Norsk
Fagdidaktikken handlar om kva eit skulefag er, har vore og kan vere og korleis læraren kan
presentere og planleggje faget slik at elever med ulike føresetnader og behov kan tileigne seg faget
sitt kunnskapstilfang innanfor dei ramane som skulen er underlagt. Dette føreset at læraren har
solide kunnskapar og dugleikar innanfor det fagdidaktiske feltet.
Samfunnskunnskapsdidaktikk hentar sine perspektiv dels frå dei samfunnsvitskaplege faga, dels frå
pedagogikk og dels frå det tankegodset som læreplanane er tufta på. Det handlar om kunnskapar og
dugleikar som elevane treng for å kunne fungere i samfunnslivet, men også om kunnskapar og
dugleikar som legg grunnlaget for vidare studiar.
Undervisninga i DIDASAK2 skal bidra til å vidareutvikle studentane sin evne til kritisk refleksjon
omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål.
Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar sine kunnskapar om og i fag, samt lærer å
planleggje, gjennomføre og vurdere kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og
læringsresultat.
Kunnskaper
Studenten har inngående kunnskapar om
Ferdigheiter
Studenten kan:
Generell kompetanse
Studenten
Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 (DIDASAK2) byggjer samfunnskunnskapsdidaktikk 1 (DIDASAK1) og
Pedagogikk første semester (PEDA1), samt greidd praksis frå første semester med praktiskpedagogisk
utdanning.
Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.
Undervisninga vert organisert som førelesningar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte periodar før og etter praksis. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekster. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.
Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen. Ved oppmelding veljast eksamensform slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er muligheit til å bytte eksamensform i dei to emna. Frist for å bytte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.
Pensum tilsvarer ca. 375 sider
Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskaplege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Postboks 7802, 5020 Bergen
studieveileder@svfa.uib.no