Ved fullført mastergrad:
Kunnskapar
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Studentane skal møte til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttstyrar.
Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva så tidleg som mogleg i andre semester. Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde semesteret.
Studentar skal som ledd i arbeidet med masteroppgåva halde og få godkjent tre innlegg ved eitt av instituttet sine Work-in-Progress-seminar for masterstudentar:
Det første innlegget er ei prosjektskisse som skal haldast i løpet av studenten sitt andre undervisningssemester innanfor frist satt av seminarleiar. Innlegg nummer to og tre skal haldast i 3. eller 4. semester. Ein ventar at studentane på ein aktiv måte tek del i seminarrekkja, både ved å presentere eigne innlegg og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva.
Kursdelen av masterstudiet må vere greidd før ein går opp til eksamen. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte slik at ein skal kunne møte til eksamen.
Endeleg mastergradseksamen (d.v.s. innlevering av masteroppgåva og justerande munnleg prøve) kan gjennomførast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.
Masteroppgåva skal skrivast på engelsk og vere på mellom 70 og 110 sider (talet på ord i oppgåva må vere mellom 25 900 og 40 700 ord).
Den munnlege prøva har tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren for masteroppgåva opp eller ned med ein karakter.