ALLV252 gir studenten fordjupande innsikt i ei litteraturhistorisk epoke, eit litterært forfattarskap eller problemområde.
Emnet gir òg studentane djupare innsikt i litteraturvitskapleg metode og i litteraturvitskaplege problemstillingar gjennom sjølvstendig arbeid med ei skriftleg oppgåve, bacheloroppgåva. Instituttet tilbyr kvart semester undervisning i fleire tema, og studentane vel eitt av dei. Fordjupingstema varierer, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og av aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd i god tid før kvart semester.
Kunnskapar
Studenten har
Ferdigheiter:
Studenten kan
Generell kompetanse:
Studenten har
Undervisning blir gitt i form av seminartilbod som kan tilpassast fleire emne på 200- og 300-nivå; normalt omfang er på cirka 30 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Det er obligatorisk å møte til minimum to rettleiingar.
Tema for bacheloroppgåva skal fastsetjast i samråd med faglærar.
Eksamen består av to deler som kvar tel 50% av endeleg karakter:
Kandidatane må greie begge eksamensdelane i same semester. a
Pensum i det litterære særområdet omfattar ca. åtte verk. Av desse skal minst to vere av teoretisk karakter og minst seks skal vere skjønnlitterære. Eit utval på 100 sider litteraturteori tel som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eitt verk.
Instituttet gjer normalt framlegg til fullt spesifisert pensumliste. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. Studentar som gjer endringar i pensum må melda instituttet om dette på eige skjema med signatur frå emneansvarleg. Skjema og opplysningar om innleveringsfristar blir publiserte på Mitt UiB ved semesterstart.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no