Emner: ENG223 Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

Engelsk 

Undervisningssemester

Vår og haust 

Undervisningsstad

Bergen

 

Mål og innhald

I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG223 (skoleeksamen) eller ENG263 (semesteroppgave).

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentene til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildra moderne engelsk (Present- Day English) språk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.

 

ENG223 er et valgfritt emne i spesialiseringen i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tar i tillegg til ENG223

- ENG261 (semesteroppgåve i språkhistorie) og

- eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.

 

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

- har utvikla analytiske dugleikar og ei vitskapleg haldning til språket

- har utvikla ei grunnleggande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar

Dugleikar

Studenten:

- kan bruke lingvistiske metodar til å kasta lys over aspekt ved det engelske språket

Generell kompetanse

Studenten:

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

 

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG114, ENG115, ENG107, ENG108 og ENG109. 

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108, ENG109, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.

Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108 og ENG109 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen

For exchange students:

Qualified applicants have to pass a diagnostic test when arriving in Bergen (more information about the test will be sent to applicants by email).

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: opp til 24 timer (normalt 2 timer i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er ingen obligatoriske krav, men det blir gitt ei skriftleg oppgåve og ein vil råda til at studentane gjer oppgåva. 

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen kvart semester, på slutten av semesteret.

Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i moderne engelsk lingvistikk. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no