Kurset gjer ei grunnleggande innføring norske virveldyr si historie i Norge - frå forrige mellomistid til moderne tid. Kunnskapen om denne historia er basert på den store samlinga av sub-fossile bein (frå arkeologiske og naturvitskaplege utgravingarr) som fins ved Universitetsmuseet i Bergen.
Etter fullført eksamen skal studenten:
- Ha grunnleggande kunnskap om bein si oppbygging og dei enkelte beinslaga sin morfologi.
- Ha grunnleggande kunnskap om skjelettet hos fisk, fugl og pattedyr.
- Ha kunnskap om dei ulike osteologiske metodar som nyttast for å undersøke individuell alder, kjønn, form, storleik og patologi.
- Ha kunnskap om dei viktigaste naturlege og kulturelle faktorar som har påverka vertebratfaunaen si utvikling i Norge.
- Ha grunnleggande kunnskap om vertebratane si innvandrings- og utbreiingshistorie i Norge.
- Vere i stand til, ved hjelp av komparativt materiale, å identifisere sub-fossile bein til beinslag og art.
- Ha kunnskap om dei ulike kjemiske, biokjemiske og fysiske metodar som nyttast i analyser av sub-fossile beinmaterialar.
- Vere i stand til å analysere eit mindre sub-fossilt beinmateriale og presentere resultata i en skriftleg rapport.