Studieprogram: ÅRHF-SPLA Årsstudium i spansk språk og latinamerikastudier - Vår 2017




Mål og innhald

Faget har ei klår orientering mot Latin-Amerika og er såleis å rekne som eit språkstudium som tenderer mot eit områdestudium.

Studentane skal øve opp dei praktiske evnene i språket og få innsikt i moderne spansk språk. Dei skal òg vinne kunnskap om historie, litteratur, kultur og samfunn i dei spansktalande landa i Latin-Amerika.

Tilrådde forkunnskaper

Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på nivå med B2- eller C3-språk frå vidaregåande skule.

Undervisning

Undervisningsformene på emna i årsstudiet femner om førelesingar, gruppeundervisning og lærarstyrte kollokvier. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for dei einskilde emna.

Oppbygging av studiet


Fageining og spesialisering

Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium er bygd opp av disiplinar innan språk, litteratur, kultur og historie. Dei ulike disiplinane er gruppert i seks emne på 10 studiepoeng kvar:

Vår:
http://www.uib.no/nb/emne/SPLA107SPLA107 Spansk grammatikk I (10 stp)
http://www.uib.no/nb/emne/SPLA108SPLA108 Latinamerikansk litteratur I (10 stp)
http://www.uib.no/nb/emne/SPLA109SPLA109 Latinamerikansk historie (10 stp)

Haust:
http://www.uib.no/nb/emne/SPLA117SPLA117 Spansk grammatikk II (10 stp)
http://www.uib.no/nb/emne/SPLA118SPLA118 Latinamerikansk litteratur II (10 stp)
http://www.uib.no/nb/emne/SPLA119SPLA119 Kultur og samfunn i Latin-Amerika (10 stp)

 

Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium kan gå inn i ein bachelorgrad, anten som del av ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium eller som støttefag i bachelorgraden. Ei spesialisering i spansk språk og latinamerikastudium (grunnlag for opptak til masterstudium) skal, i tillegg til dei 60 studiepoenga på 100-nivå (årsstudiet), innehalde 30 studiepoeng på 200-nivå.

Vurdering / Eksamensformer

Sjå studieplanane for dei einskilde emna under 'Emneoversikt' på http://miside.uib.no

Oppstart

Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium startar opp kvart vårsemester, og det er såleis berre mogleg å søkje opptak til årsstudium i spansk med start om våren.

Det vert ikkje tilrådd at spanskstudentane startar på 100-nivåstudiet i spansk i haustsemesteret.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk, studierettleiar@if.uib.no