Emner: FARM204 Samfunnsfarmasi II og veiledet praksis - Vår 2017




Studiepoeng

35.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Teoretisk undervising, 5 stp: haust, 7. semester

Praksis i apotek, 30 stp: vår, 8. semester

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Diverse apotek i Norge

Mål og innhald

Kurset byggjer på FARM103 Samfunnsfarmasi I, og utdjupar tema frå dette i tillegg til å ta inn nye.

Studentane skal få innsikt i farmasøytar si oppgåve med å identifisere, systematisere og løyse legemiddelrelaterte problem for den enkelte pasient. Vidare skal dei lære å bruke forskingsresultat som grunnlag for formidling av legemiddelinformasjon til ulike brukarar og kunne nytte legemiddelstatistikk og registerdata som middel til å oppnå rasjonell og økonomisk bruk av legemiddel. Gjennom å arbeide på ein farmasøytisk arbeidsplass, og ved å ha kontakt med legemiddelbrukarar og helsepersonell, skal studentane få praktisere fagleg vit og erverve seg kunnskap og ferdigheiter som berre kan lærast frå praksis.

Den teoretiske delen i haustsemesteret er dels ei utdjuping av tidlegare introduserte tema, dels nye tema som legemiddelepidemiologi, informasjonsvurdering og -omforming, formidling og leiing. Kurset består av førelesingar, seminar og praktiske øvingar. Det er komprimert og stiller store krav til aktiv deltaking frå studentane. Undervisinga skal førebu studentane på praksis og gje nyttige verktøy for å kunne medverke til legemiddelbruk av høg kvalitet både i og utanfor institusjonar.

Rettleia praksis på apotek (6 månader) er eit EU-krav for alle som vil verte farmasøytar. Her skal studentane praktisere innanfor trygge rammer, tileigne seg kunnskap og erfaring frå møtet med kundar og pasientar, tolke og praktisere lover og regelverk, utøve farmasøytisk og etisk skjønn og trene på å nytte alt dei har lært.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført dette emnet skal studentane kunne:

- sjølvstendig ekspedere reseptar og rettleie kundar om legemiddelbruk og eigenomsorg

- nytte forskjellige metodar i kommunikasjon med kundar og helsepersonell

- nytte sentrale lover og forskrifter som regulerer farmasifeltet

- diskutere eigen og andre sin praksis og val ut ifrå etiske prinsipp

- formulere eigne strategiar for leiing

- analysere epidemiologiske studiar og gjere greie for nytta omgrep

Krav til forkunnskapar

Emnet FARM103 (Samfunnsfarmasi I) må vere bestått for å ta del i undervisinga i FARM204 Samfunnsfarmasi II. Godkjent deltaking på Samfunnsfarmasi II er ein føresetnad for å få gå ut i praksis. Alle tidlegare emne i farmasistudiet må også vere bestått for å gå ut i rettleia praksis i apotek

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, rollespill, gruppearbeid, munnleg presentasjon, apotekpraksis, skriftlege innleveringar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på undervisinga og obligatorisk innlevering av oppgåver i tilknyting til undervisinga (gyldig 4 semester).

Rettleia praksis i apotek med innlevering av oppgåver er obligatorisk (gyldig 4 semester).

Både undervisinga i Samfunnsfarmasi II og rettleia praksis må vere godkjent for å få gå opp til avsluttande eksamen i emnet.

Vurderingsformer

OSCE-eksamen.

Tillatte hjelpemiddel på avsluttande eksamen er: enkel lommekalkulator. Eventuelle øvrige hjelepemidlar vil vere lagt fram i eksamenslokalet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert det nytta godkjend / ikkje godkjend.

 

Fagleg overlapp

FARM201 + FARM202 + FARM203: 35 SP

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Studentene skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Foreleser og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

e-post: mailto:studie@igs.uib.nostudie@igs.uib.no

 

Emneansvarlige:

Reidun L. S. Kjome - http://www.uib.no/personer/Reidun.Lisbet.Skeide.Kjomehttp://www.uib.no/personer/Reidun.Lisbet.Skeide.Kjome

og Lone Holst - http://www.uib.no/personer/Lone.Holsthttp://www.uib.no/personer/Lone.Holst

Institutt

Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for farmasi.