I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG211 (skoleeksamen) eller ENG251 (semesteroppgåve).
Kurset har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i engelsk språkhistorie og moderne engelsk lingvistikk. Det skal også øva opp evna til reflektert og sjølvstendig analyse av språkvitskaplege spørsmål gjennom arbeidet med semesteroppgåva.
Den språkhistoriske delen av emnet er ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Den kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga, eller konsentrere seg om ein periode. Kurset kan omfatte språktekstar såvel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatte studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.
I moderne engelsk lingvistikk studerer ein teoriar og/eller metoder som kan nyttast til å skildre moderne engelsk (Present-Day English) språkbruk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.
Dei studentane som vel ENG251, skriv ei rettleidd semesteroppgåve i eit tema frå anten språkhistorie eller moderne engelsk lingvistikk. Tema vel dei i samråd med faglærar.
ENG251 eller ENG252 eller tilsvarande er ein obligatorisk del av spesialiseringa i engelsk. Studentar som tek to emne i engelsk på 200-nivå, vel anten emna ENG211 og ENG252 eller ENG212 og ENG251.
Ved fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har utvida kunnskap om engelsk språk i eit moderne og historisk perspektiv
- har innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt, og ei djupare forståing av mange av dei særtrekka som karakteriserer engelsk språk i dag
- har utvikla ei grunnleggande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar og har fått øving i å bruke lingvistiske metodar til å kasta lys over aspekt ved det engelske språket
Dugleikar
Studenten
- er rusta til å greia ut om og analysere engelsk språkbruk
- har utvikla analytiske dugleikar og ei vitskapleg haldning til språket
Generell kompetanse
Studenten
- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar og vist at dei er i stand til å gi ei god skriftleg og munnleg framstilling av fagområdet sitt på engelsk
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG101, ENG107, ENG108, ENG109, ENG122, ENG125 (ENG123/ENG124) eller tilsvarande. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane ha fullført EXPAC00SK Språk og kommunikasjon, ENG100, ENG101, ENG107, ENG108 og ENG109 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar).
For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
For exchange students:
In order to sign up for the course, you must provide the following documentation at the time of application for exchange at UiB:
Letter of motivation
In addition, qualified applicants have to pass a diagnostic test when arriving in Bergen (more information about the test will be sent to applicants by email).
Seminar:opp til 48 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Minimum to rettleiingsmøte er obligatoriske. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.
Eksamen i ENG251 blir arrangert kvart semester.
Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4-5000 ord (tilsvarande 12-15 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar.
I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i den rettleidde semesteroppgåva. Oppgåva må vere godkjent før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter.
Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel semesteroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet.
Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.