Studieprogram: ÅRHF-TYS Årsstudium i tysk - Vår 2017




Mål og innhald

Tyskstudiet skal øve opp den praktiske språkdugleiken (skriftleg og munnleg) til studentane og gi dei innsikt i tysk språk og dei tyskspråklege landa sin litteratur, kultur og samfunnsforhold. I språkdelen av studiet skal studenten tileigne seg kunnskapar om tysk grammatikk/språkstruktur i ei rekkje sentrale tema og få innsikt i tysk språkutvikling med hovudvekt på nyhøgtysk. Litteraturdelen omfattar ei generell innføring i tyskspråkleg litteraturhistorie og litterær analyse. I kulturdelen skal studenten vinne kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet legg vekt på å utvikle eit reflektert og sjølvstendig forhold til stoffet gjennom varierte skriftlege og munnlege øvingsoppgåver.

Tilrådde forkunnskaper

Det blir tilrådd at studentane har kunnskapar og dugleik i tysk som svarer til nivå II frå vidaregåande skule eller tilsvarande.

Undervisning

Undervisningstilbodet omfattar forelesingar, seminar og gruppeundervisning og føreset aktiv deltaking frå studentane. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for enkeltemna.

Fageining og spesialisering

Årsstudiet i tysk utgjer dei obligatoriske 60 studiepoenga på 100-nivået av ei spesialisering i tysk språk, litteratur og kultur. Studiet er sett saman av fire emne, kvart på 15 studiepoeng:

TYS111 Grunnemne i tysk språk I
TYS112 Tyskspråkleg kultur
TYS113 Grunnemne i tysk språk II
TYS114 Tyskspråkleg litteratur

Årsstudiet i tysk kan gå inn i ein bachelorgrad, anten som del av ei spesialisering i tysk eller som støttefag i bachelorgraden. Ei spesialisering i tysk skal, i tillegg til dei 60 studiepoenga på 100-nivå (årsstudiet), innehalde 30 studiepoeng på 200-nivå.

Vurdering / Eksamensformer

Sjå studieplanane for enkeltemna.

Yrkesvegar

Årstudiet i tysk kvalifiserer for undervisning innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig, til dømes informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd.

Oppstart

Årsstudiet i tysk startar opp kvart vårsemester.

Planforslag

Årsstudiet i tysk er eit fulltidsstudium, med undervisning og eksamen i to emne kvart semester. I første semester (vårsemesteret) tar studentane TYS111 Grunnemne i tysk språk I og TYS112 Tyskspråkleg kultur. I andre semester (haustsemesteret) tar studentane TYS113 Grunnemne i tysk språk II og TYS114 Tyskspråkleg litteratur.