Emner: DIDAGEO2 Geografididaktikk 2 - Vår 2017




Studiepoeng

7.5

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og praksis ved ein skule i Bergensområdet.

Mål og innhald

Skulefaget geografi tek føre seg natur og samfunn i eit romleg perspektiv og endringar over tid. Faget arbeider med lokalisering og utbreiing på jorda av naturlege og menneskeskapte fenomen og prosessar. I geografi drøftar og forklarer vi samfunnet i skjeringspunktet mellom menneske og natur og gir oversikt over livsvilkår, levevis og levekår på jorda.

 

Studiet i fagdidaktikk for geografi tar sikte på å gjere studentane skikka til undervisning i geografi i grunnskule og vidaregåande skule. Studiet tar utgangspunkt i ulike geografifag av både naturfagleg og samfunnsfagleg karakter og ser ofte desse i samanheng. Studiet vektlegg både legitimering av skulefaget, vurderingar og val av innhald i faget og ulike metodar som kan bidra til læring av geografi.

 

Sentralt i faget står bruk av kart både i papirbasert og elektronisk form. Studiet i geografididaktikk skal også gjere lærarane vakne for geografirelaterte hendingar og i stand til å møte og bruke endringane og utviklinga i vår omskiftelege verd.

Kunnskapar, ferdigheiter og haldningar erverva av geografiundervisninga til elevar i skulen skal bidra til at dei tar på seg roller som aktive samfunnsmedlem. Dette vil prege den rolla læraren har i faget, ei rolle som ein demokratisk og aktivitetsorientert lærar.

 

Læringsmål

Studenten skal:

 

 

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:

 

 

 

 

 

Krav til forkunnskapar

Geografididaktikk 2 (DIDAGEO2) byggjer på bacheloreksamen eller mastergradseksamen der geografi inngår på minst 100-nivå, Geografididaktikk 1 (DIDAGEO1), Pedagogikk første semester (PEDA1) samt bestått praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Krav til studierett

Kurset er reservert studentar tatt opp på eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

1 førelesingar, seminar, øvingar á 2 timer pr. veke. Totalt 20 timer

Veker totalt: 10

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske aktiviteter i DIDAGEO 2

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Ved oppmelding skal det veljast eksamensform slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er høve til å bytte eksamensform i dei to emna. Frist for å bytte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum tilsvarer omlag 375 sider

Emneevaluering

Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskaplege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi v/ Odd Inge Steen: Odd.Steen@geog.uib.no eller Studieveileder@geog.uib.no