I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG224 (skoleeksamen) eller ENG264 (semesteroppgåve).
Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.
Studiet skal gi utvida kunnskap om litteraturen og/eller kulturen i engelskspråklege land, og øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjera studentane god i skriftleg og munnleg engelsk.
Studentar med spesialisering i litteratur tar i tillegg til ENG224
- ENG262 (semesteroppgave i engelskspråkleg litteratur og kultur) og
- eit av lingvistikkemna ENG221 eller ENG223.
Ved fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på
- har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt
Dugleikar
Studenten
- er i stand til å reflektera kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser
Generell kompetanse
Studenten
- kan uttrykkja seg akademisk korrekt på skriftleg og munnleg engelsk
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført ENG100 og EXFAC00SK Språk og kommunikasjon. Dessutan bør dei ha fullført ENG114, ENG115, ENG107, ENG108, ENG109, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.
For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen.
For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Student should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Seminar: opp til 24 timer (normalt 2 timer i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Ingen
Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.
Skoleeksamen kan bli digital.
Det blir arrangert eksamen kvart semester, på slutten av semesteret.
Hausten 2017 er siste semester det blir arrangert eksamen på slutten av haustsemester. Frå og med våren 2018 blir det arrangert eksamen på slutten av vårsemesteret og utsett eksamen midt i haustsemesteret.