Emner: ENG222 Engelskspråklig litteratur og kultur - Høst 2017




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

Engelsk 

Undervisningssemester

Vår og haust 
Hausten 2017 er siste semester det blir undervisning i emnet om hausten. Frå og med våren 2018 vil emnet ha med undervisning kun om våren.

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG222 (skoleeksamen) eller ENG262 (semesteroppgåve).

Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.

Studiet skal gi utvida kunnskap om litteraturen og/eller kulturen i engelskspråklege land, og øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjera studentane god i skriftleg og munnleg engelsk.

Studentar med spesialisering i litteratur tar i tillegg til ENG222

- ENG264 (semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur) og

- eit av lingvistikkemna ENG221 eller ENG223.

 

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på

- har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt

Dugleikar

Studenten

- er i stand til å reflektera kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser

 

Generell kompetanse

Studenten

- kan uttrykkja seg akademisk korrekt på skriftleg og munnleg engelsk

 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav til forkunnskapar; sjå tilrådde forkunnskapar. 

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språk og kommunikasjon. Dessutan bør dei ha fullført ENG101, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108, ENG109, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Student should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: opp til 24 timer (normalt 2 timer i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skoleeksamen.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Det blir arrangert eksamen kvart semester, på slutten av semesteret.

Hausten 2017 er siste semester det blir arrangert eksamen på slutten av haustsemester. Frå og med våren 2018 blir det arrangert eksamen på slutten av vårsemesteret og utsett eksamen midt i haustsemesteret.

Litteraturliste

Pensumet (tilsvarande 5-6 verk) kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no