Emner: DIDAFRAN2 Fransk didaktikk 2 - Vår 2017




Studiepoeng

7.5

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor eller master

Undervisningsspråk

Fransk og norsk

Undervisningssemester

Vår

 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagdidaktikk i fransk inngår som ein del av universitetet sin fransklærarutdanning. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i fransk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis franskfagleg kunnskap kan verta utvikla og relatert til det å vere fransklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.

Når det er mogleg, er studiet organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskapsteoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er felles for språkfaga i skolen.

 

Studiet består av fire målområde:

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i franskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje alle elevane si læring i fransk.

 

Studentane skal:

Krav til forkunnskapar

Fagdidaktikk i fransk byggjer på Fagdidaktikk i fransk 1 Didafran1 (+ ein bachelorgrad der fransk inngår på minst 100-nivå.)

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- om lag 24 timar førelesingar

- Rettleiing og skolebesøk

 

Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar:

 

Det er obligatorisk frammøte på minst 75% av undervisningane , og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

Eksamensforma er en rettleidd prosjektoppgåveeller ein munnleg eksamen med utgangspunkt i digital prosessmappe. Eksamensspråk er norsk eller fransk.

Prosjektoppgåva skal ha eit omfang på ca 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

Den munnlege eksamen varar om lag 30 minutt.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga. Resten er fagspesifikk. Av dette skal studenten foreslå eit visst tal sider i samråd med faglærar. Pensumlista skal godkjennast av faglærar innan et fastsett tidspunkt.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

mailto:studieveileder@if.uib.nomailto:studieveileder@if.uib.no

mailto:studieveileder@if.uib.nostudieveileder@if.uib.no