2 forelesingar i 6 veker
2 seminar i 2 (3) veker (talet på studentar avgjer), obligatorisk framlegging
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Eksamensforma er ein heimeeksamen på 7 dagar med oppgitt emne, ca 2500 ord. Oppgåva vert skriven på engelsk. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.
Studentar som er utanlands i semesteret har same eksamen som dei andre studentane med mindre det finst kompatible fagdidaktikkeiningar ved institusjonen dei oppheld seg ved.