Bergen
I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG223 (skoleeksamen) eller ENG263 (semesteroppgave).
Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentene til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildra moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.
ENG223 er et valgfritt emne i spesialiseringen i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tar i tillegg til ENG223
- ENG261 (semesteroppgåve i språkhistorie) og
- eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.
Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten:
- har utvikla analytiske dugleikar og ei vitskapleg haldning til språket
- har utvikla ei grunnleggande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar
Dugleikar
Studenten:
- kan bruke lingvistiske metodar til å kasta lys over aspekt ved det engelske språket
Generell kompetanse
Studenten:
- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108, ENG109, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.
Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108 og ENG109 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen
For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Student should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Seminar: opp til 24 timer (normalt 2 timer i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.
Skoleeksamen kan bli digital.
Det blir arrangert eksamen kvart semester, på slutten av semesteret.
Hausten 2017 er siste semester det blir arrangert eksamen på slutten av haustsemester. Frå og med våren 2018 blir det arrangert eksamen på slutten av vårsemesteret og utsett eksamen midt i haustsemesteret.