Emner: BIODID200-P Biologididaktikk - Høst 2017
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust og vår. Fyrste gong hausten 2012
Mål og innhald
Biologi som fag og biologien si historie
Frå læreplan til undervisning i biologi
Etiske og kontroversielle problemstillingar i biologi og biologiundervisning
Arbeidsmåtar og oppgåvetypar i biologiundervisning
Vurdering av kunnskapar, prestasjonar og ferdigheiter hos elevar i biologi
Læring i eit biologisk og evolusjonært perspektiv.
Læringsutbyte
Studentane skal kunne
- kjenne viktige trekk av utviklinga av biologi som vitskap og kunne bruke dette i undervisning i faget
- analysere læreplanen i biologi og velje relevante arbeidsmåtar og oppgåvetypar i forhold til kompetansemåla som læreplanen beskriv
- reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i kontroversielle tema i biologi
- leggje til rette for varierte arbeidsmåtar slik at elevane får erfaring med eit breitt spekter av biologifaget
- vurdere kunnskapar og ferdigheiter hos elevane systematisk og i forhold til kompetansemåla i læreplanen
- diskutere læring i eit biologisk og evolusjonært perspektiv
- drøfte, eksemplifisere og bruke omgrep frå utvalde emne i realfagsdidaktikk i biologi. Desse emna omfattar til dømes vurdering og læringsstrategiar.
-
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett på PPU
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Biologididaktikk 18 timer forelesning
Realfagdidaktikk 10 timer forelesning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Bestått rettleia praksis i skolen
2 munnlege framleggingar (gyldig i to semester; inneverande og påfølgjande)
1 skriftleg oppgåve (gyldig i to semester; inneverande og påfølgjande)
Vurderingsformer
Skriftleg oppgåve knytt til forelesingane i realfagsdidaktikk (tel 25 % av samla karakter). Må vere bestått for å kunne bestå emnet.
Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen (tel 75 % av samla karakter)
I PPU 2. semester tar ein to fagdidaktikkemne. Ein skal ha prosjektoppgave i det eine emnet og munnleg eksamen i det andre.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studiekonsulent for lærarutdanninga ved MN, studieveileder.laerer@mnfa.uib.no
Institutt
Institutt for biologi