Emner: DIDASPA2 Spanskdidaktikk 2 - Høst 2017




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningsspråk

Spansk og norsk

Undervisningssemester

Vår

 

Undervisningsstad

 

Mål og innhald

Fagdidaktikk i spansk inngår som ein del av spansklærarutdanninga ved universitetet.

Spanskdidaktikk 2 (DIDASPA2) er ei vidareføring av Spanskdidaktikk 1 (DIDASPA1).

Sentralt i emnet er spørsmål knytte til korleis spanskfagleg kunnskap kan verte utvikla og relatert til det å vere spansklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for eigen språkkompetanse og innsikt i språket, og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæring.

Eit grunnleggjande spørsmål er kva det vil seie å kunne spansk i dagens samfunn.

Spesielt viktig er det å utvikle innsikt i læring i spansk som mangfaldige og individuelle prosessar.

 

Når det er mogleg, er studiet organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskapsteoretisk samanheng og danningsmålsetjingar for språkfaga i skolen.

 

Studiet er sett saman av fire målområde:

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i spanskfaget sitt kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngiving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i spansk.

 

 

Krav til forkunnskapar

Fagdidaktikk i spansk byggjer på Spanskdidaktikk 1 DIDASPA 1 (+ ein bachelorgrad der spansk inngår på minst 100-nivå.)

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- om lag 24 timar førelesingar

- rettleiing

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Undervisninga er både nettbasert og i form av førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar:

Det er obligatorisk frammøte på minst 75 % av undervisinga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleidd prosjektoppgåve eller ein munnleg eksamen med utgangspunkt i digital prosessmappe. Eksamensspråk er norsk eller spansk.

Prosjektoppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna.

Den munnlege eksamenen varer om lag 30 minutt.

Kandidaten må levere ei sterkt omarbeidd oppgåve dersom ein skal levere på nytt i same emne.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga. Resten er fagspesifikk. Av dette skal studenten leggje fram eit visst tal sider i samråd med faglærar. Pensumlista skal godkjennast av faglærar innan eit fastsett tidspunkt.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon