Emner: ECON130 Makroøkonomi I - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målsetjinga med kurset er å gi studentane ei innføring i makroøkonomiskeomgrep og samanhengar.

Kurset tar til med ei innføring i makroøkonomiske omgrep som nasjonalprodukt, privat og offentleg konsum, sparing, investering, eksport og import. Det vert lagt vekt på å vise korleis desse storleikane kan målast, bestemmast og står i høve til kvarandre. Vidare vil ein gå igjennom teorien for korleis sentrale målstorleikar, t.d. arbeidsløyse, inflasjon og rentenivå, kan påverkast ved hjelp av offentleg finans- og pengepolitikk.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ECON140 / MAT101.

Kan lesast parallelt med ECON140.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar. Seminarundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi må delta på obligatoriske seminar og levere to obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Obligatorisk oppgåve og arbeidskrav er gyldig i inneverande og dei tre følgjande semestera.

Vurderingsformer

Skriftleg 4 timar eksamen.

 

Tillatne hjelpemiddel til eksamen:

Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck, formelsamling i matematikk av Utdanningsdirektoratet og kalkulator. Berre følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:

Alle modellar av typane:

¿ Casio FX-82

¿ Hewlett-Packard HP30

¿ Texas instruments TI-30

Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.

 

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Alle emner ved Institutt for økonomi vert evaluert kvart undervisningssemester.

Kontaktinformasjon

Institutt for økonomi

E-post: studieveileder@econ.uib.no

Tlf: 55 58 92 26