Emner: BMED381 Biomedisinsk ernæringsfysiologi - Vår 2017




Studiepoeng

5.0

Undervisningsspråk

 Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Cella og kroppen sin fysiologi vert styrt av arv og miljø. Human ernæring, det vil seie det me et, utgjer ei viktig form for miljøeksponering, og dei enkelte næringsstoffa fører til regulering av ulike mekanismar på celle- og organismenivå. Dei fysiologiske effektane er i stor grad ein respons på den totale samansetjinga av ulike næringsstoff i kosten vår. I tillegg er maten hovudkjelda for eksponering av stabile miljøgifter som vert konsentrert oppover i næringskjeda.

Nyare forsking har vist at miljøet kan påverke genreguleringa gjennom langt fleire mekanismar enn skildra med tradisjonell genetikk. Næringsstoff har difor stor tyding for utviklinga av livsstilssjukdomar som fedme, diabetes og atherosklerose. Utviklinga til ein slik patologisk tilstand kan observerast gjennom endringar i signalmekanismar og funksjonar til cella, med konsekvensar for fleire fysiologiske eigenskapar.

Emne skal gje ei forskingsbasert innføring i biomedisinske tema (biokjemi, molekylærbiologi, cellebiologi, fysiologi) knytt til human ernæringsfysiologi. Med fokus på område som metabolisme, signalveier og genregulering vil ein forklara grunnleggjande mekanismar som involverer og vert påverka av næringsstoff og deira samansetjing i dietten. Vidare vil ein kome inn på bakgrunn for livsstilssjukdomar, genetiske sjukdomar, og effekten av kontaminantar.

Målet med emnet er at studentane sjølve skal evne å evaluera effekten av næringsstoff på eit cellebiologisk og fysiologisk nivå og setje dette inn i ein større vitskapleg samanheng med omsyn til sjukdom og helse.

Den sjølvstendige oppgåva som omfattar skriving av en essay og en posterpresentasjon, skal ta opp nye relevante problemstillingar med omsyn til ernæring og livsstilsjukdommar forankra i eit forskingsmiljø ved UiB, gjerne den gruppa kor kandidaten skal gjennomføra masterprosjektet sitt. Dersom masteroppgåve ikkje er avtalt kan ein nytte ei forskingsgruppe ved Institutt for biomedisin. Problemstilling skal ikkje være direkte knytt til framtidig masteroppgåve og vert definert av gruppeleiar i samsvar med emneansvarleg.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Biologi, biokjemi, molekylærbiologi, cellebiologi, ernæringsfysiologi eller tilsvarande på bachelornivå, helst avslutta med grad.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar (ca. 10 x 2 timar) med fokus på aktuelle tema innan biomedisinsk ernæringsfysiologi.

Studentleia kollokvier som skal vera førebuing til førelesningar.

Ei sjølvstendig oppgåve basert på forskingslitteratur skal skrivast etter oppgitt mal. Oppgåva skal også presenterast for resten av deltakarane som poster og det er den avsluttande eksamineringa av kurset.

Undervisinga vert heldt på Institutt for biomedisin.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar og kurs, godkjent sjølvstendig oppgåve med presentasjon.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen som posterpresentasjon basert på innlevert sjølvstendig oppgåve.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontaktinformasjon

studie@biomed.uib.no / +47 55 58 64 39/40

 

Emneansvarleg:

Tanja Kögel, http://www.uib.no/personer/Tanja.Køgel