Fagdidaktikk i engelsk inngår som ein del av universitetet si engelsklærarutdanning og er ei vidareføring av modul 1. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i engelsk hjå elevane og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.
Eit grunnleggjande spørsmål er korleis engelskfagleg kunnskap kan verte utvikla og relatert til det å vere engelsklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eiga språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å tilretteleggje for språklæring hjå elevane.
Studiet er organisert slik at ein har noka undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein sams kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på sams dannings-målsetjingar for språkfaga i skolen.
Studiet er sett saman av fire målområde som inngår i båe modulane:
- Faget sitt potensial og utvikling
- Teoriar om kommunikasjon, kultur og sjanger
- Planlegging av undervisning og tilrettelegging for læring
- Rettleiing og vurdering
Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i engelsk.
Studentane skal:
¿ kunne vurdere engelskundervisning med omsyn til nasjonale læreplanar og elevane sine ulike læringsmåtar
¿ ha utvikla evne til å planleggje og gjennomføre tilrettelegging av læringssituasjonar som er formålstenlege for den einskilde elev si språklæring og dei mål som er nedfelte i læreplanane
¿ ha utvikla evne til å støtte elevane i arbeidet med å lære engelsk og lære å lære
¿ kunne vurdere elevane si læring i engelsk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse
- om lag 20 timar førelesingar
- rettleiing
Vurderingsforma er eit val mellom ein rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Ved oppmelding vel ein eksamensform slik at studenten tek munnleg eksamen i det eine fagdidaktiske emnet sitt og rettleidd oppgåve i det andre. Det er høve til å byte vurderingsform i dei to emna. Frist for å byte vurderingsform vil verte kunngjord ved semesterstart.
Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåve) skal ha eit omfang på om lag 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna.
Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten gjere ferdig ein disposisjon for presentasjonsdelen (eventuelt ein Power Pointpresentasjon) og ein omarbeidd versjon av den obligatoriske oppgåva 48 timar før eksamen. Den omarbeidde versjonen syner noko av arbeidsprosessen til studenten men skal ikkje vurderast på nytt. Studenten får 15 minutt av totalt 30 til presentasjonen sin.
Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til faget sitt læringsmål. Av desse er eit utval sams for språkfaga.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.