Studentane skal kunne:
- drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring og kompetanseutvikling.
- undersøke læring i eige klasserom i engelskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg.
- rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kunne vurdere elevane sitt læringsutbytte.
- vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skolefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i samsvar med eige fagsyn.
- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet.
Forelesing: 2 timar i 8 veker
Seminar: 2 timar i 2 veker
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
For å kunne gå opp til eksamen må studentane
- ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer ein eller fleire pensumtekstar og drøftar han/dei i lys av eigne erfaringar og språksyn.
- ha levert eit førsteutkast til prosjektoppgåva
Eksamensforma er ei rettleia prosjektoppgåve der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.
Oppgåva vert skriven på engelsk.