Emner: DIDAITAL2 Italienskdidaktikk 2 - Høst 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

 

 

Undervisningsspråk

Italiensk og norsk

 

Undervisningssemester

Vår

 

 

Undervisningsstad

Bergen 

 

Mål og innhald

Fagdidaktikk i italiensk inngår som ein del av italiensklærarutdanninga på universitetet.

Sentralt i emnet er spørsmål knytte til korleis ein som italiensklærar kan leggje til rette for alle elevar si italiensklæring. Eit grunnleggjande spørsmål er kva det vil seie å kunne italiensk i dagens samfunn. Særs viktig er det å utvikle innsikt i læring i italiensk som mangfaldige og individuelle prosessar.

Studiet er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga. Slik vil ein vise fram ein kunnskapsteoretisk samanheng for alle språkfaga og tydeleggjere felles danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.

Studiet inneheld fire målområde:

- Faget si eigenart og utvikling

- Teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring

- Det å leggje til rette for italiensklæring og utvikling av elevane si innsikt i eiga læring

- Lærarstøtte og vurdering

 

 

 

 

 

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i italienskfaget sitt kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i italiensk.

Studentane skal:

kunne vurdere elevane si læring i italiensk både med omsyn til prosess og sluttkompetanse.

 

 

Krav til forkunnskapar

Italienskdidaktikk 1 (http://www.uib.no/emne/DIDAITAL1DIDAITAL1), Pedagogikk første semester (PEDA1) samt greidd praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

 

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.

 

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fagdidaktikken skal relaterast både til praksis i skolen og til fagstudiet.

Undervisninga blir organisert som førelesingar, seminar og verkstadsorientert arbeid. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekster. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon av og / eller framlegging av eigne arbeid.

Studentane får tilbakemelding frå medstudentar og rettleiing frå lærarar på arbeida sine.

Førelesing 18 timar

Seminar 6 timar

Totalt 24 timar

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i italiensk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført minst 2 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av obligatoriske aktivitetar vil gå fram av semesterplanar

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleidd oppgåve eller ein munnleg eksamen, båe med utgangspunkt i digital prosessmappe.

Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Den munnlege eksamen varer i om lag 30 minutt.

Vurderingsforma er eit val mellom ein rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Ved oppmelding vel ein eksamensform slik at studenten tek munnleg eksamen i det eine fagdidaktiske emnet sitt og rettleidd oppgåve i det andre. Det er høve til å byte vurderingsform i dei to emna. Frist for å byte vurderingsform vil verte kunngjord ved semesterstart.

 

Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåve) skal ha eit omfang på om lag 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna.

 

Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten gjere ferdig ein disposisjon for presentasjonsdelen (eventuelt ein Power Pointpresentasjon) og ein omarbeidd versjon av den obligatoriske oppgåva 48 timar før eksamen. Den omarbeidde versjonen syner noko av arbeidsprosessen til studenten men skal ikkje vurderast på nytt. Studenten får 15 minutt av totalt 30 til presentasjonen sin.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

 

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til fagets læringsmål. Av desse er eit utval sams for språkfaga. Studentane kan i samråd med faglærar velje eit visst tal sider knytte til mappeoppgåva.

 

Pensum under "felles språkdidaktikk" er felles for alle språkfag. Studentar som berre har eitt språkfag (italiensk) les tekstar merka med stjerne (med *). Studentar som har to språkfag (italiensk + norsk eller eit framandspråk), les alle tekstane under "felles språkdidaktikk" (både med og utan *).

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem..  

 

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no