Emner: ENG261 Semesteroppgave i engelsk lingvistikk: språkhistorie - Vår 2017




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Undervisningsspråk

Engelsk 

Undervisningssemester

Vår og haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG261 (semesteroppgave) eller ENG221 (skoleeksamen).

Emnet gir ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk, og har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i engelsk språkhistorie. Kurset kan ta opp fleire av stadia i utviklinga av engelsk, eller konsentrera seg om ein periode. Dessuten kan kurset omfatta språkeksterne såvel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatta studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.

- ENG261 er et valgfritt emne i spesialiseringen i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tar i tillegg til ENG261

- ENG223 (moderne lingvistikk) og eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

- har utvida kunnskap om engelsk språk i eit historisk perspektiv

- har innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt

Dugleikar

Studenten:

- kan greia ut om og analysere engelsk språk i lys av historisk utvikling

Generell kompetanse

Studenten:

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk

 

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG114, ENG115, ENG107, ENG108 og ENG109. 

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108, ENG109, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.

Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108 og ENG109 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

 

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students:

Qualified applicants have to pass a diagnostic test when arriving in Bergen (more information about the test will be sent to applicants by email).

 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: opp til 24 timer (normalt 2 timer i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. To rettleiingsmøte er obligatoriske. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgande semesteret.

 

Vurderingsformer

Eksamen i ENG261 blir arrangert kvart semester. Regulær eksamen på slutten av undervisningssemesteret og utsatt eksamen midt i påfølgande semester.

Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4000-5000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. Ved eksamen i følgande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i den rettleidde semesteroppgåva. Oppgåva må vere godkjent før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter.

Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel semesteroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet.

Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk språkhistorie og primærtekster. 

Emneevaluering

 

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@uib.no