Fagdidaktikk i tysk inngår som ein del av tysklærerutdanninga ved universitetet. Tyskdidaktikk 2 (DIDATYS2) er ei vidareføring av Tyskdidaktikk 1 (DIDATYS1).
Sentralt i Tyskdidaktikk 2 er spørsmål knytte til korleis ein som tysklærar kan leggje til rette for tysklæringa til alle elevar.
Studiet inneheld fire målområde:
¿ Faget sin eigenart og utvikling
¿ Teoriar om kommunikasjon og språklæring
¿ Tilrettelegging for tysklæring og utvikling av elevar si innsikt i eiga læring
¿ Lærarstøtte og vurdering
Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i tyskfaget sitt kultur- og danningspotensial og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om kommunikasjon og språklæring og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i tysk.
Studentane skal:
- om lag 22 timar førelesingar
- rettleiing
Undervisninga er både nettbasert og i form av førelesingar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
For å kunne gå opp til eksamen i tysk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar.
1. Munnleg presentasjon og drøfting av tyskdidaktisk artikkel.
2. Presentasjon av eige forskingsprosjekt knytt til praksis.
3. Skriftleg arbeid som drøftar ei tyskdidaktisk problemstilling.
Vurderingsforma er anten ei rettleidd oppgåve som drøftar studenten sitt forskingsprosjekt i praksisperioden eller ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten kort presentere forskingsprosjektet sitt og deretter svare på spørsmål knytte til pensum i tysk fagdidaktikk.
Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Den munnlege eksamen er på ca 30 minutt. Eksamensspråket er norsk eller tysk.