
SAMPOL 325: Theory and Methods in Political Science,15 studiepoeng, vår
SAMPOL 331: Politics and economics,15 studiepoeng, vår
SAMPOL 350: Masteroppgave 60 studiepoeng vår/høst
Masterstudiet tilsvarer i alt 120 studiepoeng. Studiet består av en kursdel og en oppgavedel, hver på 60 studiepoeng. Studentene skal i kursdelen ta fem emner. Emnene SAMPOL 304 og SAMPOL 305 er obligatoriske emner i graden. I tillegg må studentene ta to ulike substansemner. Instituttet tilbyr ulike substansemner som studentene kan velge mellom. Studentene kan søke om å få erstatte substansemnene fra instituttet med emner fra andre universiteter.
Målsetningen for SAMPOL 304 og SAMPOL 305 er å gi studentene innsikt i vitenskapelige metoder og tilnærmingsmåter som grunnlag for videre arbeid med faget, samt å gi dem innsikt i konkrete metodiske og multivariate teknikker.
For SAMPOL 311-331 er målet å utvikle kunnskap om konkrete forskningsområder i sammenliknende politikk, samtidig som emnene skal gi kompetanse til å anvende ulike arbeidsmetoder. Kursene er basert på den aktuelle forskningen på instituttet. Forelesningsplan og pensum vil kunne varierer fra et semester til et annet. Studenter som velger å ta eksamen i et annet semester enn det de har fulgt undervisning i, må ta eksamen i det pensumet som tilbys i eksamenssemesteret.
Sentralt i studiet står arbeidet med masteroppgaven, som er normert til 60 studiepoeng. Oppgaven skal være et selvstendig forskningsarbeid. Studentene leverer prosjekttema ved starten av studiet og arbeider videre med dette sammen med en veileder, som oppnevnes fra instituttet.
Instituttet anbefaler et studieløp hvor man tar SAMPOL 304 og 305 det første semesteret på masterstudiet. Et eventuelt utenlandsstudium bør legges til 2. eller 3. semester. Utenlandsopphold bør være relevant i forhold til valg av tema for masteroppgaven og avtales i samarbeid med veileder.
Institutt for sammenliknende politikk samarbeider med flere nordiske universitet om å tilby er mastergradskurs i kinesisk politikk ved Fudan-universitetet i Shanghai. Kurset tilbys i høstsemesteret og kan innpasses som et av substanskursene i mastergradsprogrammet i sammenliknende politikk.
Anbefalt studieløp:
1.semester: SAMPOL304, 305
2.semester: 2 av følgende emner: SAMPOL 311/ 314/ 318/ 322/ 325/
3. og 4. semester: SAMPOL 350 - Masteroppgave
Faget gir et bredt anvendelig kunnskapsfundament. Offentlig virksomhet som departementer og direktorater så vel som store nasjonale og internasjonale organisasjoner ansetter mange kandidater fra dette programmet. Kandidater finner også veien til massemedier, forskning, utredning og undervisning. Det er en økende tendens til at kandidater med eksamen fra sammenliknende politikk går inn i stillinger i privat sektor, særlig i store, internasjonalt rettede selskaper.
Haust
Institutt for samanliknande politikk
Telefon: 55 58 21 87
Epost: studieveileder@isp.uib.no
E-post: studieveileder@isp.uib.no Tlf.: 55 58 21 78