Emner: DIDANOR2 Norskdidaktikk 2 - Vår 2017




Studiepoeng

7.5

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Norskdidaktikk 2 (DIDANOR2) inngår som ein del av norsklærarutdanninga på universitetet og er ei vidareføring av Norskdidaktikk 1 (DIDANOR1).

 

Grunnleggjande spørsmål i norsk fagdidaktikk er kva norskfagleg kunnskap er, korleis slik kunnskap vert utvikla, og kvifor slik kunnskap er viktig å utvikle i samfunnet vårt. Det blir lagt vekt på å få fram korleis faget målber viktige danningsmål i samfunnet og korleis den plassen faget har i det totale danningsprosjektet til skolen, har endra seg gjennom skolehistoria. Eit sentralt spørsmål er også korleis norskfagleg kunnskap kan utviklast i høve til ulike elevgrupper på ulike nivå og i ulike skoleslag og studieretningar. Refleksjon rundt slike spørsmål er naudsynt når ein norsklærar skal planleggje og gjennomføre god undervisning og kunne møte uføresette situasjonar i klasserommet på ein profesjonell måte.

Fagdidaktikk i norsk er organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga. Slik vil ein vise fram ein sams kunnskapsteoretisk samanheng mellom alle språk- og kulturfag og tydeleggjere likelydande danningsmålsetjingar for språkfaga i skulen.

 

Studiet har fire målområde: - Norskfagleg sjølvforståing og danningshistorie - Sjanger og skriveopplæring - Rettleiing og vurdering av munnleg og skriftleg tekst - Litteraturdidaktikk, språk- og teksthistorie

 

Gjennom studiet skal studentane stimulerast til å ta i bruk heile den basisfaglege kompetansen i språk og litteratur som ressurs i undervisninga, ikkje berre som innhaldsressurs, men òg som didaktisk instrument.

 

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle eit fagsyn. Det vil seie at dei

-kan konkretisere målsetjingane i norskfaget på ein sjølvstendig måte med utgangspunkt i fagleg kunnskap, forståing for kultur- og danningspotensial i faget og kunnskap om den funksjonen faget har hatt i samfunnet i fortid og notid.

- skal utvikle evne til å reflektere over og vurdere eiga undervisning for å kunne fornye og utvikle den fagdidaktiske kompetansen i norsk,

-skal kunne skape vilkår for å utvikle ein klasseromskultur som fremjar norskfagleg læring og utvikling hos elevane,

-skal kunne tileigne seg fagdidaktisk kunnskap for å analysere og tolke ulike slag tekster som vert produserte i norskundervisninga, både klasseromstekster, og individuelle elevtekster, for å skaffe seg innsikt i korleis elevane lærer,

-skal utvikle kompetanse til å kunne vurdere lærebøker og andre læremiddel i norsk, og utvikle forståing for korleis ulike arbeidsformer og læremiddel heng saman med den språklege utviklinga og læringa til elevane.

 

Krav til forkunnskapar

Norskdidaktikk 2 (DIDANOR2) byggjer på DIDANOR1, Pedagogikk første semester (PEDA1), greidd praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg føreset ein eit faggrunnlag som tilsvarar minst 100-nivå i nordisk språk og litteratur.

 

 

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

 

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- Minst 20 timar førelesingar

 

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

-Obligatorisk rettleiing dersom ein vel prosjektoppgåve

-Mappeoppgåve dersom ein vel munnleg eksamen (jf. nedanfor)

 

 

Vurderingsformer

Eksamensforma er val mellom prosjektoppgåve med rettleiing og munnleg eksamen basert på ei digital mappe.

Prosjektoppgåva har eit omfang på ca 5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Det ligg føre eigne retningsliner for krav til prosjektoppgåva (sjå desse).

Vel studenten munnleg eksamen, skal han ha stilt ferdig ei digital mappe 96 timer før eksamen som sensor og eksaminator kan lese. Tekstene i mappa skal reflektere sentrale, fagdidaktiske problemstillingar frå pensum og praksis. Studenten får 15 min. av totalt 30 min. til å presentere innhaldet i mappa. Som ved alle skriftlege eksamenar i nordisk blir rett og god språkføring vektlagd. Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa i byrjinga av semestret. Prosjektoppgåva skal leverast etter retningslinjer gjeve på Mitt UiB.

 

 

 

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 400 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval tekstar sams for alle språkfaga.

 

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.no Tlf: 55 58 24 00