Studieprogram: MATF-FARM Integrert masterprogram i farmasi - Vår 2017




Namn på grad

Profesjonsstudiet i farmasi fører fram til graden master i farmasi. Studiet er femårig og gir deg 300 studiepoeng.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Farmasistudiet gir deg ein brei fagleg basis med undervisning både på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinske fakultet. For å bli legemiddelekspert treng du også meir spesialiserte emne som farmakognosi, farmakologi, galenisk farmasi, samfunnsfarmasi, legemiddelkjemi og rettleia praksis i apotek. Masteroppgåva siste året skal vere ei fordjuping og spesialisering innan farmasi, og du kan i stor grad sjølv velje fagområde for oppgåva.

Læringsutbyte

Formelle krav

En masterkandidat i farmasi skal:

Læringsutbytte

Ved fullført integrert masterprogram i farmasi/masterprogram i farmasi for reseptarer skal kandidaten kunne:

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller S1 og S2) og Fysikk 1og Kjemi 1 og 2.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er naudsynt for å kunne gjennomføre delar av farmasistudiet.

Delstudium i utlandet

Det er moglegheiter for å dra på utveksling på farmasistudiet, både gjennom avtaler på studieprogrammet og gjennom sentrale avtaler ved UiB. Ta kontakt med studierettleiar for å høre meir om kva ordningar som finst. Les meir om utveksling her:
http://www.uib.no/mofa/64280/delstudier-i-utlandetInformasjon om utveksling

Undervisningsmetodar

Undervisning står skildra under kvart enkelt emne.

Vurderingsformer

Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står skildra under kvart enkelt emne.

Relevans for arbeidsliv

Profesjonsstudiet i farmasi gir grunnlag for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Som provisorfarmasøyt vil du få ekspedisjonsrett for legemiddel og gifter på resept. Tidlegare var manuell tilverking av legemiddel ein viktig del av arbeidet til ein farmasøyt. I dag blir dei fleste legemidla produsert industrielt, og yrkesrolla er endra til å omfatte rådgjeving, undervisning, forsking og leiing av apotek og anna legemiddelrelatert verksemd. Farmasøyten vil i framtida spele ei stadig viktigare rolle i det kliniske teamet rundt pasienten. Andre oppgåver kan vere legemiddeløkonomiske utgreiingar, tilverking av legemiddel til den enkelte pasienten og vurdering av korleis ulike legemiddel kan brukast saman.

Skikkavurdering og autorisasjon

Som utdanningsinstitusjon skal vi vurdere om du er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning (gjeldande frå 1. august 2006).

Når du er ferdig med studiet, blir du autorisert som provisorfarmasøyt. Statens Autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) har meir informasjon om autorisasjonsordninga.

Administrativt ansvarleg

Senter for farmasi.

Mål og innhald

Farmasistudiet gir deg ein brei fagleg basis med undervisning både på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinsk-odontologiske fakultet.
For å bli legemiddelekspert treng du også meir spesialiserte emne som farmakognosi, farmakologi, galenisk farmasi, samfunnsfarmasi, legemiddelkjemi og hospitering i apotek.
Masteroppgåva siste året skal være en fordjuping og spesialisering innan farmasi. Du kan velje oppgåve innan tradisjonelle studieretningar, eller meir utradisjonelle, som legemiddeløkonomi, akvatisk farmasi og global farmasi.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse/realkompetanse og matematikk R1 (eller S1 + S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1+2.

Tilrådde forkunnskaper

Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er ein føresetnad for å gjennomføra delar av studiet.

Undervisning

Undervisning står skildra under kvart enkelt emne.

Oppbygging av studiet

Farmasistudiet er hovudsakeleg bygd opp med tre emne i kvart semester. Enkelte emne vil du ta saman med medisinstudentar eller med studentar innan matematisk- naturvitskaplege fag, mens andre emne vil berre bli gitt til farmasistudentar. I dei fleste emna vil farmasistudentane ha si eiga gruppe. Mange av emna som inngår i farmasistudiet har praktiske øvingar. Du vil vere mykje på kjemilaboratoria, og du vil også ha laboratorieøvingar i biokjemi og i til dømes galenisk farmasi. I tillegg vil du ha til saman eit halvt års praksis på ein farmasøytisk arbeidsstad.
Gjennom farmasiutdanninga vil du få ein brei fagleg basis der du vil lære fag som kjemi, cellebiologi, fysiologi, anatomi og mikrobiologi. For å bli ein legemiddelekspert treng du også meir spesialiserte emne som farmakognosi, farmakologi og galenisk farmasi. Farmakognosi er læra om naturlegemiddel. I farmakologien lærer du om korleis legemiddel verker inn på kroppen. Emnet galenisk farmasi omhandlar teknologien bak den fysiske utforminga av legemiddelet: korleis ein lagar tablettar, injeksjonsvæsker og andre legemiddelformer.
I den siste delen av studiet vil du kunne velje ei fordjuping og spesialisering som fører fram til mastergrad. Det er mange spennande fagområde å velje mellom. Du kan velje tradisjonelle studieretningar innan farmasi som legemiddelkjemi, farmasøytisk biokjemi, farmakologi, samfunnsfarmasi og klinisk farmasi. Det er også mulig å velje områder som legemiddeløkonomi, akvatisk farmasi og global farmasi.

Profesjonsstudiet i farmasi kan sjå slik ut:
1. semester HAUST
-Ex. phil MOSEM
-Matematikk
-Samfunnsfarmasi I
2. semester
-Kjemi og energi
-Organisk kjemi
-Organisk syntese og analyse
3. semester
-Legemiddelkjemi
-Kjemisk termodynamikk
-Molekylær cellebiologi
4. semester
-Biokjemi
-Analytisk kjemi
-Farmakognosi
5. semester
-Farmasøytisk mikrobiologi
-Fysiologi og anatomi
-Farmakologi I
6. semester
-Galenisk farmasi
-Farmakologi II
7. semester
-Farmakologi III
-Samfunnsfarmasi II
-Rettleia praksis
8. semester
-Rettleia praksis
-Studierettningsfag
-Studierettningsfag
9. semester
-Studieretningsfag
-Masteroppgåve
10. semester
-Masteroppgåve

Vurdering / Eksamensformer

Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står skildra under kvart enkelt emne.

Yrkesvegar

Farmasi er læra om legemiddel og Profesjonsstudiet i farmasi gir grunnlag for autorisasjon som provisorfarmasøyt med ekspedisjonsrett for legemiddel og gifter på resept.
Farmasi er eit vidt fagområde som omfattar kjemiske, biologiske og spesialiserte farmasøytiske fag som samfunnsfarmasi og farmasøytisk teknologi. Yrkesrolla til dei fl este farmasøytar er knytt til utvikling, produksjon, kontroll og sal av legemiddel og omfattar forskning, rådgiving, undervisning og leiing av verksemder innan legemiddelområdet. Farmasøyten vil i framtida spele ei stadig viktigare rolle i det kliniske teamet rundt pasienten.

Delstudium i utlandet

Undervisinga i galenisk farmasi er lagt til University of East Anglia i 7. semester for alle studentar på profesjonsstudiet i farmasi. Avtalen med University of East Anglia gjeld til og med kull09, det er enno ikkje avklart for studentane som byrjar hausten 2010; kull10.

Oppstart

Haust

Programansvarleg

Senter for farmasi

Administrativt ansvarleg

Senter for farmasi.

Meir informasjon

Ønskjer du å vita meir, sjå www.uib.no/farmasi/ eller ta kontakt med studierettleiar.

E-post: studieveileder.farmasi@uib.no

Telefon: 55 58 54 49