Emner: DIDAGEO2 Geografididaktikk 2 - Høst 2017
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen og praksis ved ein skule i Bergensområdet.
Mål og innhald
Skulefaget geografi tek føre seg natur og samfunn i eit romleg perspektiv og endringar over tid.
Studiet i fagdidaktikk for geografi tar sikte på å gjere studentane skikka til undervisning i geografi i grunnskule og vidaregåande skule. Studiet tar utgangspunkt i ulike geografiemne av både naturfagleg og samfunnsfagleg karakter og ser ofte desse i samanheng. Studiet vektlegg både legitimering av skulefaget, vurderingar og val av innhald i faget og ulike metodar som kan bidra til læring av geografi.
Sentralt i faget står bruk av kart både i papirbasert og elektronisk form. Studiet i geografididaktikk skal også gjere lærarane vakne for geografirelaterte hendingar og i stand til å møte og bruke endringane og utviklinga i vår omskiftelege verd.
Læringsmål
Studenten skal:
- nyttiggjere seg det romlege perspektiv i planlegging, tilrettelegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- gjere greie for, prøve ut og reflektere over ulike måtar elevane kan trekkjast med i planlegging, val av arbeidsmåtar og vurdering av undervisninga
- bruke og vurdere hensiktsmessige og varierte arbeidsformer med utgangspunkt i læreplanverk, lærestoff og elevane sine behov, føresetnader og interesser
- praktisere bruk av lokalmiljøet og lokalsamfunnet i og utanfor klasserommet
- bruke varierte former for rettleiing i og vurdering av geografiundervisninga, også ved bruk av mapper og IKT
- stimulere elevane sine evner til å reflektere over eige læringsarbeid i geografi
- gjere greie for korleis kompetansemål i faget som kunnskapar, ferdigheiter og haldningar kan klassifiserast i taksonomiar, og bruke desse på elevane sine arbeid med tanke på utvikling av elevane sin heilskaplege kompetanse
- kjenne til vurderings- og eksamensordningar i dei ulike skuleslaga, kunne lage oppgåver i tråd med desse og bruke relevante arbeidsformer i det daglege arbeidet
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:
- gjere greie for geografifaga sin eigenart og utvikling som forskingsfag, studiefag og skulefag
- drøfte fordelar og ulemper ved eit skulefag som hentar innhald og metodar både frå naturgeografi og samfunnsgeografi
- grunngje geografifaget sin plass som obligatorisk og valbart skulefag og samfunnsfag
- forklare og grunngje geografifaget som eit demokratibyggjande fag
- gjere greie for relevansen av romleg og geografisk bevisstheit i samfunnet
- analysere og vere bevisst geografilæraren si rolle i skulekvardagen og i samfunnet
Krav til forkunnskapar
Geografididaktikk 2 (DIDAGEO2) byggjer på bacheloreksamen eller mastergradseksamen der geografi inngår på minst 100-nivå, Geografididaktikk 1 (DIDAGEO1), Pedagogikk første semester (PEDA1) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.
Krav til studierett
Kurset er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.
1 førelesingar, seminar, øvingar á 2 timer pr. veke. Totalt 20 timer
Veker totalt: 10
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ingen obligatoriske aktiviteter i DIDAGEO 2
Vurderingsformer
Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Ved oppmelding skal det veljast eksamensform slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er høve til å bytte eksamensform i dei to emna. Frist for å bytte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Pensum tilsvarer omlag 375 sider
Emneevaluering
Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskaplege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi v/ Odd Inge Steen: Odd.Steen@geog.uib.no eller Studieveileder@geog.uib.no